Dei ekte sekstiåttarane

"1968" er ikkje eit årstal; det er eit symbol. Bare få av dei hendingar og haldningar som blir samla under merkelappen, høyrer heime i 1968, men noen i åra før, og dei fleste utover på 70-talet. 68-generasjonen fekk si hittil mest livskraftige kulturelle tolking i 1984 med boka til petit-sosiologen Nils-Fredrik Nielsen: "Ekte sekstiåttere spiser ikke seipanetter".

Tor Egil Førland og Trine Rogg Korsvik (red.): 1968, Opprør og motkultur på norsk, Pax 2006, 188 s.

Snart 40 år etter pågår stadig kampen om eigedomsretten til og innhaldet i symbolet 1968 - rimelegvis mellom aldrande krigsveteranar frå den gong, men nå vil også yngre historikarar ha eit ord med i laget. Det er åpenbart ei spennande utfordring å prøva å rydda opp i kategoriane og virkelighetsbilda til hegemoniske og tolkingsmonopolistiske deltakarar med eit rikt begrunnelsesliv. Trulig like merkelig som å vera tilskodar til den forrige generasjons gjenfortellingar og omkampar om kva som egentlig skjedde og kven som sto på rett side den gong.

Denne boka går utanom repetisjonsøvingane om m-l-rørsla, og ho skjer også klar av den universitets-sentrerte runddansen om kampen mot positivismen som alle begivenheters opphav og kjerne. I staden handlar det om "1968" som symbol for eit kulturelt opprør mot det etablerte samfunnet sine normar og autoritetar og strukturar - både i borgarlig og sosialdemokratisk utgave: uartig biletkunst, "folkelig" musikk, forsøksgymnaset, psykedeliske stoff, økologisk mystikk, seksuell frihet og alternative samlivsformer.

Begrep som bevisstgjering og sjølrealisering går igjen, men også den utopiske draumen om å forena full individuell frihet og salig kollektivisme. Det var ein kamp for retten til å bestemma sjøl over eit meir fristilt ungdomsliv som blei mye lenger enn før for langt fleire. Som det heiter i det oversiktlige forordet: "Det er endringene i væremåte og verdensbilde som er det vesentlige ved "1968", ikke forbigående endringer i det politiske landskapet." I det perspektivet blir m-l ein forvitnelig, men atypisk og uvesentlig parentes. Boka tar i staden opp andre bølgetoppar som enda i bakevjer, men prøver også fanga opp varige understraumar etter at bølgene hadde lagt seg.

Då det motkulturelle Vannbæreren kom med sitt første nummer i 1974, heitte det "Tidsskrift for kulturelle endringer". Då siste nummer kom tre år seinare, var "endringer" bytta ut med "hindringer". Det meste ebba ut i sine reine og outrerte former, for "det er helt naturlig å være på glid", som den uunngåelige Nils-Fredrik Nielsen formulerte det. Han skal også få nest siste ord: "Det var i det hele tatt en beveget tid, som man sa i gamle dager, og den gjorde et uutslettelig inntrykk på alle som deltok."

Til slutt skal boka rosast for å vera skikkelig redigert, slik at ho ikkje framstår som ei litt tilfeldig samanraska artikkelsamling med kortutgaver av noen historiske hovudoppgaver. Den eine av redaktørane er også medforfattar eller ghost-writer for andres bidrag, og dei får kredit som medforfattar. Redaktør Førland har skrive eit overgripande og poengert forord og eit tentativt forklarande etterord. Det gjer at artiklane heng saman og at boka er godt forkledd som ein slags heilhet. Dessutan har ho eit artig utval av tidstypiske fotos, plakatar og faksimiler, og ho er krydra med både forklarande og anekdotiske rammer. I så måte er denne boka forbilledlig for faglig publisering i ei form og ein sjanger som kan rekka vidare enn monografiar som sjeldan blir utgitt, og breiare enn strengt faglige tidsskriftartiklar som er skrivne for meritering og ikkje for lesarar.

Bokanmelderen, Andreas Hompland, begynte å studera på Blindern i 1968. Han er magister i sosiologi og frilansskribent.

Emneord: Samfunnsvitenskap, Sosiologi, Språk og kultur, Historie, Moderne historie (etter 1800) Av Andreas Hompland
Publisert 1. feb. 2012 11:54