Veltemperert prosa om hot forfattar

Ei nyttig og velkommen innføring i Herta Müllers forfattarskap, der det kritiske blikket er fråverande.

Det er lett å vere med på premissen bak denne boka. Etter at den tysk-rumenske forfattaren fekk Nobelprisen i litteratur, blei dei to redaktørane samde om «… at tiden var inne for å presentere hennes unike forfatterskap for et norsk publikum».
 

SENSUR. Under eit studieopphald i München i 1985 opplevde eg at Herta Müller og debutboka Niederungen var på alles lepper i det litterære miljøet. Historier som den at ordet “koffert” blei sensurert i den tysk-rumenske originalutgjevinga ettersom det kunne få folk til å tenkje på flukt, gjorde inntrykk og førte meg til bøkene hennar, som etter kvart kom på norsk. Det konkrete og individuelle språket ho etablerte for å vri seg unna språktonen diktaturet hadde gjort ubrukeleg, var så vakkert, så sanseleg, så grotesk og så treffsikkert på sitt eige skeive vis, at forfattaren blei ei viktig motvekt mot den glatte og inviterande prosaen som dominerer det litterære landskapet.
 

TILBAKEHALDNE. Eg dundrar demonstrativt inn med meg og mitt her, fordi forfattarane av denne prisverdige innføringsboka er så provoserande tilbakehaldne med sin eigen fascinasjon. Det er vel gjerne der fordjupinga i ein forfattarskap startar? I forordet blir det sitert frå ein tale halden av Ilja Trojanow i samband med ei prisutdeling, når det skal seiast noko om kor viktig Müller er. Og den første artikkelen, som er ei innføring i liv og verk, ført i pennen av Helgard Mahrdt, opnar slik: «Det første stikkordet som faller en inn når man skal beskrive Herta Müllers liv og verk, er “traume”.» (Mine uthevingar.) Dersom eg ikkje allereie var ein pasjonert Müller-lesar, ville det vore viktig å få forklart kva det var som fekk Mahrdt og dei andre bidragsytarane til å bruke tid og krefter på denne forfattarskapen, ikkje kva «en» eller «man» har å melde. Det nøytrale grepet blir desto meir malplassert på ein forfattarskap der erfaring er sjølve grunnmuren.
 

TETT PÅ. Mahrdt skjuler seg og sine eigne vurderingar så godt ho kan gjennom heile artikkelen, og bruker i staden raust med plass til sitat av Müller og Müller-lesarar, heile 169 fotnotar må til for å dokumentere sitatbruken. Det fører meg som lesar tett inn på Müllers eigne erfaringar med diktaturet og med diktinga, men vi blir snytte for den vurderande instansen som ser det heile frå ein viss avstand. Sitata er på den andre sida velvalte og gjev absolutt innsikt i Herta Müllers univers, men altså ikkje på det nivået eg kunne ønskje.
 

LOJALE FORTOLKINGAR. Ein forfattar som skriv essay der ho reflekterer over sin eigen litterære praksis, fortener å bli grundig saumfaren. Og ein kontroversiell forfattar som Herta Müller, fortener å bli lesen opp mot kritikken. Eg tenkjer ikkje då på kritikken frå den rumenske staten, men på kritikken som går på at ho estetiserer liding og diktatur, at ho blir for kryptisk når ho skaper nye ord av private erfaringar, og at ho etter 25 år i Tyskland framleis heng fast ved diktaturet. Her er «Diktning og diktatur» del av eit større selskap: Antologiar som denne har lett for å bli lojale fortolkingar av forfattarens metode og intensjonar. Dette byggjer etter det eg kan forstå, på ein misforstått respekt for eller lojalitet med objektet. Å drøfte motførestillingar kan aldri skade. Så kan ein jo avvise dei dersom dei fortener det.
 

Ei siste innvending handlar om kontekst: Livet til Müller, familien, landsbyen og staten er grundig dokumentert, og det er viktig. Det eg saknar, er ei litterær kontekstualiering: Har ho skapt skrivemåten heilt utan påverknad frå noko hald? Kva dreiv dei andre forfattarane med i «Aktionsgruppe Banat», som ho var del av? Har skrivemåten hennar røter heilt andre stader, i andre diktatur, til dømes? Slike perspektiv er så godt som fråverande.
 

DET SOM MANGLAR. Det vi til gjengjeld får, er ei grundig innføring i den originale ordbruken og tanken bak, i ein interessant artikkel av Sissel Lægreid, som også deler subjektive leseerfaringar når ho først har kome i gang, det er altså ikkje heilt fråverande. Omsetjar Kjell Olaf Jensen skriv lett og kåserande om utfordringane med å få slike tekstar til å klinge på norsk, og Stig Sæterbakken, som inviterte Müller til Norsk litteraturfestival, er representert med eit essay der avsendaren er tydeleg og lesingane gode, sjølv om heller ikkje han problematiserer. Dei andre essaya, som anten handlar om eitt einskilt verk, ein sjanger eller ein tematikk, kastar alle lys over relevante sider ved forfattarskapen. Det er i hovudsak ikkje det som står, men det som manglar, eg kritiserer i Diktning og diktatur, som er beste boka til no om Herta Müllers forfattarskap på norsk. Ho aktualiserer straks behovet for ei bok til.

Av Marta Norheim
Publisert 19. nov. 2012 14:29