Fem studenter om forskning
- Kva legg du i ordet forskar?
- Kva legg du i ordet forsking?
Ram Gupta, hovudfagsstudent i religionshistorie
- Ein forskar er i mange tilfelle ein person som meiner å vita ting betre enn andre, men den reelle skilnaden er at han eller ho klarer å legitimera det dei meiner dei veit på ein annan måte. Problemet til forskaren er at han/ho ikkje forstår at dette er den einaste skilnaden. Det forstår heller ikkje dei andre som ikkje forskar.
- Forsking er ting ein vil finna ut, men som ein ofte veit om frå før. Kort sagt går det ut på å finna argument som kan legitimera det ein veit frå før. Andre gonger går det ut på å finna ut at det andre tidlegare hadde forska seg fram til, ikkje stemmer.
Trond Nygaard, hovudfagsstudent i russisk
- Ein forskar er ein som på eit vitskapleg grunnlag forsøker å klara opp ein problemstilling eller hypotese.
- Forsking er det ein forskar held på med. Utifrå eit vitskapleg system prøver ein å løysa ei problemstilling for å finna fram til ny kunnskap.
Hege Hisdal, stipendiat ved Institutt for geofysikk
- Ein forskar er ein som prøver å finna fram til ny kunnskap om eit eller anna tema.
- Forsking er å finna fram til ny kunnskap og ny viten.
Hege Reithe Frium, hovudfagsstudent i matematikk
- Ein forskar er ein person som har fordjupa seg i det han eller ho er interessert i og får betalt for det.
- Forsking er ein heilt naudsynt ting som inneber å fordjupa seg i eit spesielt emne.
Anna-Margrethe Hagness, grunnfagsstudent i mekanikk og matematikk
- Ein forskar er eit individ med eit godt utvikla nervesystem. Det er ein som ved sjølvstendig tenking eller ved hjelp av andre klarer å setja denne kunnskapen i samanheng med annan kunnskap. Det er viktig at denne personen er kritisk til den kunnskapen han eller ho skal forska på.
- Forsking er alt det som tilfredsstiller desse krava. Her kjem også etikken inn som til dømes under dyreforsøk.
Logg inn for å kommentere
Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere