Godbok frå Uri

Bokanmeldelse av Helene Uri: Hva er språk, Universitetsforlaget (2004), 150 s.

Universitetsforlagets nye serie synest vera inspirert av den franske klassikaren Que-sais-je? (Kva veit eg?) – små handbøker med høgt nivå om grunnlagsspørsmåla i eit fag. Formatet liknar, omfanget på 150 sider liknar, forfattarvalet – fagperson med publikumsappell – liknar. Alt dette lovar godt.

Ei av dei sist komne bøkene har språk som tema og er skriven av Helene Uri, lingvist og forfattar. Uri skuffar ikkje; det er ei bok om menneskespråket som det er ein fryd å lesa. Framstillinga er levande, ukunstla (som seg hør og bør) og kjemisk fri for vitskapleg ordpynting, med ei høveleg mengd artige og uventa formuleringar, til dømes ’på mandarin heter katt mao’. Eller elegante og meiningsmetta formuleringar som ’språket er altså på den ene siden veldig begrenset og på den andre siden helt uten grenser’. Ordleik og humor syner ho i omtalen av det fenomenet at eskimoar har ein del ord for snø, men likevel langt færre enn det mange trur. Det stemmer kort og godt ikkje at eskimoane har så uhorveleg mange ord for snø’. Derfor har sannhetskjære lingvister forsøkt å drive snørydding i dette myteomspunne vinterordlandskapet.’ Og så verdset eg at ho vel moderne ordstilling i sin bokmålssyntaks, når ho ’likevel har valgt å ikke bruke plass på dette temaet’. Mange bokmålsbrukarar hadde nok plassert ’ikke’ framfor ’å’ der, skulle eg tru. Men det er meir dansk enn norsk. Uri kan si språklege katekisme og veit kva som er rettast.

Ein meldar skal freista finna punkt der han kan setja fingeren. På s. 9 lurer eg på Makrellbekken, at det er ’merke-skille-bekken’. No er rett nok ’mark’ og ’merke’ i slekt, men eg meiner det hadde vore betre å skriva ’mark-skill-bekken’. Tematiske val må vera forfattarens privilegium, men når kapittel 2 har den interessevekkjande overskrifta ’Hvordan oppstod språk?’, blir det for snautt å gje lesaren ei og ei halv side, i lite format. Sjølvsagt veit me lite, av naturlege grunnar. Men spekuleringar og drøftingar har det vore mykje av, og ein del av dette hadde sikkert mange lesarar hatt lyst til å få innsikt i. Dessutan stussar eg over at ’språket kan ha oppstått for 30 000 – 40 000 år siden, men her er det stor usikkerhet og dyp uenighet’. At uvissa er stor, er heva over tvil, men eg har ikkje sett nokon internasjonal forskar plassera framveksten av menneskespråket så seint, så nær oss. Truleg må me hundre tusen år attende i tid, minst. Det er heller ikkje ’mye som tyder på’ at menneska var spreidd utover store deler av jorda då dei første språka vart til. Tvert om hevdar dei fleste som skriv om dette, at det er rimeleg å setja eit sams utgangspunkt for alle menneskespråk – i Afrika.

Stilen og tonen til forfattaren har eg som sagt sansen for. Også grepet med å bruka døtrene. Hist og her refererer ho kommentarar og spørsmål om språk som dei to døtrene hennar har kome med. Somme kan tykkja dette blir vel familiært. Det synst ikkje eg. Tvert om. Det livar opp og menneskjeleggjer temaet – kor forunderleg og fascinerande språket er. Så min meldardom er klar: Helene Uris bok er ei av dei artigaste innføringsbøkene i språk eg har lese.

Men to ting sit att: boktittelen hva er SPRÅK? Små bokstavar først, så temaordet i store bokstavar. Viss eit universitetsforlag tullar med rettskrivinga, må lesaren forstå at det er ein vits med tullet. Trur verkeleg forlaget at potensielle kjøparar fell for denne skrivemåten? Og det andre: Er denne serien for kunnskapssamfunnet planlagd slik at den eine av våre to skriftvariantar skal vera usynleg?

Bokmeldaren Sylfest Lomheim er direktør for Norges språkråd.

Emneord: Språk og kultur, Språkvitenskapelige fag Av Sylfest Lomheim
Publisert 1. feb. 2012 11:59