MOSKVA/OSLO: Det er naudsynt med likeverd mellom russiske og norske forskarar om eit forskingssamarbeid med Russland skal bli vellukka. Det seier styreleiar Frode Lærum ved UiOs Senter for medisinske studiar i Moskva. Senteret blei etablert for å hindra hjerneflukt frå Russland. Samarbeidsmodellen Universitetet i Oslo har valt, er heilt unik og har vekt interesse hos andre universitet i Europa.