Folkeleg og akademisk om humor

Birgit Hertzberg Johnsen: Hva ler vi av? Om nordmenns forhold til humor Pax, 1997

Med dei meiningslause og humørlause humoranalysane til redaktør Frimand Pløsen i Flåklypa Tidende i minne, er det med ein viss skepsis ein går til akademiske utgreiingar om humor. Mykje humor tapar seg når han kjem på trykk, og skal han i tillegg analyserast og dissekerast, blir det gjerne ikkje artig i det heile.

Når det gjeld Birgit Hertzberg Johnsens bok Hva ler vi av?, fortok denne skepsisen seg temmeleg fort. Eit hovudprinsipp her er nemleg å få fram korleis folk sjølv opplever og oppfattar humor. Forfattaren er professor i folkloristikk, tilsett ved Institutt for kulturstudier ved Universitetet i Oslo, og ein viktig del av bakgrunnstilfanget for boka er ei spørjeliste om humor som vart sendt ut til dei faste informantane til Norsk Etnologisk Gransking i 1995. Mellom anna for å få jamnare aldersfordeling vart lista også sendt til studentar ved Universitetet i Oslo og Den pedagogiske høgskolen i Trondheim. Informantane er spurt om humor i oppveksten, humorens uttrykksformer, skilnad på humor i ulike samfunnsgrupper, livssituasjonar der humor kan ha særleg verdi, og om ein meiner humoren forandrar seg med tida.

Problemet med representativitet er forfattaren sjølvsagt fullt merksam på, og like eins at folk kan tenkjast å drive ein viss sjølvsensur i skriftlege svar av dette slaget. Ho viser til at det er lite av dei heilt råe forteljingane i materialet, og like eins slikt som gjeld avvikande seksualitet. Ho har t.d. fått inn berre to homovitsar. Ut frå saftigheitsgraden på ein del av døma kan det likevel sjå ut som informantane i stor mon har late hemningane fara!

Dette er altså ei kvalitativ undersøking som presenterer kva folk sjølv seier om forholdet sitt til humor, både gjennom eksempel, synspunkt og kommentarar. I det første kapittelet får vi likevel ei nyttig innføring både i filosofars diskusjon av humor og i forskingstradisjonen. Ein har interessert seg for humor i ei rekkje fag: Psykologi, medisin, pedagogikk, lingvistikk, religionsvitskap, folkloristikk m.fl., og det blir jamleg halde tverrfaglege konferansar om emnet. Det finst såleis mange ulike teoriar og tilnærmingsmåtar. Ein hovudtendens i den nyare forskingstradisjonen er at humor gjerne blir sett på som relasjonell og situasjonell, ikkje som absolutte, faste størrelsar. Den kulturelle og sosiale samanhengen blir altså viktig.

Frå min ståstad er det rimeleg å uttrykkje eit aldri så lite sakn av lingvistisk tilnærming til humor, utan å gjera dette til eit hovudpoeng. Eg kunne tenkt meg litt meir om den språklege sida, ordspel o.l., og eg saknar ei bok som Delia Chiaro: The Language of Jokes. Analysing verbal play (1992) i litteraturlista. Her blir det mellom anna lagt vekt på vitsen som ei rik kjelde for kreativ språkbruk, og det blir hevda at dette i stor grad har vore neglisjert blant dei som studerer språkleg kreativitet.

Materialet blir delt inn i humoristiske forteljingar, handlingar og hendingar. Av tendensar i materialet er det freistande å dra fram skilnader på kjønna. Materialet stadfestar tidlegare kunnskap om generelle mønster i bruk og oppfatning av humor mellom dei to kjønna. Menn står gjerne meir fram offentleg og fortel vitsar, medan kvinner heller kjem med humoristiske merknader innfletta i samtalen. Dette har nok med rollar og forventingar å gjera; det er ikkje noko som tyder på at kvinner har dårlegare evne til å sjå det humoristiske i tilværet. Dei fleste eksempla som handlar om såkalla «practical jokes», er innsendt av menn, medan kvinner har større tendens til å fortelje om tabbar og pinlege episodar. Det ser helst ut til å vera menn som oppsøkjer eller aktivt skapar humoristiske situasjonar.

Når det gjeld innhald i humoren, har sex ein stor plass. Andre emne som står fram, er hermer frå barnemunn og historier om bygdeoriginalar. Humor frå siste verdskrig er også svært fyldig representert. Dette er ein stabil genre, men av naturlege årsaker nærmar han seg slutten som munnleg fortalte eller sjølvopplevde historier. Krigshumoren blir gjerne ikkje brukt av folk som er fødde etter krigen.

Av utviklingstendensar i humoren er fleire opptekne av at grensene for kva ein kan snakke om og kva som blir rekna for usmakeleg, blir flytta hos yngre. Tendensar til ein viss «moralsk panikk» kan avlesast i somme av svara. Som forfattaren er inne på, gjeld nok dette helst den offentlege humorbruken. Rå humor er på ingen måte noko nytt, og den munnlege tradisjonen har alltid vore langt over grensene for kva som kan presenterast offentleg.

Somme uttrykkjer også bekymring for at forteljekunsten er på retur. Når det gjeld dei lange skrønene, er nok dette rett, det er færre som fortel dei i dag. Einsretting og kommersialisering er også tendensar som blir peikt på. Yngre historieforteljarar er gjerne meir nasjonalt eller internasjonalt orientert, og ein del eldre tradisjon som er bunden til dialekt, tradisjonelt næringsliv og små, tette miljø står i fare for å forsvinne, meiner Hertzberg Johnsen. På den andre sida held ho fram at massekulturens oppvurdering av humor som ein verdi i seg sjølv kan føre til at også lokal humortradisjon kan blomstre.

Av mykje anna som kunne fortent å vore nemnt, kan det vera verdt å notere seg at så å seie alle som har ytra seg, oppfattar humor som noko positivt, som ei kjelde til glede og inspirasjon, som avkopling og spiss på kvardagen. Folk med humor sprer lys og varme, er tolerante og lette å samarbeide med.

Som ein sentral del av den norske folkekulturen fortener humor å takast på alvor, slik Birgit Hertzberg Johnsen har gjort, og Hva ler vi av? er eit interessant og kjærkomme bidrag.

Boka er spekka med døme, slik at det faktisk går an å lesa ho som ei rein humorbok for den som vil. I tillegg er det akademiske på plass i analysen, med forankring i ulike teoriar og forskingsretningar. Men teorien tek ikkje overhand, og boka fortener lesarar utanom den akademiske andedammen. I eit folkeleg emne som dette er det viktig å halde på den folkelege kontakten, noko forfattaren etter mi vurdering har løyst på ein god måte.

Tor Erik Jenstad er dr.art. frå 1995 på ei avhandling om norsk folkemusikkterminologi. Han arbeider i Namnekonsulenttenesta for Midt-Norge og på Dokumentasjonsprosjektet, delprosjekt Trønderordboka. Han har skrive bøkene «Skjellsordboka for Trøndelag og Nordmøre» (1991) og «Den store norske skjellsordboka» (1992).

Emneord: Språk og kultur, Folkloristikk, etnologi, Folkloristikk Av Tor Erik Jenstad
Publisert 1. mars 1997 00:00