Humor på 1200-talet: Latter som ramma andre

Mellomalderen blir gjerne oppfatta som grotesk og dyster. Eliten på 1200-talet nytta likevel latteren svært medvite - og han runga oftast mest når det gjekk ut over andre. 

OVERLEGEN: Dei sparkar nedover og vil oftast fornærme på 1200-talet. Galgenhumor hadde også sin naturlege plass i mellomalderen. Illustrasjon: Hanne Utigard/Apollon

Kva eliten oppfatta som morosamt i mellomalderen, kan gi oss innsikt om det mellommenneskelege; korleis humor skapte ei form for gruppekjensle og eit klarare skilje mellom venner og fiendar, om den makt og verdi underhaldninga hadde, meiner stipendiat Beate Albrigtsen Pedersen ved Institutt for arkeologi, konservering og historie på Universitetet i Oslo.

Pedersen prøver å finne ut kva underhaldning og komikk hadde å seie i samfunnet og på den politiske arena på 1200-talet.

– Humor har alltid vore med oss, og vi har alltid hatt evna til å le av ting, men kva for rolle humor spelte i mellomalderen og korleis han endra seg over tid, er blitt lite forska på.

Historikaren meiner kunnskap om stormennenes skjemt og spit kan hjelpe oss å forstå tida og menneska på 1200-talet betre.

– Humor blir gjerne sett på som eit useriøst forskingstema, men evna til å more seg og le er ein viktig del av livet og kan gi oss eit anna syn på mellomalderen enn vi vanlegvis har. Vi har eit veldig nasjonalromantisk forhold til sagalitteraturen, og det å lese den som underhaldningslitteratur, håpar eg kan bringe noko nytt. Sagaene var også meint til å more, seier ho.

Mangel på sjølvironi

Og stormennene visste godt korleis dei skulle more seg, ifølgje Pedersen.

– Eliten brukte humor svært bevisst – som oftast til å rakke ned på andre. Humor gav ei form for gruppetilknyting og eit klarare skilje mellom kven som var venner og fiendar.

Spydige kommentarar og hakking på andre er ein del av humoren vår i dag også, men det essensielle her er korleis han blei oppfatta. Sjølvironi står sentralt i Pedersens analyse av humor i mellomalderen, eller meir presist; mangelen på sjølvironi.

Med mangel på sjølvironi blei denne forma for humor ofte brukt for å vinne over motparten i det politiske spelet, eller for å hevde seg og gjere skam på andre.

– Mykje av dagens humor er basert på sjølvironi og legg opp til at vi skal kunne le av oss sjølve og andre, utan at det treng å få konsekvenser.

I politikken blei humor brukt for å fyre opp under fiendskap og skape konfliktar – ved å le eller ikkje le valde stormennene side i konflikten, seier Beate Albrigtsen Pedersen.

Klarare latternormer

Nye høviske ideal kom til på 1200-talet, då det gamle, konkurranseprega høvdingsamfunnet vart skift ut med idealet om kongen som den eine, utvald av Gud. Pedersen studerer også kva som skjer med humoren i dette skiftet og korleis elitekulturen endra seg.

– Det er mindre latter i kjeldene som seier noko om samtida, samanlikna med kjelder som fortel om eldre tider. Når vi nærmar oss slutten av 1200-talet, blir det klarare normer for kva som er lov å le av og ikkje. Dei høviske ideala fører til at eliten må oppføre seg meir ordentleg, og det blir mindre latter. Samtidig ser vi at sjølvironi vert vanlegare fram mot 1300-talet, truleg fordi kongens posisjon ikkje lenger var truga. Spydige kommentarar mellom folk som tilhøyrde eliten, fekk heller ikkje like store følgjer som før. Motpartane tok imot humoren på ein annan måte – med heva hovud.

Skrive av og for ein elite

Humorforskaren har gått gjennom ei rekkje sagaer, og kjeldematerialet spenner frå islendingesagaer, kongesagaer og riddarsagaer til ideologiske skrifter. 

– Eg leitar etter humoristiske trekk som går igjen i sagaene, som vanleg vitsing, fornærmingar, bilete og metaforar som skaper latter i ulike scener. Finn eg liknande situasjonar igjen, med det same reaksjonsmønsteret, men der latter ikkje vert nemnt eksplisitt, kan eg gå ut ifrå at også dette var meint å vere morosamt.

Pedersen brukar ordet humor, men det omgrepet eksisterte ikkje på den tida.

– Det er vårt omgrep humor eg forskar på. Det er likevel vanskeleg å definere humor. Eg studerer kva dei syntest var komisk, både kva som var meint komisk og kva som vart oppfatta slik, både av sagaene sine mange karakterar og av potensielle tilhøyrarar på 1200-talet.

Alle kjeldene er rett nok konsentrerte rundt toppen av samfunnet.

– Sagaene vart skrivne av og for ein elite, så det er vanskeleg å seie noko om allmugen. Politikk og kvardagsliv gjekk hand i hand mellom stormennene. Det er viktig å hugse på at det er kjeldene si framstilling av livet – og slik dei ønskjer å framstille fortida og samtida – som kjem fram, seier Pedersen.

Sparkar nedover

I politikken blei humor brukt for å fyre opp under fiendskap og skape konfliktar – ved å le eller ikkje le valde stormennene side i konflikten.

– Eit godt døme på dette er omtala i Soga om Torgils og Havlide og forteljinga om bryllaupet på Reikholt tidleg på 1100-talet, der det vart halde eit stort gjestebod, fortel Pedersen.

Ein eldre stormann får problem med å fordøye maten. Han får sure oppstøyt, rapar og har det svært ubehageleg. Skjemten kom ofte i verseform, og ein annan storkar reiser seg og lagar eit vers av spitord. Det utviklar seg til ein munnkamp mellom fleire av mennene, der alle rundt bordet ler av personen som luktar vondt. Det held fram med frekke kommentarar, og den illeluktande mannen tar til slutt med seg sakene og går.

– Scener som dette er svært vanleg; humoren er overlegen, dei sparkar nedover og vil oftast fornærme. Det er svært få situasjonar der dei ler saman, der alle er glade og det er ei hyggeleg stemning. Det er som oftast nokon det går ut over. 

Galgenhumor

Galgenhumoren hadde også sin naturlege plass i mellomalderen.

– Ei siste punchline før nokon døyr, er typisk. Eit konkret eksempel kan vi hente frå Njålssoga, der det føregår ein slåstkamp der den eine høgg av beinet til motstandaren. Kol, mannen med avhogge bein, ser forskrekka ned på stumpen av beinet, då motstandaren seier: «du treng ikkje sjå, det er som det synest, foten er av.» Slike sluttsitat vil vi i beste fall sjå på som tørrvittige, og det trur eg også dei var meint som då det blei skrive.

Av Camilla Smaadal
Publisert 23. feb. 2015 14:57 - Sist endret 26. feb. 2015 09:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere