Brudegåver for 700 år sidan: Skulle sikre enkepensjonen

Morgongåve er ikkje noko nytt fenomen. Tradisjonen har eksistert i norske ekteskap i over 700 år. Men det var ikkje av kjærleik den først kom til.  

Før i tida blei ekteskapet sett på som ein økonomisk affære. Det er eit viktig bakteppe for å forstå tradisjonane. Foto: Nasjonalbiblioteket

I dag vert det nærast venta at brura skal få eit smykke eller ei anna verdifull gåve morgonen etter det store bryllaupet – som eit ekstra uttrykk for kjærleik frå ektemannen. Tradisjonen kan sporast heilt tilbake til mellomalderen i det norske samfunnet, men hadde den gongen ein heilt annan funksjon.

Eg veit ikkje nøyaktig kvar skikkane kom frå, men dei har eksistert allereie før den kristne kyrkja fekk fullt gjennomslag for sine ekteskapsreglar rundt 1270, og dei heldt seg nokså uendra fram til 1800-talet. Eg vart fascinert av skikkane og ønskte å finne ut kvifor dei varte i så lang tid, seier Herleik Baklid, som disputerte ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk på Universitetet i Oslo sist haust.

Ved å gå igjennom ulike kjeldetypar, alt frå sagaer, mellomalderdokument med rettsleg innhald til kapitelbøker, skifteprotokollar, rettsprotokollar og spørjelister, har Baklid verkeleg teke eit djupdykk i den eldgamle tradisjonen.

Før i tida blei ekteskapet sett på som ein økonomisk affære. Det er eit viktig bakteppe for å forstå tradisjonane. Gåvene, anten det var snakk om festar-, benke- eller morgongåver, skulle vere med på å sikre brura økonomisk dersom ho blei enkje.

Tre typar gåver

Morgongåve har dei fleste høyrt om. Men festar- og benkegåver er meir ukjende. Alle tre gåvene var altså eit tilskot til brura sin økonomi viss mannen fall frå. Det var som oftast pengar det dreia seg om, men hestar, salar og skinnfellar var også populært. Blant kongelege og i høgare klassar kunne jordeigedommar eller len bli gitt bort. Di høgare summen var, desto meir stas var det for brura sine foreldre. 

Festargåva vart gitt ved trulovinga, eller festarmålet, som det heitte den gongen. Det kunne vere alt frå smykke og sølvskeier til jordeigedom. Festargåva skulle styrkje og stadfeste lovnaden om ekteskapet. Dette skjedde som oftast med vitne til stades, fortel Baklid.

På sjølve bryllaupsdagen fekk brura benkegåve. Dette var ei gåve som skulle løyse brura frå benken. Det symboliserte at brura skulle reise frå foreldreheimen for å stifte sin eigen familie. Gåva skulle også fortelje kva brudgommen var villig til å betale for si komande kone, og kunne vere alt frå eigedommar til smykke. 
 

Skikkane levde lengst i Telemark

Frå Kviteseid i Telemark i åra 1790–1792 finst det ei rettssak om benkegåva som enkja Inger Johnsdatter fekk av sin avlidne ektemann Halvor Øyulfsen på bryllaupsdagen.

Det hadde kome til usemje om gåva mellom Inger og arvingane. I retten blei  gjester frå bryllaupet avhøyrde som vitne. Saka var oppe på fleire tingmøte og enda med at enkja vart tilkjend benkegåva til slutt. Slike rettssaker var ikkje uvanlege på den tida, fortel Baklid.

Benkegåveskikken var særleg godt dokumentert frå Telemarksområdet.

Det kan verke som om skikkane levde lengst i øvre Telemark og i Setesdal. Det trur eg heng saman med jordeigarstrukturen. I desse områda var bøndene i stor grad sjølveigarar. Jordeigedom var knytt til status; det var eit uttrykk for sosial tilknyting. Skikkane viste at ein var sjølveigande bonde, og dei blei difor viktige å halde på.

Morgongåva

Den eldste og lengst bevarte skikken, er likevel morgongåva.

Ho vart gitt morgonen etter vigselen. Dersom mannen døydde, blei gåvene til enkja tekne ut av buet før resten av eiga vart fordelt i familien, fortel Baklid, som no er førsteamanuensis ved Høgskolen i Telemark.

Morgongåvene blir omtala allereie i Romartida og mellom germanarane, og skikken lever framleis i dag, men med eit litt anna føremål.

Eg kan ikkje seie sikkert om vår tids morgongåve etter bryllaupet er ei revitalisering. I dag gir ein morgongåve som eit uttrykk for kjærleik og kjensler, medan det frå mellomalderen hadde ein økonomisk funksjon.

Baklid vedgår likevel å ha funne nokre brev som vitnar om at morgongåva også då blei gitt av kjærleik:

Adelsmannen Martin Georg von Rochlenge skreiv i sitt morgongåvebrev frå 1680-åra: Da til ydermer declaration af dend Kierlighed, som ieg till hende bær, haver Jeg af frj Villie velberaad hu villet vnde oc bebreve […] till een kierligst Morgengave.

Fjerna rettskravet

I 1854 kom det likevel ei lov som gjorde at enkja ikkje lenger hadde rett til å ta ut morgongåve, benkegåve eller festargåve ved arveskiftet etter ektemannen. Grunnane til dette var fleire. Ei av årsakene var at gåvene ofte skapte rettstvistar.

Ein annan grunn var at det romantiske ekteskapet, tufta på gjensidige kjensler og romantikk, blomstra opp på 1800-talet. Dei økonomiske skikkane kom då i strid med det romantiske ekteskapsidealet. Kvinna hadde ikkje lenger krav på gåver.

Frå økonomi til humor

Før benkegåva vart heilt vekke, fekk skikken ei tid eit meir humoristisk preg over seg, og fungerte som eit underhaldningsinnslag i bryllaupsmarkeringa.

På 1800-talet var dette vanleg, at brudgommen skulle forhandle fram ein verdi av brura på ein morosam måte, for å more gjestene. Brura kunne bli kjøpt for all den mosen som fanst på fjellet, eller all stein som var på elvebotnen. Kanskje ikkje dagens humor, men på den tida hadde dette stor underhaldningsverdi.

Gåveskikkane var i utgangspunktet kopla til ekteskap med særeige, der altså brura og brudgommen eigde kvart sitt.

Då formuesfellesskap vart vanleg mellom ektepar frå slutten av 1600-talet, heldt likevel gåveskikken fram. Det kan hengje saman med at dette var eit ekstra tilskot til kvinna viss ho vart enkje, sjølv om ho ville få halvparten av buet ved arveskiftet etter mannen. Det kan også ha vore eit element for å markere sosial tilknyting, og vise at ein høyrde til høgare sosiale lag i samfunnet. Men den økonomiske funksjonen er nok hovudgrunnen til at skikkane heldt seg så lenge. 

Av Camilla Smaadal
Publisert 2. feb. 2016 14:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere