Røyndom med stor R?

Per Ole Johansen, Den illegale spriten: Fra forbudstid til polstreik, Unipub forlag, 2004, 174 s.

I Den illegale spriten tek Per Ole Johansen føre seg den illegale alkoholmarknaden i tida frå dei første nasjonale alkoholforboda under første verdskrigen og fram til den (førebels) siste polstreiken i 1986. Johansen legg vekt på at den illegale alkoholmarknaden i denne perioden ikkje kan karakteriserast som organisert, "oppleggene har vært uformelle og fleksible," skriv han. Dette i motsetnad til den etterfølgjande perioden (frå 1987 til 2002, då metanolen øydelagde marknaden). I den perioden var smuglinga meir organisert og industriell, meiner Johansen. Dette er langt på veg hovudbodskapen i boka. Småskalaverksemd og fleksibilitet blir framstilt som eit gjennomgåande trekk ved denne næringa i den perioden boka femner om – og som ein nøkkel til den suksessen den har hatt.

Den illegale marknaden har vore "mer integrert i det norske samfunnslivet enn mange liker å snakke om," skriv Johansen. Illegal handel har ikkje blitt rekna for å vere noko brotsverk. Om smuglinga, skriv Johansen at det var "noe amatørmessig og demokratisk over bransjen". Den illegale økonomien liknar den legale. Johansen oppfattar seg sjølv som ein forskar som står utanfor politikken og utanfor det materialet han forskar på. Han meiner å kunne skilje mellom sak og vurdering og mellom mytar og overdrivingar på den eine sida, og fakta og realitetar på den andre. Han ser ikkje så godt det som ligg mellom. Slik eg ser det, er dette eit svært problematisk utgangspunkt for ein historikar.

Den illegale spriten etterlet eit massivt inntrykk av at ulovleg alkoholomsetning har funne stad på ei rekke måtar og stader og til ulike tider. Det er godt dokumentert og godt fortalt. Når framstillinga likevel ikkje overtyder heilt, er det fordi Johansen ikkje stoppar med det. Han vil gje eit inntrykk av samanheng og tradisjon og han vil seie noko om årsaker og nødvendige følgjer. Han vil seie at det ikkje var polstreikane som var skuld i den omfattande industrielle spritsmuglinga slik den arta seg i 1990-åra. Det var forbodet på 1920-talet. Ut frå dette er han systematisk ute etter grunnar og følgjer, etter samanheng og kontinuitet, frå forbodstida og utover i hundreåret.

Men Johansen merker nok sjølv at det er noko som skurrar her. Det framgår av konklusjonen. Han slår fast at "1990-tallets spritmarked har sine røtter i en nesten ubrutt tradisjon som går tilbake til forbudstiden" og at mentaliteten i smuglarmiljøa har halde seg i "en nærmest ubrutt tradisjon". Han har moderert seg med eit "nesten" og eit "nærmest". Viljen til å lage samanheng er eit større problem i denne framstillinga enn at det let seg løyse med eit nesten og eit nærmest, som jo elles må seiast å gjere desse konklusjonane meiningslause.

Den illegale spriten inneheld ei rad gode historier, som ikkje alltid føyer seg inn i dei lange linjene Johansen vil trekke opp. Problemet då er ikkje slik eg ser det, historiene, men linjene. Dette er på ein måte eit paradoks ettersom Johansen har verkeleg sans for mangfaldet og nyansane i kjeldematerialet. Han verkar å vere ein god kjeldelyttar, for å lage eit nytt ord. Likevel er det nokon gonger som om han ikkje høyrer likevel, som om han bare ser det han vil sjå. Eit døme er bruken av statistiske oversikter over dommar for drukkenskap, smugling og heimebrenning som utgjer eit viktig grunnlagsmateriale, særleg i første del av boka. Først tolkar han tala slik at jo fleire dommar og saker, dess meir smugling og heimebrenning. Men seinare, når det gjeld utviklinga av heimebrenninga etter krigen, tolkar han ikkje ein nedgang i antal dommar for heimebrenning, som eit uttrykk for at heimebrenninga hadde gått ned. Tilfella er ikkje like, men lesaren får likevel eit inntrykk av at Johansen grip den forklaringa som til ei kvar tid passar. Johansen tar utgangspunkt i at forbodet var eit heilt urealistisk, mislukka eksperiment. Dette er forbodsvinnaranes syn. Ingen andre oppfatningar av forbodet har vore framført etter at forbodet ble avvikla. Dette synet kan sjåast som ein av dei verkeleg store postane i den norske historiske gløymeboka. Anten ein trur det eller ikkje er brennevinsforbodet lite undersøkt innanfor norsk historieforsking. Per Fuglums store verk Brennevinsforbudet i Norge og Johansens tidlegare bøker Brennevinskrigen og Markedet som ikke ville dø er blant dei få omfattande studiane av dette området. Desse undersøkingane har konkludert, slik forbodsmotstandarane hadde konkludert allereie før forbodet var innført, nemleg med at forbodet var eit mislukka eksperiment. I Den illegale spriten gjev Johansen på nytt eit interessant bilete av dette, men kjem altså, slik eg ser det, i altfor stor grad og for tankelaust til å gå ut frå at det er slik det eigentleg var?

Poenget mitt er ikkje at Johansens framstilling er feil og at den eine versjonen av forbodet er sannare enn den andre. Poenget er metodisk, at begge versjonane, som alle forteljingar, er tolkingsversjonar. Og kan ikkje seiast å vere framstillingar av røyndomen, slik han eigentleg er. Johansens problem er at han er for fast og firkanta i trua på fakta og at han i for stor grad ønskjer å syne ein årsakssamanheng mellom forbodstida, slik ho eigentleg var, meiner han, og utviklinga i ettertida.

Dette blir min hovudkritikk av Den illegale spriten som historieframstilling. Historiene i boka er betre enn den historia Johansen ønskjer å fortelje. Han trur for mykje på røyndomen med stor R. Han er for lite historiserande, for oppteken av årsakssamanheng og likskap og for lite fortolkande. Han er for opptatt av korleis noko faktisk var og kva det har ført til.

Bokmeldaren Olav Hamran arbeider ved Nasjonalt medisinsk museum og skriv på ei doktorgradsavhandling om alkoholpolitikk i Noreg. Han har tidlegare blant anna utgjeve historia om Vinmonopolet.

Emneord: Samfunnsvitenskap, Kriminologi, Språk og kultur, Historie, Moderne historie (etter 1800) Av Olav Hamran
Publisert 1. feb. 2012 12:01