På spor etter spenning

Alexander Elgurén/Audun Engelstad (red.): Under lupen: Essays om kriminallitteratur. Cappelen Akademisk Forlag, 1995

I eit fjernsynsintervju nyleg stilte Øystein Lønn spørsmålet om det i det heile er mogleg for ein forfattar å skildre det moderne samfunnet utan på ein eller annan måte å gi framstillinga karakter av kriminalforteljing. Sjølv har han gjort det i fleire av romanane sine, og vi ser det same hos ei rekkje andre forfattarar av seriøs, samfunnsorientert prosalitteratur. Og produksjonen av meir eller mindre kommersiell krim har på ingen måte minka med åra. Sjangeren viser med andre ord ei livskraft som er udiskutabel, trass i at den første kriminalforteljinga såg dagens lys for over 150 år sidan.

Difor er det gledeleg når Audun Engelstad og Alexander Elgurén, to litteraturvitarar frå Universitetet i Oslo, har funne kriminallitteraturen viktig nok som emne for ein ny antologi med tittelen Under lupen. Blant dei 19 bidragsytarane i boka finn vi både fagfolk og forfattarar, norske og utanlandske. Bidraga femner om standardtekstar som Julian Symons «Kriminallitteratur hva er det og hvorfor leser vi det?», Tzvetan Todorovs «Kriminalromanens typologi» og ei rekkje nyskrivne essays.

To norske «praktikarar» er representerte i antologien: Gunnar Staalesen og Pål Gerhard Olsen, begge med bergensk miljøbakgrunn i romanane sine, men med ulik grunngjeving for valet av sjanger. Felles for dei to er også oppfatninga av seg sjølve som seriøse forfattarar innanfor ein populær sjanger. Kriminalromanen er populær litteratur, men er den også populærlitteratur? Ifølgje forordet er utgangspunktet for boka «en utvisking av skillet mellom høy og lav litteratur».

Den som mest eksplisitt drøftar verdiproblemet, er Jostein Gripsrud. Han argumenterer for at kvalitetsvurderingar både er nødvendige og moglege, men at dei bør ha grunnlag i eit sjangerperspektiv. Samtidig held han fast på modernismens krav «om en form for og grad av ny innsikt gjennom nyskapende språk».

Under lupen definerer seg i overskridande forlenging av Norbergs og Heggelunds essaysamling frå 1978: Kriminallitteraturen. Det overskridande ligg i at 70talets ideologikritikk har kome i bakgrunnen til fordel for sterkare fokus på sjangeren, på det narrative og ikkje minst på det fascinerande ved krimen, sett både frå lesarens og forfattarens side.

Likevel må nok den teorien som har fått plass i boka, seiast å vere relativt tradisjonell, sett under eitt. Dei essaya som tar opp sjangerproblematikk, er stort sett opptekne av klassifisering. Det gjeld både Julian Symons, Tzvetan Todorov og John G. Cawelty, med sin Northrop Fryeinspirerte teori om litterære formlar og arketypar. Dei tre nemnde essaya alle frå 1970-talet har framleis viktige innsikter å by på, men i den grad målet har vore å formidle ein «oppdatert» krimteori, kunne ein ynskje seg ei sjangerdrøfting som i høgare grad var lesarorientert. Det ville elles vere i tråd med den interessa for forholdet mellom krimteksten og lesaren som kjem til uttrykk andre stader i boka.

Den moderne kriminallitteraturens tiltrekningskraft på forfattarar og på lesarar kan ikkje berre forklarast med sjangerens «referensielle styrke», potensialet den har til å gi presise og kritiske bilete av djevelskapen bak samfunnets ideologilakkerte overflate. Like viktig er det at kriminallitteratur er spennande forteljing.

Men fascinasjonen ved populære forteljeformer som kriminalromanen heng ikkje berre saman med spenning åleine; nettopp spenninga kan setjast i samband med ideologisk funksjon, om enn på andre og mindre eintydige måtar enn det den mest firkanta ideologikritikken ville ha oss til å tru. I ei bok som dette kunne ein ynskje seg eit essay som med utgangspunkt i nyare ideologiteori greip fatt i slike samanhengar.

Ingen antologiar kan få med «alt», og med Under lupen har vi fått eit fint tilskot til sekundærlitteratur på norsk om ein sjanger som er spennande på meir enn eitt vis. Essaya vil interessere lesarar både med litteraturfagleg interesse for kriminallitteratur og den talrike «fansen».

Om artikkelforfatteren

Geir Hjorthol er amanuensis i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda. Han er sjølv bokaktuell med Populærlitteratur: Ideologi og forteljing, Det Norske Samlaget

Emneord: Språk og kultur, Historie, Nyere tids historie (før 1800) Av Geir Hjorthol
Publisert 1. mars 1995 00:00