Ritual skaper kollektiv minnearv

Interessa for ritual er aukande. Dei er med på både å skape og ta vare på vår kollektive minnearv.

MINNEARV: Rituala har ein viktig funksjon ved at dei tek vare på fellesminne. Foto: Colourbox

– Ritual er viktige for å skape felles forståingsrammer og halde på det kollektive minnet. Eg har vanskeleg for å sjå for meg eit samfunn fritt for ritual, seier Arne Bugge Amundsen ved Institutt for kultur og orientalske språk på Universitetet i Oslo.

Saman med ei rekkje kollegaer har han gitt ut boka Ritualer, kulturhistoriske studier. Boka analyserer ei rad velkjende ritual som påske, bryllaup, fødselsdagsfeiring, gravferd og Halloween.

– Fram til omkring 1980 var studiet av ritual i stor grad kopla til religion og religiøs praksis. I dag er det vanleg at ritualforskinga også omfattar kollektive og symbolske handlingar som står i ein sekulær samanheng, seier Bugge Amundsen.
Slike ritual er sjeldan politisk eller historisk nøytrale.

Kollektiv minnearv

Feiringa av 17. mai er eit slikt ritual. Talane den dagen strekar under kor viktig fridom og demokrati er, verdiar som dei aller fleste kan samle seg om.

– Rituala har ein viktig funksjon ved at dei tek vare på fellesminne. Deltakarane blir bundne saman i ei sams handling som gjer dei i stand til å ta vare på felles erfaringar, verdiar og tolkingar, seier Bugge Amundsen.

Nye ritual kan også opprettast for å hindre at hendingar glir ut or vårt kollektive medvit. Kyrre Kverndokk fortel i boka om korleis ein del land har innstifta den 27. januar som ein offisiell minnedag for Holocaust. Spesielt i Sverige har denne dagen sidan 2001 utvikla seg til ei landsomfattande markering. I tillegg til å minnast holocaustoffera, skal dagen også brukast til å ”bekämpa intolerans, främlingsfiendtlighet, rasism och antisemitism i vår tid och vid varje tilfälle i framtiden”.

– Det er interessant at svenskane har lukkast med å etablere eit slikt landsomfattande ritual på så kort tid, seier Bugge Amundsen. For sjølv om ein politisk ønskjer å innføre ei slik markering, vil det aldri kunne bli vellukka om ein ikkje har folk med seg.

ALDRI RITUALLAUST: – Eg kan vanskeleg sjå for meg eit samfunn utan ritual, seier professor Arne Bugge Amundsen som saman med ei rekkje kollegaer har han gitt ut boka Ritualer, kulturhistoriske studier. Foto: Harald Aas

Rituala skifter meining

For nye herskarar har det vore vanleg å tilrane seg rituala og gi dei nytt innhald. Sjølv i eit tvangssekularisert samfunn som det gamle Sovjet, erstatta ein dei gamle rituala med nye. Ritual er altså ikkje noko som berre høyrer religiøse samfunn til.

– Under den franske revolusjonen blei Notre Dame i Paris storma og reinska for katolske symbol. Men kyrkja vart verande ein rituell stad: Dei etablerte eit alter for fornufta og innførde borgarritual i pakt med revolusjonens ideal. Dette viser at ritual er like viktige i sekulære samfunn som i religiøse, seier Arne Bugge Amundsen.

Ritualmeistrar

Ritual er alltid prega av ei ytre handling, og ein kan godt delta i eit ritual utan å skjønne så mykje av kva det betyr. Ofte er det ritualmeistrane, det vere seg politikarar, prestar eller andre ressurspersonar, som er tolkarar av innhaldet i rituala. Men det er ikkje sikkert at den vanlege deltakar deler ekspertane sitt syn. Ritual kan også bli skapte på grasrota, mot ekspertane sin vilje.

I dag er det vanleg at folk tenner lys på gravene på helgemessesøndag (allehelgensdag), hjå oss første søndag i november, for å minnast dei døde. Dette er eit nytt ritual som den lutherske kyrkja var svært negativ til då det begynte å breie om seg. Somme meinte det burde bli forbode, andre at kyrkjegardene burde stengjast denne kvelden, fordi slik lysbrenning ikkje har nokon tradisjon i den protestantiske kyrkja. Men lysbrenninga er no akseptert. Også gravferdsrituala har endra seg. Etter påtrykk frå engasjerte ritualbrukarar er gravferdslova blitt endra dei seinare åra, slik at det no er tillate å spreie oska med vinden.

– Rituala utviklar seg heile tida, og dei fleste forsøk på å styre dette ovanfrå mislukkast. Halloweenfeiring er dei seinare åra blitt svært populært, trass i meiningselitens motstand, seier Bugge Amundsen.

– Det oppstod tidleg ein verdiladd debatt i media, der ekspertar og forståsegpåarar sabla ned det nye ritualet. Dei meinte det ikkje hadde noka norsk forankring, at fokuseringa på død og forderving gav barne- og ungdomskulturen ein negativ valør, og dessutan var det altfor amerikansk, kommersielt og difor ‘fy, fy’, seier Bugge Amundsen. På grasrota hadde dei ei heilt anna oppfatning, og Halloweenfeiringa breidde om seg.

Ritual i vinden

Sidan ritual og rituelle handlingar frå gammalt av har vore kopla til religion, kunne ein tenkje seg at rituala blir færre etter kvart som samfunnet vert stadig meir sekularisert. Bugge Amundsen har ikkje inntrykk av at det er tilfelle. Snarare tvert imot.

– I dei seinare åra har interessa for ritual blomstra opp. Vi har fått Valentinsdag og Halloween, og vi legg meir i bryllaupsfeiringane og pussar støv av gamle ritual av ymse slag, eller lagar nye. Denne typen kollektive markeringar synest framleis å fylle viktige kulturelle og sosiale funksjonar.
Rituala er kjenneteikna av at dei består av faste og forventa handlingar. Dette skaper ein fellesskap hjå dei som deltek. Men det er også ein tendens til at folk ønskjer å setje sitt individuelle preg på ritual som markerer viktige hendingar i livet deira. Dei gifter seg ikkje alltid lenger i kyrkja, men vert vigde i stadig meir kreative situasjonar, i ein telefonkiosk, under eit fallskjermhopp eller med dykkardrakt under vatn.

– Folk ønskjer å justere rituala slik at dei ytre rammene, sjølve handlinga, blir i tråd med det dei sjølve står for og vil. Då verkar ritualet sterkast. På den andre sida er desse individuelle tilpassingane med på å endre rituala innanfrå. Sjølv om rituala kan verke uforanderlege, er dei i stadig endring, dei også, seier Arne Bugge Amundsen.

Emneord: Kulturvitenskap, Språk og kultur Av Harald Aas
Publisert 1. feb. 2012 11:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere