Språk, kontekst og mening

Bokmelding

”Språksystemet er rett og slett skapt slik at vi, når vi former en setning, må ta valg som formidler noe om vårt verdensbilde, vår holdning til emnet, og vår relasjon til adressaten” (s. 23). I og med at ”språkets kommunikative funksjoner” blir gjort bestemmande for all språkleg struktur og meining, blir det aktuelle forskingsfeltet trekt i retning av samfunnsfaga snarare enn litteraturvitskapen.

Svennevigs teoretiske verktøy gjev visse spørsmål prioritet: kva blir stilleteiande lagt til grunn som sant, men ikkje hevda eksplisitt når ein påstand blir sett fram – og kva slags bakgrunnskunnskap må ligge føre for at ei ytring i det heile kan bli forstått? Vidare: kva slags kontekst bør særskild trekkast inn – samtala eller skriftet ytringa er del av; ytringssituasjonen; eller også trekk ved ein felles kultur? På ein interessant måte blir omgrepet sjanger brukt på uformelle og private samtaler så vel som på skrivne tekster. Det dreiar seg om ”standardiserte språklige løsninger på kommunikative oppgaver” (s. 234) i kraft av underliggande sjangerkonvensjonar som ytringar må innordne seg – men også kan spele på – for å tre fram som delar av samanhengande, forståelege tekster . Til dømes vil sjangerkonvensjonar strukturere fasane i eit jobbintervju, men også måten ei reklametekst spelar på trekk frå det personlege brevet eller den vitskaplege artikkelen.

Med sine ulike teoretiske vinklingar kretsar forfattaren også rundt eit klassisk filosofisk problem: korleis blir språkleg meining i det heile etablert som noko felles ? Boka gjer slik sett ikkje ei eintydig tilnærming. På den eine sida trekker Svennevig på den talehandlingsteoretiske tradisjonen: her blir ei språkleg handling analysert som å formidle ein viss abstrakt semantisk kjerne – eit proposisjonelt innhald . Men denne teoritradisjonen har hatt ein tendens til å isolere setninga som meiningsberande eining, og det er vidare eit spørsmål kva slags basis – psykologisk, kroppsleg eller sosialt – proposisjonelle innhald vil ha. På den andre sida blir tekstlingvistikken trekt inn: utifrå studiet av samtaletekster kan meining sjåast på som noko som gradvis blir ”forhandla fram” ved at samtalepartnarane kontinuerleg tolkar eigne og kvarandres ytringar. Eit spørsmål blir her likevel om studiet av munnlege ytringar spesielt kan seie noko om språkleg meining generelt.

Dei skiftande teoretiske perspektiva i boka kunne også lesast symptomatisk som uttrykk for ei teorihistorisk drift innan eit komplekst og relativt nytt forskingsfelt. Og sjølv om denne lesaren fann at semiotisk språk- og tekstteori blei stemoderleg behandla, vil språkstudenten og norsklæraren her få ei velskriven innføring med kort avstand mellom teori og konkrete eksempel.

Bokmeldaren Torjus Midtgarden er forskar ved Filosofisk institutt, UiO.

Emneord: Språk og kultur, Språkvitenskapelige fag, Allmenn språkvitenskap og fonetikk, Anvendt lingvistikk, språkvitenskap
Publisert 1. feb. 2012 12:09