Irans Ibsen-ekspert

KERMAN, Iran: Behzad Ghaderi var tolv år gamal då han oppdaga kva han skulle bli. Han hadde lese ”Bygmester Solness” av Henrik Ibsen, og kjent igjen faren sin i hovudpersonen. I dag er han Ibsen-forskar ved Universitetet i Kerman i Iran.

OMSETTAR: Behzad Ghaderi omset Ibsen til persisk. Foto: Ola Sæther (©)

– Faren min var også ein av dei som byrja å byggja mange flotte ting i tre, men han klarte heller aldri å fullføra dei, akkurat som ”Bygmester Solness”. Eg fann ei form for heroisme eller heltedyrking i dette stykket, fortel Behzad Ghaderi.

Apollon treffer han på kontoret hans i byen Kerman i det søraustlege Iran, 17 mil frå byen Bam som blei lagt i grus under jordskjelvet 2. juledag. Kerman ligg i ein oase i eit av verdas tørraste område.

– Akkurat no er me litt uroa over at det ikkje har regna ein drope her på over eitt år, seier Ghaderi, medan han og sjåføren til Universitetet i Kerman kjører oss rundt for å visa oss byen og universitetsområdet. Ein iransk mangemillionær gav på 1970-talet mange pengar til universitetet.

– Det einaste vilkåret han sette, var at han måtte få bestemma arkitekturen på alle dei nye bygningane. Difor er bygningane blitt rektangulære og sjellause, synest Ghaderi.

– Der er forresten Matematisk institutt som ligg heilt i verdstoppen i matematikkforskinga, ropar han og peikar på ein grågul bygning i fire høgder i utkanten av campus.

– Og Universitetet i Kerman er blant dei ti beste i Iran, legg han til.

Etter ein halv times rundtur er me komne fram til kontoret hans på Det historisk-filosofiske fakultetet. Han seier seg lei for at det framleis er ganske nakent på veggane. Skulda for det gir han alt stresset etter at han kom tilbake frå eit eitt år langt eigenfinansiert forskingsopphald ved Ibsen-senteret ved Universitetet i Oslo i september 2003.

Kveldsforsking

– Då måtte eg berre setja i gang med forelesingane mine i engelskspråkleg litteratur med ein gong. Som førsteamanuensis i litteratur underviser eg både i drama, litteraturteori og i omsetjing av skjønnlitteratur. Dette tar så mykje tid at eg aldri kjem heim før klokka halv ni om kvelden. Først då får eg tid til å driva med forsking, men då har eg vanskeleg for å konsentrera meg for koordineringa mellom kropp og tanke er ikkje alltid på plass, seier han.

Han har også kritisert sider ved det iranske samfunnet han ikkje likar.

– Eg har offentleg gitt uttrykk for at eg er kritisk til den nasjonale utdanningspolitikken. Noko anna jobbtilbod enn universitetslærar har eg aldri fått, men eg trur ikkje det er fordi styresmaktene er blitt leie av meg. Men eg har alltid prøvd å vera ein sann intellektuell, det vil seia at eg alltid prøver å sjå ei sak frå to sider, fortel han.

Det han er mest uroa over, er forholdet til enkelte av kollegaene sine.

– Invasjonen av store studentmassar og haugen av ukvalifiserte lærarar som får ein eller annan grad frå ein eller annan stad i verda og lèt som om dei er lærarar, gjer meg sint. Udugelege lærarar har svekka sjansen vår til å koma i dialog med våre verkelege forskarkollegaer, fortel Ghaderi.

Behzad Ghaderi

KJENNER NORDEN: – Både Ibsen, Hamsun og Strindberg har hatt ein viktig påverknad på dykkar tankemåte. Difor er de annleis, seier den iranske ibsenforskeren Behzad Ghaderi om den skandinaviske veremåten. Foto: Ola Sæther (©)

Peer Gynt på persisk

Det er altså den engelskspråklege litteraturen han lever av, men det er ikkje den han lever for.

– Teaterstykka til William Shakespeare har aldri appellert til meg. Me har ikkje det same inntrykket av Stormen (”The Tempest”) som de i Europa har. I Iran tolkar me det som ein kolonialistisk tekst på same måte som mange andre av stykka hans. Hos Henrik Ibsen finn du dette berre i ”Peer Gynt”, aldri i dei andre dramastykka han har skrive, meiner Ghaderi. Den veka me treff han, skulle han til Teheran for å levera si eiga omsetjing av ”Peer Gynt” til persisk til forlaget.

– Alle nordmenn spør meg kvifor eg har tatt på meg å omsetja eit stykke som er så norsk og nasjonalromantisk som ”Peer Gynt”. Sanninga er at ”Peer Gynt” også er internasjonal. Alle land, også Iran, har forteljingar om personen som ikkje fann seg til rette i sin eigen landsby og la ut på ei mental eller fysisk reise langt frå heimbygda si. Mange synest sikkert det er rart at eg omset ”Peer Gynt” til persisk utan å kunna originalspråket. Svaret mitt er at eg på den måten kanskje sit igjen med meir av det som er allmenngyldig med stykket, og mindre av det som er spesielt nasjonalt, fortel han.

Det var under opphaldet på Ibsen-senteret han gjorde mesteparten av dette arbeidet.

– Eg samarbeidde med Asbjørn Aarseth medan eg prøvde å lesa originalmanuset ved sidan av omsetjingar til engelsk av ”Peer Gynt”. Dei gongene eg var i tvil om kva eit ord i originalmanuset kunne tyda, spurte eg Asbjørn om det kunne tyda noko sånt som ”det eller det”. Dei gongene han nikka samtykkjande, la eg inn den tilsvarande tydinga på persisk. Neste gong eg omset eit Ibsen-stykke, skal eg læra norsk først, og så omsetja stykket direkte frå grunnteksten, lovar han.

Ibsenske nordmenn

”Peer Gynt” sluttar aldri å fascinera han.

– Dette stykket er unikt for samtidig som det er internasjonalt har det også ein god del av det norske og det norske språket i seg. I det heile tatt er de nordmenn uttrykk for noko svært ibsensk: De prøver nemleg heile tida å sjå ei sak frå fleire sider og unngår å generalisera, meiner Ghaderi.

Han gjer denne analysen av den skandinaviske veremåten:

– De er forskjellige frå andre europeiske kulturar, men de klarer ikkje å sjå det sjølv. Både Ibsen, Hamsun og Strindberg har hatt ein viktig påverknad på dykkar tankemåte. Difor er de annleis, seier han. Etter at han hadde lese både ”Bygmester Solness” og ”Brand”, har han tolka dei to stykka på ein annan måte enn den første gongen han las desse stykka. – I byrjinga tolka eg dei to stykka som eit forsøk på å skapa eit slags heroisk Utopia. Med åra har eg kome fram til at stykka eigentleg handlar om at heroismen er død, tykkjer han. Ghaderi er også overtydd om at tre av Ibsens stykke høyrer saman i ein trilogi. – Ja, det gjeld for ”En folkefiende”, ”Vildanden” og ”Rosmersholm”, medan eg ser ”Kejser og Galieer” som Ibsens versjon av Odyseen. I det heile tatt er eg overtydd om at eit felles tema for alle stykka til Ibsen, er korleis idealismen fell i grus. Det er grunnen til at det gir meg så mykje å arbeida med desse teaterstykka, og det er også difor Ibsen framleis er aktuell i den kulturen me lever i i dag, seier Ghaderi entusiastisk.

Aktuelle Ibsen – Men på kva måte er Ibsen aktuell i Iran i dag?

– ” Et dukkehjem” har tidlegare hatt ein god del å seia for at kvinnespørsmål er blitt tekne opp i Iran. Dessutan har også ”En folkefiende” blitt sett opp på iranske teater. Det skjedde første gong for 40 år sidan. Og den gongen blei stykket tolka som eit sosialkritisk drama. I 1993 laga regissøren Dariush Mehrjui ein film med tittelen ”Sara”, som var inspirert av ”Et dukkehjem.” I den filmen blei stykket tolka som ei skildring av kvinna si stilling. Ein kan gjerne tolka stykket som kvinnefrigjering, men ikkje gløym at Ibsen sjølv fortalde at han berre hadde tenkt på Nora som eit vanleg menneske, understrekar Ghaderi. Men også stykke som ”Gengangere”, ”Hedda Gabler”, ”John Gabriel Borkman” og ”Når vi døde vågner” er tidlegare sette opp på teaterscener i Iran.

– Det som gjer Henrik Ibsen så stor, er måten han set saman stykka sine på. Han maktar den kunsten det er å utfordra den tradisjonelle måten å fortelja eit teaterstykke på i si eiga samtid. For meg handlar til dømes ”Rosmersholm” om å tenkja gjennom på nytt kva som eigentleg er europeisk identitet. På denne måten innleia Ibsen postmodernismen, meiner den iranske Ibsen-forskaren.

Teater utan kunst

– Er det mange stykke av Ibsen eller Strindberg som blir sette opp i Iran i dag?

– Viss det hadde vore kunstnarlege teater i Iran i dag, ville stykka til desse dramatikarane heilt sikkert blitt sette opp. Men viss du går i eit iransk teater i dag, så set dei berre opp stykke som kan vera av teknisk verdi, men som ikkje inneheld noko som kan kallast kunst. Likevel må de ikkje samanlikna Iran kulturelt med Irak eller Afghanistan, ber han om.

– Du er den einaste Ibsen-forskaren ved Universitetet i Kerman. Føler du deg ikkje isolert?

– Både ja og nei. På jobben har eg ikkje så mange som eg kan diskutera Ibsen med, men heime har eg Internett. Så på den måten kan eg halda kontakten med ”The Ibsen Society” i New York og med forskarane på Ibsen-senteret i Oslo. Før det eitt år lange opphaldet i Oslo, følte eg meg nok mykje meir isolert enn eg gjer i dag. No får eg heile tida fagleg støtte frå dei. Dessutan eksisterer det eit Ibsen-selskap i Teheran også, sjølv om det ikkje kan skilta med det same aktivitetsnivået som Ibsen-selskapet i New York. Dei vil nok ha bruk for hjelp frå det norske Henrik Ibsen-selskapet om det skal kunna driva sitt eige Ibsen-bibliotek. Håpet mitt er at Ibsen skal få den same posisjonen i det iranske teateret som han har i resten av verda, seier Ghaderi, som fekk besøk av Asbjørn Aarseth frå Ibsen-senteret i januar 2004.

– Me hadde eit stort Ibsen-seminar i det største forsamlingslokalet til Universitetet i Kerman. Og eg er overtydd om at det er gjennom kulturelle og mellommenneskelege kontaktar at det vil vera mogleg å få ein dialog i staden for ein konfrontasjon mellom sivilisasjonar.

Emneord: Språk og kultur, Litteraturvitenskapelige fag, Nordisk litteratur, Allmenn litteraturvitenskap Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2012 12:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere