Det nynorske blikket

Ottar Grepstad: Det nynorske blikket. Samlaget 2002, 576 s.

Det nynorske blikket er ein måte å sjå verda på. Som alle blikk fangar det opp berre ein liten del av verda, og det blir bestemt av kor betraktaren står. Det nynorske blikket ser ting i det norske kultursamfunnet som ikkje er lett synlege for dei som har bokmålet som sitt språklege utgangspunkt.

Både uttrykket og resonnementet er Ottar Grepstads. Grepstad er direktør for Nynorsk kultursentrum i Ørsta, Ivar Aasen-tunet, og dessutan ein framståande sakprosahistorikar og representant for moderne norsk essayistikk. Boka er ei samling essay, der Grepstad belyser ulike aspekt ved det som blir kalla den nynorske skriftkulturen, både i historia og i samtida. Utgangspunktet og problemet hans er at nynorske blikk ofte er nærsynte: dei ser former og ord i lister skarpt, og berre vage konturar av det som er i verda utanfor ordlistene. Det vil han rette på ved å skildre aspekt ved nynorsk skriftkultur ut ifrå grunnsetninga: Nynorsk er meir enn eit språk. Det er ein kultur som byggjer på ein omfattande infrastruktur av institusjonar og organisasjonar; det er ein rik litteratur som ikkje berre er “skjønn” og poetisk, men det òg; det er eit nett av kaffistover og sosiale tiltak; det er ein kommune- og fylkeskommunesektor med over 34 000 årsverk og 200 000 arbeidstakarar; det er ei økonomisk kraft som målfolk sjølve stort sett undervurderer. Ei eiga livsverd.

Fleire av artiklane i boka tek for seg viktige personar i soga til den nynorske skriftkulturen, gjerne slike som har hamna i skuggen i ettertida: Johs. Aanderaa, grunnleggjaren av moderne nynorsk forlagsdrift; Peder Hovdan, ein av dei viktigaste dokumentatorane i den nynorske historia; Steinar Schjøtt, viktig pioner i den tidlege utviklingsfasen av nynorsk skriftkultur, m.a. som ordboks- og lærebokforfattar; Lars Stavnheim, ein nøkkelperson bak bladtiltaket Fedraheimen i 1880-åra, seinare ein krumtapp i norsk-amerikansk presse. Arne Garborg får eit essay der Grepstad polemiserer mot det synet at Garborg mista den litterære skaparkrafta si etter 1900; dette synet byggjer på den fordommen at berre skjønnlitteratur er litteratur, hevdar han. Han tek òg for seg Asker-kretsen eller Labråten-kretsen frå ca. 1890 - 1920, der Garborg stod i sentrum, ein viktig premissgjevar i den norske nasjonsbygginga. Dei nynorske lagsbruka med kaffistovene, lenge den økonomiske ryggrada i den nynorske skriftkulturen, får eit kapittel med tittelen “Kaffikoppens kulturelle kraft”. Sidemålsstilen får ein forsvarstale, og fleire kapittel tek for seg Aasen-tunet og bakgrunnen for det, og dagens situasjon for nynorsken.

Grepstad kan kunsten å finne nye og overraskande vinklar i beskrivinga av fenomen vi trudde vi visste om, og ikkje minst bokmålsbrukarar vil gjennom å lese boka få ny innsikt i ei side ved norsk kultur som ingen kan unngå å ha eit forhold til. Vi som bruker nynorsk og kjenner den nynorske livsverda frå innsida, lærer utruleg mykje nytt ved å følgje Grepstad på dei ulike ferdene han tek oss med på i denne boka.

Emneord: Nordiske språk, Språk og kultur, Språkvitenskapelige fag Av Bokmeldaren Lars S. Vikør er professor ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitetet i Oslo.
Publisert 1. feb. 2012 12:06