Fransk litteratur i historiske perspektiv

Forfattaren er primært opptatt av korleis historia er ein vital dimensjon i dei tekstane ho studerer, seier Atle Kittang, professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han melder boka Et nesten historisk preg. Essays om fransk litteratur av Gro Bjørnerud Mo, professor i fransk litteratur ved Universitetet i Oslo.

Fransk er på vikande front, ikkje berre her på nordflanken, men også internasjonalt. Fleire universitet legg ned sine studietilbod, og fransk samtidskultur får sine dødserklæringar utferda.

Alt dette i sterk motsetnad til situasjonen for førti–femti år sidan, da det var til Frankrike vi vende oss i begeistring, anten vi var opptekne av filosofi og litteratur eller av teater og filmkunst.

I sine essay om fransk litteratur tar Gro Bjørnerud Mo eksplisitt utgangspunkt i dagens mistrøstige situasjon og ønskjer å gjere noko med den. Målet er å revitalisere lesarens forhold til den franske litteraturen ved å ta oss med på eit historisk reise frå renessansen med sine poetar (Ronsard, Agrippa d’Aubigné og Malherbe), via klassisismens og realismens prosakunst (Mme de Lafayettes La Princesse de Clèves og Flauberts L’Éducation sentimentale), fram til dagsaktuelle romanforfattarar som belgiaren Jean-Philippe Toussaint og den franske urokråka Michel Houellebecq. Ein gjennomgangsfigur i boka er dessutan Marcel Proust.

Men poenget er ikkje berre å gi nyttige påminningar om fransk litteratur før og nå. Gro Bjørnerud Mo er primært opptatt av korleis historia er ein vital dimensjon i dei tekstane ho studerer.

Her nyttar ho eit dobbelt perspektiv. Dels viser ho korleis historiske hendingar og personar kan ”slå inn” i litterære tekstar, ikkje som gjenstand for einvegs realistisk etterlikning, men som element i ein kreativ dialektikk. Den viktigaste impulsen hentar ho frå den amerikanske nyhistoristen Stephen Greenblatt og hans omgrep negociation: utvekslinga mellom historiske hendingar og kunstuttrykk.

Men ho er også opptatt av korleis den historiske dimensjonen gir seg til kjenne som eit aktivt forhold til andre og eldre tekstar. I renessansen og klassisismen kjem dette til uttrykk som ei ”tidleg-moderne” spenning mellom ein hevdvunnen imitasjonspoetikk (litterær kvalitet krev etterlikning av dei gamle meistrane) og eit ønske om nyskaping. I moderne litteratur kan ein tilsvarande produktivitet skildrast med omgrepet ”intertekstualitet”.

Begge desse perspektiva er integrerte i eit spesielt retorisk grep, som består i å samle analysane omkring historiske stader og la dei danne overskrifter på kapitla: ”Balbec-Blois” i det innleiande kapitlet om Proust, ”Blois-Troja” i kapitlet om Ronsards sonettar til Cassandre, osv.

Gro Bjørnerud Mo er spesialist på fransk renessanselitteratur, og særleg i kapitla om dei eldste tekstane kjem kunnskapane hennar om fransk historie og kultur til sin rett. Men ho skriv også godt om Flauberts distanserte skildringar av februarrevolusjonen i 1848, og om det intertekstuelle spelet mellom Houellebecqs La Possibilité d’une île og Aldous Huxleys seine roman Island.

Lesarar med litt bakgrunnskunnskapar kan nok sakne meir inngåande analysar her og der. For min del skulle eg gjerne sett at Flauberts roman fekk litt meir merksemd. Essayet slår an eit spennande tema, ikkje minst fordi relasjonen mellom stad, historie og tekst er så tydeleg i L’Éducation sentimentale, men følgjer det ikkje heilt opp.

Eg skulle også gjerne ha lese meir om korleis både Toussaint og Houellebecq har fått sin prosastil prega av filmmediet, sidan dei begge to har arbeidt med film ved sida av romanskrivinga og det ikkje er vanskeleg å finne verknadene av dette ”biarbeidet” i romanane deira. Nokre av kapitla kunne ha tent på ei litt strammare form og eit litt klarare fokus, og stundom kan ”historiene” verke litt utvendige i forhold til analysane.

Men slike innvendingar kan ikkje redusere den faglege og kulturpolitiske verdien av Gro Bjørnerud Mos bok, som eg tilrår til alle med appetitt på det franske.

Emneord: Språk og kultur, Litteraturvitenskapelige fag, Fransk litteratur Av Atle Kittang
Publisert 1. feb. 2012 11:42