Berekraftig design: Kampen for å reparere ting

Ei bølgje av uformelle nettverk som reparerer øydelagde gjenstandar, har vakse kraftig dei siste åra. Fenomenet er også ein del av historia om berekraftig design, som no vert skriven for første gong. 

REPARERE: Verdas første “Repair Manifesto” vart lansert i 2009. Sentralt i filosofien til manifestet er ideen om at reparasjon er ein konstant kamp for å få ting til å fungere. "Reparasjonskafear" finst i mange land. Nyleg såg også Noregs første Repair Café dagens lys i Sørumsand.

Gjenbruk, grøn mote og miljøvennleg design er i vinden som aldri før. Saman med ordet “berekraftig” har desse trendane for lengst slege an ein viktig tone i samfunnet. 

Dei siste åra har også ei rørsle som vøler, reparerer saker og ting, komme til syne. For kva kan du gjere med ein øydelagd radio, sykkel, tv eller kjøkkenmaskin? På få år har nærare hundre reparasjonsnettverk dukka opp rundt om i verda. Miljømedvitne frivillige arrangerer uformelle samlingar på offentleg stad, der folk kan få hjelp til å reparere utstyr.  

– Føremålet er å gjere forbrukarane og folk flest medvitne om å vere meir enn berre kundar og kjøparar. I staden tek dei sjølve del i designprosessen.

Det fortel forskar Gabriele Oropallo, som har sett nærare på fenomenet «repair activism» – reparasjonsaktivisme. 

Eit liv etter døden

Historia om desse nettverka er også del av historia om berekraftig design, som så langt har vore eit lite utforska felt. Eit treårig forskingsprosjekt ved Institutt for filosofi-, idé- og kunsthistorie og klassiske språk ved UiO undersøkjer no den historiske utviklinga av berekraftig design sidan 1960-talet – både blant designarar, lærarar, teoretikarar, kritikarar og forbrukarar.  

– DESIGN treng ikkkje å vere reservert industrien. Folk kan sjølve gjere inngrep i ting som allereie er lage, og dermed få oppleve å ha ein positiv innverknad på miljøet, seier Gabriele Oropallo. Foto: Ola Sæther

– På den tid gjorde miljøvern og klimaendringar sitt inntog i folks medvit, og dermed også mellom designarar. Nokre reagerte med å nekte å produsere noko. Dei ville ikkje skape noko før krisa var løyst. Design blir på den eine sida sett på som ei av løysingane på klimakrisa, og er på den andre sida blitt skulda for å vere del av problemet. 

Forskarane er ikkje først og fremst opptekne av tinga i seg sjølve, men ideane bak. Oropallo har bakgrunn frå antropologi, historie og statsvitskap, og har i arbeidet med doktoravhandlinga si undersøkt korleis ideen om berekraftig design har endra seg både på produksjons-, forbrukar- og gjenbruksstadiet.   

– Eg ville jobbe med eksempel som kunne seie noko om dei ulike stadia i ein gjenstands levetid. Og eg ville undersøkje kva slags påverknad det veksande medvitet om berekraft har hatt.

– Reparasjon gir til dømes eit høve til å sjå på kva som skjer med eit produkt etter at det er «daudt», seier han. 

Sjølvforsyning og gjer-det-sjølv 

Reparasjonsaktivismen voks fram som ein del av nytenkinga innafor designkultur i 1960-åra. Det handla ikkje om å reparere fordi ein ikkje har råd til noko nytt, men fordi design påverkar miljøet. Med stadig veksande miljømedvit mellom folk auka også merksemda mot masseproduksjonen og bruk-og-kast-samfunnet.  

– I tiåra etter andre verdskrigen blei såkalla «planlagd forelding» – når produkt vert utvikla med eigenskapar som gir dei kortare levetid, slik at dei må bytast ut med nye – meir og meir sett på som ein uetisk praksis, også i den såkalla mainstreamkulturen. 

I 1968 kom første utgåva av Whole Earth Catalog: Access To Tools ut i USA. Magasinet blei raskt populært i amerikansk motkultur. Det inneheldt informasjon og produktoversikter. Økologisk design, sjølvforsyning, holisme og gjer-det-sjølv-tankegangen stod sentralt. Den autoritære tonen i magasinet hylla all småskalaproduksjon og tok avstand frå all form for samarbeid med større selskap. 

– Det var ikkje akkurat snakk om «krig» mellom det moderne og fortida, men heller ei form for geriljaverksemd blant enkeltindivid og grupper, som dreiv sabotasje og jobba meir i det skjulte. Sjølv om dagens nettverk ikkje er like radikale, er det likevel snakk om ein slags “gerilja-design-aktivisme”, meiner Oropallo. 

Det er likevel tydeleg likskap mellom aktivistane i motkulturen på 1960-talet og dagens grasrotgrupper. Verdiane og motivasjonen byggjer på det same. 

– Design treng ikkje å vere reservert industrien. Enkeltpersonar kan sjølve gjere inngrep i ting som allereie er laga, og med det få oppleve å ha ein positiv innverknad på miljøet. 

Ut med resirkulering 

Sidan 1960-åra har reparasjonsaktivismen vakse i det stille i populær- og designkulturen. Då finanskrisa slo til i 2007, opna det seg rom for å gjere fenomenet meir synleg. Verdas første “Repair Manifesto” vart lansert i 2009 gjennom det nederlandske designkollektivet Platform 21, og det beskriv heile filosofien bak dagens reparasjonsaktivisme. Manifestet førte til oppstarten av det internasjonale Repair Society, som igjen har ført til nettverk som Repair Cafe i Amsterdam, Fixit Clinit i Albany, California og Fixers Collective i New York. 

Nyleg såg også Noregs første Repair Café dagens lys i Sørumsand.  

Sentralt i filosofien til manifestet er ideen om at reparasjon er ein konstant kamp for å få ting til å fungere. Ikkje berre gjenstandar, men også språk og menneskelege relasjonar. Interessant nok tek også fleire av nettverka avstand frå resirkulering. “Stop recycling, start repairing!”, er meldinga frå Repair Manifesto. 

– Argumentet er at resirkulering involverer kostnader som kan bli drastisk redusert når ein let vere å kaste det, seier Oropallo, som sjølv deltok i oppstarten av Repair Society under den internasjonale kunstutstillinga Istanbul Biennial i 2014.

Politikk og design 

Eit viktig føremål for det treårige forskingsprosjektet er å sjå på det politiske som ligg bak utviklinga, og ulike tolkingar som har oppstått innafor berekraftig design. Enkelte av dagens reparasjonsnettverk er tydeleg politiske i sin profil, og sjølve promoteringa av reparasjon skaper gjerne ei førestelling om ei idyllisk fortid der menneska levde meir i harmoni med den materielle verda. Dei bygde husa sine og dyrka sin eigen mat. 

 – Faren med å forplikte seg til denne ideen, er føresetnaden om at vi går frå ei perfekt fortid til ei ufullkommen framtid. Dette er ikkje alltid aktivistane medvitne om. For alt var ikkje nødvendigvis enklare før, meiner Oropallo. 

Å gjere eit djupdykk i historia om berekraftig design, gir eit høve til å sjå kva rolle design har hatt etter det grøne miljøskiftet. 

– Kva som vart rekna for å vere berekraftig for førti, tretti og tjue år sidan – eller til og med i fjor – er forskjellig frå i dag. Men resultata av desse førestellingane er framleis med oss. Berre ved å sjå oss tilbake, kan vi vurdere innverknaden dei har hatt, understrekar designhistorikaren.  

Av Kristin Skaar
Publisert 26. aug. 2016 14:09 - Sist endret 26. aug. 2016 14:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere