Visuell analyse. Metode og skriveråd.

Erik Mørstad: Visuell analyse. Metode og skriveråd. Abstrakt forlag 2000.

Forfattaren, førsteamanuensis i kunsthistorie ved UiO, har gjeve ut ei lita handbok for dei som vil prøve seg på analysar av biletkunst og arkitektur. Her finst eit vell av spørsmål som den røynde kunsthistorikaren meiner det er viktig å svare på, ikkje minst for studentar som skal skrive formal analyse. Der finst dessutan flust med skriveråd.

Kjersti Ericsson og Guri Larsen: Skolebarn og skoleforeldre. Om forholdet mellom hjem og skole. Pax forlag 2000.

Når born blir skuleborn, blir foreldra skuleforeldre. Foreldra får òg ein skulekvardag å forhalde seg til, og ein talar i dag om ei ”pensumisering” av familielivet. Korleis skal arbeidet mellom foreldra og borna vere, og kva makt skal partane ha? Har foreldra ansvar for skulearbeidet – har skulen ansvar for omsorg og oppseding? Dette er blant spørsmåla som to kriminologar, professor Kjersti Ericsson og forskar Guri Larsen tek opp til drøfting. Boka bygger på ei grundig intervjuundersøking med 39 familiar i 1996. Ho er ikkje berre retta mot fagfolk, men kan vere god å ha for Apollon- foreldre neste gong dei skal førebu seg til konferansetime og foreldremøte. Her finst m.a. eit eige kapittel om ”Det store Vi” og minoritetsforeldra.

Publisert 1. feb. 2000 00:00