Ivar Aasen likte ikkje å stå i noko rampelys med han levde, og han ville nok ha halde seg like mykje i bakgrunnen i dag om han hadde fått høve til å vera mellom dei fedrane som han ein gong tenkte seg skulle sjå att på jordi, om dei kjende sitt folk og sitt land. Det får no vera som det vil, vi kan ikkje gjera han til viljes i alt, heller ikkje ved eit hundreårsminne.