Den lange ferda

Ivar Aasen likte ikkje å stå i noko rampelys med han levde, og han ville nok ha halde seg like mykje i bakgrunnen i dag om han hadde fått høve til å vera mellom dei fedrane som han ein gong tenkte seg skulle sjå att på jordi, om dei kjende sitt folk og sitt land. Det får no vera som det vil, vi kan ikkje gjera han til viljes i alt, heller ikkje ved eit hundreårsminne.

Dei åra Ivar Aasen reiste rundt i landet og samla og systematiserte norsk mål, var han ein sprek kar på kring 30 år som gjekk mykje av vegen. Men alle bilete av han syner en eldre mann, på somme med pipe, penn og papir. (Teikning: Gustav Lærum)

Denne artikkelen er eit utdrag av foredraget som professor Kjell Venås heldt ved opninga av utstillinga «Den lange reisa» på Universitetsbiblioteket. Utstillinga er om Aasen og samlearbeidet hans, laga i høve «Ivar Aasenåret 1996». Utstillinga vart opna av kulturminister Åse Kleveland den 20. februar og varer til den 25. mai.

Ivar Aasen vart fødd ni månader før frigjeringsverket på Eidsvoll i mai 1814, og han levde til ni år før sambandet med Sverige vart oppløyst i juni 1905. Han spøkte sjølv med at han var fødd i naudåret 1813; det var nok grunnen til at han hadde vorte så liten og puslut.

Bakgrunnen for det store prosjektet hans var språkstoda i det frie Noreg. Det gamle norske skriftspråket hadde gått under i sambandstida med Danmark, og vi hadde fått dansk som skriftspråk. Det hadde gjeve eit mishøve mellom skriftspråket og talemålet i landet. Denne motseiinga var innhaldet i det norske språkspørsmålet etter 1814. I 1830-åra vart det tenkt ut to måtar å løyse det på. Henrik Wergeland stod for den eine: fornorsking. P.A. Munch nemnde i nokre få setningar den andre: eit skriftmål bygt på ein norsk dialekt. Ivar Aasen, huslæraren åt kaptein Ludvig Daae på herregarden Solnør tre mil frå Ålesund, las det dei skreiv, og i januar 1836 sette han ned for seg sjølv tankane sine om språkstoda i landet. Han gjorde det med eit ope auga for både den nasjonale og den sosiale sida av saka. Den 22 år gamle sunnmøringen skreiv at det «altid» hadde «smertet [ham] bittert at høre vort Almuesprog krænkes og belees», og han ville reise opp att det gamle målet som bøndene trufast hadde teke vare på gjennom sambandstida med Danmark.

Solnør gard

Etter sju år som huslærar hjå kaptein Ludvig Daae på Solnør gard (1835-42) folet Ivar Aasen heimtraktene, og gav seg ut på ei språksamlarferd som kom til å vara innpå fire år (1842-46).

Ivar Aasen hadde ikkje i 1836 tankar om at det var han som skulle setja det store prosjektet ut i livet. Det lukkelege var at han kom «då tida var fullkomen», for å seia det med dei orda i den nynorske Bibelen som svarar til det Bibelen på bokmål kallar «tidens fylde».

Dei nasjonale impulsane som gjekk saman med den heimlege utforminga av romantikken, hadde gjort den åndelege jordbotnen i Noreg mottakeleg og open for Ivar Aasen og sædet han kom med. Det laga seg slik at han kunne ta ut på den lange ferda mellom 1842 og 1846. Vitskapsarbeidet med landsvidt sikte tok til med at han gjorde oppskrifter av norsk mål. Ferda la med det også grunnlaget for tilskotet Aasen gav til å løyse det norske språkspørsmålet: Det var å skapa eit skriftspråk bygt på heimleg overlevert talemål. Det er derfor eit godt val Universitetsbiblioteket har gjort med å knyte minneframsyninga til den lange ferda.

Frå Volda til Kristiania

Ferda tok til med at Ivar Aasen sette over Voldsfjorden frå Ekset den 29. september 1842, og ein kan seia ho var fullført då han kom attende til Trondheim frå Helgeland i desember 1846. I Trondheim rekna han saman kor langt han hadde fare, og kom til 403 mil. Han hadde gått til fots, han hadde hatt hesteskyss, mellom anna over vatn på Sørlandet der isen var utrygg. Han hadde hatt båtskyss på Tyrifjorden med rorskarar som styrkte seg med ei flaske brennevin på ferda, slik at den eine ikkje var god for å ro anna enn på tvers. Etter båtturen gjekk han på føtene fram og attende til Hallingdal, der han var i seks veker på Nes. Midt i juli 1845 «ankom» så Ivar Aasen ein dag «ved Middagstiden og i en skrækkelig Varme til Kristiania». Med Hamsuns ord eit halvt hundreår seinare: «denne forunderlige by, som ingen forlater før han har fåt mærker av den ...». Dagen han kom til Kristiania, kan vi setja i høve til ein viktig dag i norsk boksoge. Det var nett ei veke etter at Henrik Wergeland hadde late att augo sine i Hjerte-rum. Med unntak av at han var eit år i heimbygda, kom ikkje Ivar Aasen til å forlata Kristiania anna for nye ferder før han døydde der ein septemberdag i 1896.

Likte lite å reise

Ivar Aasen likte seg ikkje noko særleg på den lange ferda eller på andre ferder. For sin eigen del ville han ha gjeve opp heile ferdalivet fortast mogeleg. Han tykte det var ei plage å ta inn hjå framandfolk, mest fordi dei ikkje hadde noko skjøn for ærendet han kom med. Dei fleste meinte nok han hadde minst éin skrue laus, som kom med papir og skrivegreier og tok til å spørja dei ut om korleis dei sa det og det, og så skreiv det ned og støtt sat og funderte over oppskriftene sine.

Nokre få hadde likevel skjøn for det han stelte med. Det var ein del av oppgåva å finne fram til dei rette heimelsfolka. Når Aasen kom til ei ny bygd, var han på jakt etter det han sjølv kalla «en dannet Mand». Ein god heimelsmann i Hardanger var skulehaldaren Johannes Lofthus, som var «en ung og dannet Mand»; det fortel at mogen eller høg alder ikkje var noko avgjort krav til ein heimelsperson. Tanken på Lofthus fekk Aasen til å klårgjera omgrepet: «Ved en dannet Mand mener jeg ikke en fornem Mand, men en oplyst, fordomsfri og ædelt tænkende Mand, enten han saa er Bonde eller Stormand.»

Kvinner og menn

Det er også rett å tala om «Mand» i tydinga `person av hankjønn' og ikkje berre i tydinga `menneske'. Ein finn bortimot 100 namngjevne mannlege heimelsfolk eller hjelparar i reiseminna frå 1842 til 1846, men ingen heimelskvinner har fått namnet sitt der. I Seljord høyrde Aasen at «En Jomfru Crøger» hadde samla folkeviser, men nemner ikkje at han tala med henne. Men om Aasen ikkje nemner kvinner som beinveges heimelsfolk, tala han sjølvsagt ved kvinner og var oppteken av det særlege ordfanget dei kjende. Frå Sogndal gjev han att ei samrøde mellom to kvinner, og frå Jæren har han ein forvitneleg karakteristikk av korleis ei viss kvinne tala. Han skriv at mange bondefamiliar der merkte seg ut ved «særdeles Kundskab og Dannelse», og held så fram:

Blandt flere Exempler herpaa vil jeg især omtale en gammel Kone, hvis klare fleersidige Anskuelser af forskjellige Ting jeg havde Anledning til at høre. I et simpelt, flydende og smagfuldt dannet Bondesprog talede hun, i Anledning af de nylig afholdte Storthingsvalg, om forskjellige offentlige Anliggender, og det med en Fordomsfrihed, Indsigt og tillige Beskedenhed, som selv iblandt de saakaldte «mere dannede» er sjelden at høre.

I Rauland var den eldre Richard Berge heimelsmann for Aasen. Han var ein av dei få som hadde skjøn for Aasen og arbeidet hans, noko ein annan teledøl fortel om:

Ein gong var Ivar der midt i slåttonni, rett høyvêrsdagar. Folk hadde ingi tid til å stusla med ord og uppskriving. «Eg minnest endå eg trega så på at eg høya den dagen,» sagde Richard ofte, når han tala um Ivar; «de va kje større mon i de. Og Ivar ville no så gjønne få skrive desse gamle ori. Men han va no så venlege, han Ivar, og han gjekk ette kòn i slåttun og sette seg å skreiv».

Kjelder som flaut fritt

Ein eigen måte til å få fram kunnskap om språk i spontan bruk var det å lyde på forhøyr. Det gjorde Aasen i to dagar då han var i Ryfylke på langferda. Fyrst tala han ved ein lensmann og ein fullmektig, sjølvsagt for å få løyve til å vera til stades. I 1853 var han forresten på Botsfengslet for å tala med ein setesdøl som sat der.

Det finst ikkje mykje om korleis han arbeidde med heimelsfolka, men når ein i telegramstilen i dagboka les merknader som «Hørt meget» eller «Talt med mange Folk», fortel det truleg at han samla inn frå kjelder som flaut fritt. Ei soge frå Meldal går ut på at Aasen hadde metodar som svarar til nyare bruk av løynt kamera, med å gøyme seg på loft og bak hesjar for å lyde på folk. Eg står ikkje inne for at det er noko meir enn ei segn.

Men meir om ferda og arbeidet skal vi nok få vita av den utstillinga som er stelt til. Eg gled meg til å sjå sjølv, seier takk til dei som har fått dette i stand og til alle andre: Lat oss gå og sjå.

Fakta

Aasen og Universitetsbiblioteket

Universitetsbiblioteket er ein del av universitetet, og om Ivar Aasen ikkje gjekk så mykje på førelesingar, var han ein sjølvsagd brukar av tenestene biblioteket ytte. Etter han fall ifrå, har biblioteket teke vare på dei etterlatne uprenta skriftene hans og på brev til og frå han. Tilfanget har vorte ordna og kartotekført, slik at det er lett å bruke. Dei siste fire-fem åra har det gått for seg eit storlagt arbeid med å gje ut alle oppskriftene som finst etter Ivar Aasen, frå den lange ferda og seinare. Det blir gjort som lagarbeid av to ved Universitetet i Bergen, Jarle Bondevik og Oddvar Nes, og ein ved Høgskulen i Volda, Terje Aarset. Tilfanget finst i handskriftsamlinga ved biblioteket. Dei har fått mykje hjelp og stønad der, slik at dei kan arbeide med det i Bergen og Volda, og dei er takksame for det. Arbeidet med det Ivar Aasen gjorde, går såleis godt vidare no, og tilfanget etter han vil bli lettare å nytte ut.

Kjell Venås er professor i nordisk målvitskap ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Han kjem med ein Aasen-biografi om ikkje så lenge: «Då tida var fullkomen. Ivar Aasen.»

Emneord: Språk og kultur, Språkvitenskapelige fag, Nordiske språk, Litteraturvitenskapelige fag, Nordisk litteratur Av Kjell Venås
Publisert 1. feb. 2012 12:19 - Sist endret 13. mai 2019 14:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere