– Dei fødande treng omsorg og respekt

– Mindre teknologi og meir sunn fornuft er det som skal til for å betre fødselssituasjonen for kvinner i Afrika.

TANZANIA-NOREG: I tre år har Andrea Solnes Miltenburg vore observatør på fødestover i Tanzania. – Fleire kvinner låg i dagevis og venta utan å bli følgde opp. Dei føder på harde benker, utan madrasser, og med lite høve til å røre på seg under fødselen, seier Andrea Solnes Miltenburg. Foto: Ola Sæther

– Kor viktig er det til dømes å utvikle digital registrering av fosterforløpet, når jordmødrene manglar grunnleggjande kunnskap om korleis ein vanleg fødsel går føre seg? spør Andrea Solnes Miltenburg. I tre år har ho vore observatør på fødestovene i Tanzania.

Fleire føder på sjukehus

Graviditet er sjølvsagt ingen sjukdom. Verda over er det likevel eit ønskje at flest mogleg kvinner føder på sjukehus og får oppfølging av kvalifisert helsepersonell. Dei siste tiåra har vellykka kampanjar frå styresmaktene si side ført til at stadig fleire kvinner i Tanzania føder på sjukehus. Likevel er talet mødrer og spedbarn som døyr under fødsel, framleis høgt.

– Lenge har helsepersonellet vore trena i kriser og kompliserte fødslar. No når stadig fleire kvinner oppsøkjer sjukehusa for å føde, er det tydeleg at det knapt finst eit tilbod for kvinner som føder normalt utan komplikasjonar, seier Andrea Solnes Miltenburg.

Ho er utdanna lege og har lenge hatt interesse for mødrer sin situasjon i Afrika generelt og Tanzania spesielt. Dei tre siste åra har ho jobba frivillig på ulike klinikkar i Mwanza-regionen nord i landet, anten som ansvarleg lege eller saman med jordmødrer. Deltakande observasjon blei såleis ein viktig del av forskingsmetoden i doktorgradsprosjektet hennar. Solnes Miltenburg er knytt til forskingsprosjektet Kvalitet på fødselstjenester i Tanzania, leidd av professor Johanne Sundby på Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo.

Fødslar på samleband

Forskarane finn at legar og jordmødrer brukar tida si på pasientar med komplikasjonar, på bekostning av normale fødslar. Det auka talet kvinner som oppsøkjer sjukehus, fører også til underbemanning i forhold til talet på pasientar.

– Resultatet blir at enkelte komplikasjonar ikkje vert oppdaga i tide, men også at kvinner som ville hatt vanlege fødslar, blir overmedisinerte eller utsette for unødig skade. Det som trengst for å betre kvinnene sin situasjon, er rett og slett meir sunn fornuft og implementering av kunnskap frå elementær jordmorvitskap, seier Solnes Miltenburg.

Sjukehusa der ho har jobba har ein enkel standard, og ho fortel om fødslane som ein serie på eit samleband.

– Eg opplevde sjølv å ta imot sju barn på eit morgonskift på fem timar. Det seier seg sjølv at då får du korkje følgt opp kvinnene eller dokumentert godt nok.

Fødestilling frå kolonitida

Kvinnene føder på harde benker, utan madrassar. Ei typisk fødestove har fleire benker i same rom. Fødselen føregår som regel medan mora ligg på ryggen, i den såkalla europeiske fødestillinga importert under kolonitida.

– Kvinnene har avgrensa høve til å røre på seg under fødselen, og lite har forandra seg sidan kolonitida. Europeiske land har derimot hatt ei dramatisk utvikling i fødselssituasjonen i same tidsrom. Det gjeld mulegheitene til å kunne bevege seg under fødselen, men også kontinuerleg oppfølging frå jordmor, ein fødselspartnar og trygge omgivnader. Alt dette er essensielt for å sikre trygge og naturlege fødslar.

I Tanzania blir kvinner som kjem til sjukehuset utan at fødselen er i gang, viste til venterom.

– Fleire kvinner låg i dagevis og venta utan å bli følgde opp. Det medisinsk korrekte er å sjekke livmoropning, rier og fosterlyd jamleg, men i praksis vart kvinnene gjerne liggjande utan nokon som helst sjekk før fødselen var i gang.

Forskaren opplevde også at ei kvinne enda med å føde åleine på venterommet, fordi jordmødrene avviste henne. Dei meinte at fødselen umuleg kunne vere så nært i vente.

– Kvinnene må få betre oppfølging på sjukehuset. Og det er ikkje berre det medisinske aspektet som er viktig – kvinnene treng rett og slett omsorg.

Mangel på omsorg

Solnes Miltenburg viser til forsking som viser kor viktig omsorg er under fødselen.

– Utfallet hadde vore betre for mange kvinner om dei kunne tatt med seg mor eller søster, for då kunne dei avlasta jordmødrene litt. Men jordmødrene ønskjer sjølve ikkje næraste familie på fødestova. Kan det vere fordi dei ikkje vil ha vitne til det som skjer der? Meir merksemd og forsking rundt denne tematikken har avslørt både fysisk og psykisk misbruk og mangel på respekt for dei fødande kvinnene.

Sjukehusa opererer med ei rekkje reglar mødrene må forhalde seg til, og helsepersonalet har eit strengt tidsskjema. Solnes Miltenburg skildrar situasjonar der mødrene er blitt dytta i magen for å framskynde fødselen, noko som set både mor og baby i fare. Dersom morkaka ikkje kjem ut innafor ei viss tidsramme, tar jordmødrene gjerne kaka i eigne hender og drar henne ut, eit svært smertefullt og unødig inngrep.

– Ironisk nok blir det både gjort for lite og for mykje for fødande kvinner. Anten får dei helsehjelp for seint, eller så tyr ein til keisarsnitt eller andre invaderande inngrep for tidleg.

Ingen garanti for trygge fødslar

Ifølgje offisielle tal skjer mellom 60 og 70 prosent av fødslane i Tanzania no på sjukehus. Forskaren meiner talet nok er nærare 50 prosent på landsbasis. Men utbygginga av helsetilbodet har ikkje nødvendigvis stått i forhold til det aukande talet sjukehusfødslar.

– Tross denne auken ser vi ingen positive utslag på dødsraten mellom mødrer og spedbarn. Det kan skyldast meir nøyaktige målemetodar, men også at kvinnene begynner fødselen heime, som dei er vane med – og kjem for seint fram til sjukehuset. Der får dei ikkje hjelpa dei treng fordi det er så stor kamp om ressursane. Eller det oppstår komplikasjonar dersom kvinna blir send vidare frå ein lokal klinikk og til sjukehus. Å føde på sjukehus er ingen garanti for ein trygg fødsel.

Feil bruk av ressursar

På verdsbasis står om lag 15 prosent av kvinner som føder, overfor potensielt fatale komplikasjonar, som svangerskapsforgifting, blødingar, infeksjonar eller skader relaterte til abort, ifølgje FNs befolkningsfond, UNFPA.

Andrea Solnes Miltenburg meiner for mange ressursar blir brukte på dette mindretalet i land som Tanzania.

– Målet er gjerne å få ned dødsraten blant fødande og spedbarna. Men då må dei 85 prosentane som føder normalt, få meir merksemd. Fødslar med openberre komplikasjonar går på bekostning av normale fødselsforløp og gode rutinar. Det manglar ikkje på kunnskap, men på system.

Av Amalie Kvam Holm
Publisert 12. juni 2017 08:28 - Sist endret 12. juni 2017 08:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere