Store data

Hundre trillionar celler skal til for å byggja eit menneske. I kvar einaste celle ligg all informasjonen lagra som gjer det mogeleg å rekonstruera heile deg – lik eit fullt dataprogram. Informasjonsmengda og lagringskapasiteten i vår eigen kropp er svimlande.

Tek vi hundre trillionar datamaskiner og koplar dei saman, får vi noko som i ein viss forstand liknar eit menneske, oss sjølve. Det biologiske grunnlaget vårt, har det vore sagt, er djupast sett digitalt.  Informasjonen om oss er lagra i DNA-et, i form av ei bestemt rekkjefølgje på basane A, C, G eller T, mens informasjon i datamaskiner er lagra som ein serie eitt-tall og nullar.

Naturen tenkte på det først: Ekstremt mykje informasjon for å styra alle livsprosessane, og stor nok lagringskapasitet – tjue millionar kilometer DNA, nøsta saman inne i oss. Men den menneskeskapte teknologien kjem no etter i hurtigtogfart: Reknekapasiteten i datamaskiner blir dobla kvart andre år, jamvel om datamengdene som maskinene skal rekna på, veks endå fortare.

Forskarane har tilgang til stadig meir informasjon, til dømes frå utstyr som måler fenomen inne i kroppen, satellittar som fotograferer jorda, eller dataprogram som reknar ut korleis klima utviklar seg. Vi snakkar om ei dataeksplosjon.

Felles for alle artiklane som høyrer med i temadelen denne gongen, er at ingen av prosjekta vi skriv om hadde vore råd å gjennomføra utan at forskarane hadde hatt tilgang til store mengder data. 

Å kunna nytta informasjonen, hjelper desse – og andre – forskarar til å læra meir og til å læra på nye måtar. Dei kan sjå samanhengar dei ikkje visste om, og koma fram til meir generelle og robuste resultat. Tilgangen til svært mykje data har gjeve eit enormt kunnskapsløft på fleire viktige fagfelt.

Masse data løyser likevel ikkje alle problem. I samfunnsfaga, til dømes, kjem ein ikkje utanom at det å identifisera årsakssamanhengar er vanskeleg, ei utfordring store datamengder ikkje automatisk kan løysa. Uansett kor mange observasjonar ein har av den negative samanhengen mellom krig og utvikling, kan ein ikkje avgjera om det er fred som skapar utvikling eller utvikling som skapar fred. 

Kan henda handlar store data til sjuande og sist mindre om avanserte system og det å skaffa så mykje datakraft som råd, men meir om menneske, om korleis forskarane våre kan makta å omsetja ein del av dei ekstreme mengdene med informasjon til ny innsikt og erkjenning.

Av Trine Nickelsen
Publisert 2. feb. 2016 14:16 - Sist endret 2. feb. 2016 14:16