Nasjonalskatt går i oppløysing

Menneske har ein lei tendens til å øydeleggje nettopp dei tinga vi helst vil ta vare på. Osebergfunnet har fått lide for tidlegare konserveringsmetodar, og no renn tida ut for å berge det som bergast kan.

Den gongen verka det som ein god idé: Då dei vakre tregjenstandane i Osebergfunnet for vel hundre år sidan vart tekne opp av den vassmetta grunnen, vart dei lagde i ei varm, konsentrert alunoppløysing. Meininga var at alunsaltet skulle krystallisere når treet tørka, og dermed støtte opp om strukturen i treverket slik at gjenstandane ikkje ville krympe og sprekke opp.

Dessverre har metoden med tida synt seg å ha ein stygg biverknad: Alunsaltet går inn i ein kjemisk reaksjon som gjer at treverket smuldrar opp innanfrå. I dag er fleire av dei utskorne vikingkunstverka frå Osebergfunnet lite anna enn sagflis halden i hop av ei skinande overflate av lakk og olje, alunkrystallar og litt resterande treverk.

Arbeider på spreng


Sjølve Osebergskipet vart ikkje konservert på denne måten, og er heldigvis i så god stand som ein  kan vente av eit snart 1200 år gamalt skip. Men andre tregjenstandar frå funnet, mellom anna sledane og vogna, er i til dels svært dårleg forfatning. No blir det arbeidd på spreng for å berge skattane for framtidige generasjonar. Men først må forskarane kome til botnen i dei kjemiske prosessane som er i ferd med å ete opp Osebergskattane.

– Det er to ting som skjer: For det første er alunsaltet ujamt fordelt i treverket, og det gjev mekaniske spenningar som kan føre til at treet sprekk. Men det viktigaste er dei kjemiske prosessane. Treverket har svært låg pH. Vi trur at konserveringsprosessen førte til produksjon av svovelsyre, og at svovelsyra har verka på treet i dei hundre åra som har gått, og øydelagt det, seier førsteamanuensis ved Konserveringsseksjonen på Kulturhistorisk museum, Hartmut Kutzke.

I tillegg er metallnaglane og skruane som vart sette inn ved rekonstruksjonen, byrja ruste opp og spreie metallionar i treverket, og dei er dermed med på å forsterke forfallet. Helst vil forskarane både nøytralisere syreåtaket på treverket og fjerne metallionane. Korleis det skal skje, er eit ope spørsmål som blir vanskelegare av at ein ikkje heilt veit korleis alunsalt som har vore oppvarma, oppfører seg, eller korleis alle dei ulike materiala i gjenstandane reagerer på kvarandre.

Utskjeringar skapar problem

SUPERMODERNE: - Det er fascinerande korleis vi kan kombinere gamle arkeologiske funn med supermoderne teknologi, seier Hartmut Kutzke. (Foto: Ola Sæther)

– I Danmark, der dei også har mange gjenstandar som er konserverte med alun, har dei vaska ut alunsaltet med vatn og erstatta det med eit moderne konserveringsmiddel. Det kan vi ikkje gjere med mange av gjenstandane i Osebergfunnet, fordi dei er så rikt utskorne. Prøver vi å vaske ut alunsaltet, kan den tynne overflateskorpa sprekke og utskjeringane falle saman. Gjenstandane er dessutan sette saman av mange hundre fragment, og det kan vere for risikabelt å ta dei frå kvarandre. Vi er nøydde til å fylle treverket med noko anna, seier Kutzke.

Det store spørsmålet blir då: Med kva? Så langt har ikkje Kutzke og kollegaene hans vore nøgde med produkta som er tilgjengelege på marknaden. Difor er dei dristige nok til å eksperimentere med nye materiale.

Vil etterape naturen
 

– Problemet er at det aller meste, inkludert plast, blir brote ned når det kjem i kontakt med oksygen. Det vi vil, er å finne eit materiale som kan brytast ned utan at gjenstandane blir umoglege å konservere på nytt, anten med den same metoden eller med andre metodar som kan ha blitt oppdaga i mellomtida, seier Mikkel Christensen, som er kjemikar og har arbeidet med denne problemstillinga i doktorgradsprosjektet sitt.

Det ideelle ville vere å lære av sjølve treverket: Kan ein lage eit stoff som liknar på tre, oppfører seg som tre og fungerer godt i lag med anna tre? Christensen har prøvd ut ulike idéar, og meiner det kan vere mogleg å få til, men det avheng av at hans del av forskinga blir vidareført når stipendperioden hans no snart går ut. Merkeleg nok har det synt seg vanskeleg å finne finansiering til forskinga. Sidan prosjektet blandar både arkeologi, kulturhistorie, kjemi, materialvitskap og andre fag, passar det ikkje heilt inn i noko av dei tematiske programma hjå til dømes Forskingsrådet, og får dermed ikkje pengar gjennom dei vanlege kanalane.

Gamalt tre og moderne teknikk
 

– Då vi starta med prosjektet, visste vi mindre enn ingenting, ettersom alunkoservering ikkje har vore brukt sidan 50-talet. No har vi ein mykje betre idé om kva som kan vere lurt og ikkje lurt, seier konservator Susan Braovac. Med hjelp av ein bakgrunn i biokjemi har ho gjort ulike analysar og teke avbildingar av Osebergtreverket for å prøve å kartleggje nedbrytingsprosessen som skjer.

– Vi har heldigvis eit godt nettverk og kan bruke eit stort spekter av metodar, frå det enkle til det svært avanserte. Eg tykkjer det er fascinerande å tenkje på korleis dette prosjektet kombinerer gamle arkeologiske funn med supermoderne teknologi, seier Kutzke, som sjølv er kjemikar.

Konserveringa må også ta omsyn til autentisiteten til gjenstandane. Det ville vere enkelt å skanne overflata, lage ein plastkopi og stille han ut for å vise korleis vikingkunstverk kunne sjå ut, men det er ikkje det same som å sjå den ekte gjenstanden.

– Dessutan er det så mange ting vi ikkje veit om desse skattane. Lagar vi ein kopi som berre viser korleis dei ser ut på oveflata, kan ein ikkje finne ut korleis dei faktisk var konstruerte og sette i hop. Det finst alltid nye måtar å sjå på ein gjenstand, og det er vel grunnen til at vi tek vare på dei i utgangspunktet, seier Braovac.

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 9. jan. 2013 15:17 - Sist endret 9. jan. 2013 15:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere