Han høyrde konkyliane syngje

«Har du to brød, så sel det eine og kjøp ei bok.» Det var mottoet til eventyraren Bjarne Kroepelien. Han samla 5000 bøker om Polynesia, ein skatt Universitetsbiblioteket eig i dag. For Thor Heyerdahl vart møtet med denne boksamlinga starten på eit livsverk.

Bjarne Kroepelien og kona Tui-mata i paradisisk stemning på Tahiti. (Foto: Universitetsbiblioteket)

Ein haustkveld tidleg på 1930-talet banka ein ung zoologistudent for-siktig på døra til Bjarne Kroepelien i Thomles gate 4 i Oslo. Innanfor venta ei heilt ny verd, ei verd av palmesus og kokosnøtter, av korallrev og eksotiske kvinner. Den enorme boksamlinga om Tahiti og dei andre øyane i Polynesia var eit funn for den unge mannen, og han las alt saman. Bøkene var med på å gjere han til den mest kjende nordmann i verda.

- Samlinga vart i aller høgste grad avgjerande for mitt vegval vidare i livet. Det var som ein draum å få tilgang til desse bøk-ene. Eg fekk lese alt som var pub-lisert om dei polynesiske øyane, både den vitskaplege og den skjønnlitterære delen. Det gav meg eit betre utgangspunkt enn nokon då eg reiste dit for første gong i 1937, seier Thor Heyerdahl.

Han vart kjent med Kroepelien gjennom foreldra sine som var i bryggeribransjen. Kroepelien var vinhandlar.

- På denne tida gjekk eg på førelesingar på universitetet, og elles brukte eg all tida mi i biblioteket til Kroepelien. Rommet var ikkje særleg stort, men det hadde ein fantastisk atmosfære med alle førsteutgåvene og dei gamle skinn-ryggane. Veggane var stappfulle med bøker frå golv til tak, seier Heyerdahl, og fortel at Kroepelien frå første stund var interessert i det han dreiv med.

- Eg vart motteken som ein son i huset. Men han var nok ikkje like enkel å omgåast for alle. Han var absolutt ein sterk personlegdom, seier Heyerdahl. Han kan fortelje at Kroepelien hadde ei øy i Oslofjorden, der han elska å leve på polynesisk vis.

- Når folk nærma seg øya, brukte han å springe naken mot dei for å skremme dei vekk!

- Eg er evig takksam mot Kroepelien fordi han let meg få tilgang til samlinga, og dermed gjorde meg førebudd til å møte det mange andre trudde var eit eventyr. Plantelivet på Marquesas-øyane viste at det må ha vore ferd-sel mellom desse øyane og Peru. Samlinga gav meg grunnlaget for å hevde dette. Det gav meg styrkje til å kjempe mot overmakta, seier Heyerdahl.

Møtet med Tahiti

Kroepelien var sjølv berre 27 år gammal då han første gongen såg palmane på Tahiti stige opp av horisonten. Han vart buande på øya i to år, og då han reiste, var han merkt for livet.

Det låg ei paradisisk stemning over Tahiti då Kroepelien steig i land i 1917. Naturen var frodig, rik og urørd, og maten kunne han plukke frå trea. Og snart gifta han seg med ei vakker tahitisk kvinne, Tuimata.

Kroepelien var også ein ivrig fjellklatrar, og dei uklatra toppane på Tahiti freista. Han kom nesten til topps, men måtte snu på grunn av vassmangel. Om lag førti år seinare gjekk det ei melding over amerikanske telegrambyrå om at ein klatreekspedisjon hadde funne ein flaskepost på eit svært vanskeleg tilgjengeleg fjell. I brevet stod det: «Vi var på villsvinjakt og forsøkte en dag å nå toppen av Orohena. Vi nådde hit! Bjarne Kroepelien.»

Men den paradisiske tilstanden skulle ikkje vare lenge. Øya vart ramma av spanskesjuka, og ein tredjedel av innbyggjarane døydde. Kona til Kroepelien var ei av dei. Trass i den personlege tragedien gjorde Kroepelien ein stor innsats under epidemien. For det fekk han seinare den franske Æreslegionen.

Enorm boksamling

Kroepelien vende aldri tilbake til Tahiti, og han fortalde Heyerdahl at han heller ville leve med dei minna han hadde frå tida med kona Tuimata.

- Han var klar over dei sam-funnsendringane som hadde skjedd og ville ikkje bli skuffa, seier Heyerdahl.

I staden samla han altså bøker om dei polynesiske øyane. Han kjøpte dei i antikvariat i utlandet, og boksamlinga vart den største i sitt slag i verda. Samlinga er i dag i hovudsak plassert i KonTiki-museet på Bygdøy.

Godbitane står på rekkje og rad i samlinga, gulna førsteutgåver av segnomsuste bøker. Spesielt imponerande er ei samling om mytteriet på Bounty, som skjedde like ved Tahiti. Samlinga har alle dei tidlege bøkene, mellom anna den første boka kaptein Bligh skreiv om mytteriet. Boka kom ut allereie i 1792 og inneheld for-svarstalen som kapteinen heldt i rettssaka om mytteriet.

Kroepelien sikra seg òg det einaste kjende eksemplaret av den første boka som vart trykt på Tahiti. Den vart trykt i 1818 og er ei samling kristne salmar, utgjeven av europeiske misjonærar. Den første ABC-boka på polynesisk er også representert, heller ikkje av den finst det andre kjende eksemplar i verda. Ein annan sentral del av samlinga er 250 bøker om kaptein Cooks reiser i Stillehavet.

Handskrivne avisa Le Sourire

Gauguin gav ut den handskrivne avisa, «Le Sourire», på Tahiti. Utgåvene som Universitetsbiblioteket eig, er i dag verd millionar. (Foto: Universitetsbiblioteket)

Gauguin gav ut avis

Men av alle perlene i samlinga er det ei som glitrar meir enn dei andre. Det er den komplette utgåva av avisa Le Sourire, som den franske målaren Paul Gauguin gav ut under sitt opphald på Tahiti rundt hundreårsskiftet. Avisene er handskrivne og illustrerte med Gauguin sine eigne teikningar.

Le Sourire hadde berre 30 abonnement. Det finst to komplette sett av desse avisene i verda, det eine i Frankrike og det andre på Universitetsbiblioteket. Kroepelien kjøpte avisene av ein fransk offiser på 1950-talet og betalte under ti tusen kroner for dei. I dag er dei verd millionar.

Ville spreie samlinga

I eit intervju med Aftenposten rett før han døydde i 1966 sa Kroepe-lien at han ønskte samlinga spreidd for alle vindar. Årsaka var at han i 1946 hadde besøkt ei boksamling i eit bibliotek i Cape Town. Overbibliotekaren der kunne fortelje at dei hadde fått samlinga i 1868, og at Kroepelien var den første som hadde bede om å få sjå den. «Det skal ikke hende med mine bøker,» sa Kroepelien. Han syntes det var betre å selje dei slik at andre fekk sjansen til å komplettere sine samlingar. Men Universitetsbiblioteket kjempa hardt for å hindre at samlinga vart spreidd og klarte å skrape saman to millionar kroner, nok til å få kjøpe samlinga av arvingane.

«Konkylien syng berre for den som forstår å lytte,» heiter det i eit tahitisk ordtak. Bjarne Kroepelien høyrde songen i sin ungdom, og gløymde han aldri.

Emneord: Språk og kultur, Kulturhistorie, Historie, Litteraturvitenskapelige fag Av Nils H. Harnes
Publisert 1. feb. 2012 12:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere