Ragnar Rommetveit: Eg samtalar, altså er eg

- Eg tek det alltid med ei stor klype salt om nokon seier at det eg held på med, er interessant. Ein gong eg heldt ei gjesteførelesing i Sverige, kom ei ung studine bort til meg etterpå og sa: «Det du seier, er spanande, men eg skulle gjerne vite meir om han du stadig siterer som 'Eg'.»

- «Eg opplever i det heile ikkje noko skarp grense mellom forsking og liv.» Foto: Ståle Skogstad

Ragnar Rommetveit (75), professor emeritus i psykologi, er ein mann som ikkje ropar høgt om eiga forsking. Med den framståande posisjonen han har i norske og internasjonale vitskapsmiljø, kan han likevel trygt sitere seg sjølv. Denne 'Eg' frå Stord, Norway, har mellom anna skrive boka On Message Structure, som har vorte ein internasjonal klassikar. Her heime er han særleg kjend for boka Språk, tanke og kommunikasjon. Rommetveit vart dosent ved Universitetet i Oslo allereie som 29-åring, og professor fem år seinare. Han har vore gjesteprofessor ved prestisjetunge universitet i USA, Nederland og Sverige. Alt tidleg kom han med radikale synspunkt innanfor språkpsykologien. Ein hovudtanke er at ein alltid må sjå språk i kontekst, innfelt i kommunikasjon. Omgrepet dialogisme står heilt sentralt i forskinga hans.Ein kan lett bli audmjuk når ein er på veg og skal intervjue ein som har kommunikasjon og samtale som spesialfelt. Men er det noko denne mannen kan, så er det å halde ein samtale i gang. Den kanskje einaste målmannen på Blommenholm tek godt imot oss heime i stova si, vi får helse på katten og blir servert kaffi.

- 'Emeritus' tyder visstnok 'ut-tent'. Det er lite som tyder på at du er ferdig med å tene vitskapen?- Eg har vore så heldig å ha tidlegare studentar som gir meg stadige injeksjonar mot senilitet. Eg har mange gode vener både i inn- og utland som eg pratar mykje med, og som inviterer meg med på konferansar og føredrag. I tre månader no har eg forresten ikkje forska i det heile teke. Eg har drive kroppsarbeid, med stein og jord, og det er velsigna arbeid. Eg har ikkje alltid vore så optimistisk når det gjeld verdien av det eg gjer ved skrivebordet. Men når eg har flytta ein stein og lagt eit helleplatå, då ser eg at det blir noko igjen etter meg. Rommetveit tenner pipa og syner fram bilete av huset på Stord. Trass i mange utanlandsopphald har han ikkje mist kontakten med heimtraktene.- Eg har skrive nokså mykje i livet. Når eg sit på Stord og ser utover fjorden, har eg ei kjensle av at eg no lever etter Wittgensteins ord at «the rest is silence. Eg tenkjer at verda vil bli om lag den same i framtida og, anten eg no skriv litt meir eller legg pennen frå meg for godt.

- Var det sjølvsagt at du skulle begynne på universitetet då du var ung?- Eg er vaksen opp i eit miljø der dei var opptekne av utdanning. Far min hadde nok tenkt å utdanne seg, men måtte bryte lærarstudiet fordi han høyrde dårleg. Han var svært interessert i at etterkommarane skulle få sjansen til å utdanna seg. Miljøet var ikkje så lite prega av den vestlandske folkehøgskuletanken.

Morsmål ein menneskerett

Rommetveit skreiv den vidgjetne boka Språk, tanke og kommunikasjon på nynorsk, og er framleis målmann.- Eg har stor tru på at det er ein menneskerett å trygt bruke morsmålet sitt, ikkje bli tvinga til å forkasta det og slik avsverje sin identitet. Det at eg sjølv er vaksen opp i eit minoritetsspråksamfunn innanfor eit minoritetsspråk, har vore med på å gjere meg dialogorientert. Etter som eg har skrive det meste på engelsk, har eg opplevd på ny og på ny at eg må ta omsyn til adressaten. Det er på ei vis eit privilegium å kome frå eit minoritetsspråk og vere nøydd til å omsetje tankane til engelsk. Dermed må du tenkje meir når du skal gjere deg forstått. Noko av det same var tilfellet då eg var sta nok til å skrive mi første fagbok på nynorsk. Her fanst det lite frå før, og eg måtte vri meg for å finne uttrykk. Eg har nok kanskje tapt nokre lesarar ved nynorskbruken. Men det er ikkje fordi eg ikkje kan skrive bokmål - nei, det er fordi eg er sta.

Dialog-evangeliet

I ein fersk artikkel nemner han dei demagogiske, kristelege emissærane han opplevde på Vestlandet som barn. Etter femti års akademisk livsførsel med totalforbod mot forkynning vil Rommetveit no sjølv flette evangelisering inn i dei vitskaplege refleksjonane sine.- Er det for lite forkynning i vitskaplege miljø?- Eg blir meir og meir oppteken av at det er ein del indirekte, kamuflert forkynning. Humanvitskapane og samfunnsfaga blir ofte framstilte som om dei er verdinøytrale. Det eg har blitt meir oppteken av i den seinare tid, er å undersøkje underforståtte moralske haldningar og posisjonar. I den form for psykologi eg har vore i opposisjon til, er det ei underforstått dyrking av den frittflytande, instrumentelle rasjonalitet og det «reine intellekt». I den individualpsykologiske tradisjonen har ein òg hatt ein tendens til å sjå på individet som ein biologisk organisme isolert frå andre. Det dialogiske synet, at mennesket blir til eit menneske i dialog og kontakt med andre, er undervurdert. Når filosofane Buber og Gadamer talar om den ideelle dialog, ligg det ei klår moralsk oppmoding i det dei seier. Dei er ærlege og tonar flagg. Dei kamuflerer ikkje verdiane sine under påskot av verdinøytralitet. Eg tykkjer det er problematisk når profesjonelle sanningssøkjarar ikkje reflekterer over og tilkjennegir eigne haldningar.

Rommetveit tillet seg å forkynne når han talar om dialogisme. Då han nyleg skreiv ein artikkel om emnet i Norsk Lingvistisk Tidsskrift, var han freista til å setje undertittelen «Eit evangelium om dialog som fundamental menneskeleg kommunikasjons- og samlivsform og om mennesket som dialogisk konstituert vesen».- Dialogisme er ei forståingsramme, ei grunnhaldning til psykologiske og sosiale problem som går ut på at eit menneske får sin identitet, blir til eit menneske med verdiar og tankar ved å ha kontakt med andre. Barnet er født dialogisk og er ikkje asosialt, ifrå første stund får det sitt 'eg' i samver med andre. Individet kjem òg i dialog med tradisjon og kulturarv gjennom andre. Det er dette den russiske litteraturforskaren Mikhail Bakhtin kallar «røyster frå fortida. Kulturarven representerer ein fortolkingsfellesskap, og dette blir vi født inn i automatisk. Vi kan heller ikkje lett frigjere oss frå det. Om ein melder seg ut av statskyrkja, sluttar ein ikkje å bruke uttrykk som «det sorte får».

Fruktbar misforståing

Jamvel dei mest originale tankane våre er alltid vovne inn i det kulturelle kollektivet vi er ein del av. Vi reflekterer til vanleg lite over korleis vi står i høve til denne fellesskapen. Men slik refleksjon er viktig, og det er på lang sikt vesentleg om ein skal fremje forståing i eit meir og meir fleirkulturelt og pluralistisk samfunn. Eg er i sterk opposisjon til forsking som studerer den menneskelege psyken lausriven frå den fysiske og kulturelle omgjevnaden. Vi er ikkje solipsistiske individ, solospelarar som driv rundt for oss sjølve. Psyken er ikkje avgrensa av huda. Det er heller ingen av oss som «eig» språket. Vi har berre aksjar i det - minoritetsaksjar.- Er god kommunikasjon å unngå misforståingar?- Ja, men ikkje alltid. Fruktbar misforståing har noko ved seg, det at ein les inn noko i det den andre seier, som går ut over det ho eller han meinte. På same måte er det med lesing. Når eg les Wittgenstein, kan eg aldri finne ut nøyaktig kva han meinte. Kvifor skal vi så lese slikt? Eg trur vi les for å få hjelp til å finna og vidareutvkla halvtenkte tankar i oss sjølve.Dette blir problematisk for dei som er opptekne av originale tankar. For kvar tanke er ikkje original, meiner Rommetveit. Vår originalitet blir til ved at vi så å seie snyltar på andre, ikkje berre tek det inn og blindt aksepterer det, men at vi gjer det til vårt eige og formar våre tankar i opposisjon til det.- Men skal vi godta at filosofar og andre vitskapsfolk skriv uforståeleg?- Sjølvsagt ikkje. For meg har det vore viktig å halde på ein terminologi som har vore forståeleg for andre. Det har et nok ikkje lukkast med. Dersom eg ikkje kan gjere noko rimeleg forståeleg på folkeleg vis, men har ein terminologi som er heilt uforståeleg, då har de all rimeleg grunn til å tru at eg ikkje forstår det sjølv.

Dialog krev tillit

- Kva for etiske haldningar ligg i ditt syn på dialog mellom menneske?- Eg trur det er viktig å ta den du talar med på alvor, noko eg har kalla epistemisk ansvar. Den du snakkar med, har både verd og ansvar. Ein god dialog oppstår når den som tek ordet, talar trygt, av eiga overtyding, utfrå det han sjølv meiner, i tillit til at den andre forstår. Undervegs må altså begge freiste å åpne seg, ikkje vere stengde inne i eigne fordomar.

Slike ideal gjeld all kommunikasjon, i alle medium. Men dei er kanskje lettast å realisere i intim samtale.- Det er ein fare for at den meir intime forma for kommunikasjon lir eit visst nederlag i vår tid. Informasjonssamfunnet opnar for mange interessante nye vyer, men eg trur òg at personen blir meir borte med bruk av til dømes Internett. Eit døme er computerhjelpa som blir tilboden folk med store kommunikasjonsvanskar. Eg las nyleg om ei jente med store talevanskar. Ho fekk ein taleprotese som gjorde det mogleg for henne å kommunisere med omverda. Ei negativ følgje av dette var at ho miste ansiktskontakten som hadde vore så viktig for henne. Nokre dører blir altså åpna, medan andre blir stengde.

Gode fiendar

I Rommetveits studium av kommunikasjon har han kryssa mange faggrenser. Somme har kalla han filosof, somme lingvist, somme psykolog. Han seier sjølv at han har fuska i mange fag. Vi vel å kalle han ein brubyggjar.- Eg skulle ønske eg var ein brubyggjar. Eg ser på spesialiseringa i dag som svært negativ. Det er få igjen av dei gamle generalistane. Eg starta som professor i psykologi utan nokon som helst merkelapp. Dette har gjort at eg har stått nokså fritt både i forsking og undervisning. Eg er overtydd om at vesentlege spørsmål om menneske og samfunnblir liggjande i eit terra incognita dersom ein ikkje vågar å bryte faggrensene.

- Du insistererer på dialog mellom forskarar for at forskingsmiljøa skal vere produktive. Har desse miljøa vore for individualistiske?- Det har vore tendensar før til at forskarane ville eige ideane sine og gøyme det originale i skrivebordsskuffa. Sjølv er eg overtydd om at eg er heilt avhengig av dialog med andre. Det vil ikkje seie at du stadig skal vere i dialog, då får du ikkje nok ro til å finne din eigen posisjon. I lange periodar kan eg sitje åleine og tenkje, men så må eg ut og få impulsar. Eg trur også det er viktig å ha dialog med folk som har heilt andre føresetnader enn deg sjølv. Den svært kjende språkforskaren Noam Chomsky har eit heilt anna syn på språk enn eg. Eg har ofte kalla han min beste fiende. Skal du tenkje ut dine eigne ting, treng du motbør. Ein blir defensiv av for mykje medgang. Eg var heldig og kom tidleg inn ved universitetet og har hatt mykje medgang. Men når det gjeld mitt syn på dialog og kommunikasjon, har eg hatt motbør heile tida. Eit viktig og problematisk aspekt her er at for å bli forstått av representantar for den dominerande retninga, blir du nøydd til å bruke deira språk. Og etter ei tid blir du ein fange.- Er du for lite polemisk?- Eg trur ein av mine tidlegare kollegaer sa eg var for eklektisk, altså at eg plukkar litt her og litt der. Eg var for mykje kommentator av andres forsking, men det trur eg har endra seg litt.

- Det er sagt om deg at du altfor generøst let andre dele æra for det du seier, at du er for snill og integrerande.- Nei, for snill trur eg aldri at eg har vore. Men eg meiner ærleg at min eigen karriere er forma av dialog. Andre forskarar og studentar eg har rettleidd, har alltid tilført meg ting. Og dessutan, dersom eg har ein teori om andre menneske som ikkje gjeld på meg sjølv, då er det noko gale.

Ein og ein er ikkje to

Utsegna styrkjer inntrykket av Rommetveit som ein forskar med ein særleg konsistens når det gjeld samanhengen mellom liv og forsking.- Eg plar seie at det i mi eiga forsking skal vere kontinuitet mellom det eg lurte på som liten unge, og det eg trur eg veit i dag. Eg opplever i det heile ikkje noko skarp grense mellom forsking og liv. Dei spørsmåla eg tek opp i forskinga mi, er aktuelle i mitt eige liv òg. Eg har vore oppteken av born i forskinga mi og har no stor glede av eigne born og barneborn òg. Dei har aldri vore forsøkspersonar, men spreier spontan glede og er givande å vere saman med. Eg plar synge ein bånsull for dei, som går om lag slik: «Sulleli, sulleli lo. Ein og ein er ikkje to, men noko forunderleg anna ...»- Kona mi, som døydde i vår, hadde ei særskilt evne til omsorg for eigne og andres born. Ho var spesiallærar og gav meg mange viktige innspel til mi eiga forsking og til mi vedvarande interesse for innsalget av omsorgsetikk i humanvitskapen. Etter at eg miste henne har eg tenkt mykje over kor viktig dialogen vi hadde var. Det er eit dialogisk aspekt ved måten dei døde lever vidare i oss på, òg.

Det menneskeleg meiningsfylte har stått att som ein rest i mykje forsking, meiner Rommetveit. Dette har til dels å gjere med den bedriftsøkonomiske tankegangen ved universitetet. Når ein må konkurrere om pengar, har den større sjanse som seier at «dette kan det kome nye biofarmaka av» enn den som med langt mindre visse kan seie at dette kan kome til å føre til større sjølvforståing. Rommetveit har stor tru på kunnskap som kan formidlast til vanlege menneske og gi næring til undring og - i beste fall - auka kontroll over eige liv. Nye biofarmaka hjelper til dømes ikkje mot ei krise som den i Jugoslavia. Men det gjer kanskje ei forsking som spreier spørsmål folk kan ta opp sjølv, seier han.- Eg trur likevel ikkje det er så lurt å starte ei universitetskarriere med slike idealistiske tankar. Dette er slikt eg kan grunne over no som eg er emeritus og sit og ser utover sjøen.

Av Solveig Øye
Publisert 3. jan. 2014 10:49 - Sist endret 3. jan. 2014 13:46