Norsklærebøkene følgjer ikkje med tida

Norskfaget i vidaregåande skule legg opp til at elevane skal lære å vurdere sakprosatekstar kritisk. Med eitt unntak: Lærebokteksten sjølv.

GAMMAL: Oppgåvene i norsklærebøkene byggjer på ei fagforståing som er 20-30 år gammal, meiner Jonas Bakken og Emilia Andersson-Bakken. Foto: Ola Sæther/Hovin Juell/Apollon

Dei tekstane som elevane blir inviterte til å ha ei kritisk innstilling til, er slikt som reklame og politiske tekstar, altså tekstar som alle forstår er laga for å påverke. Medan det som blir presentert som ei fagleg framstilling, noko som verkar nøytralt, det treng ein altså ikkje vere så kritisk til, seier Jonas Bakken.

Han er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på Universitetet i Oslo. Saman med Emilia Andersson-Bakken, som er førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen i Oslo og Akershus, har han undersøkt kva for ulike syn på skjønnlitteratur og sakprosa elevane møter gjennom oppgåvene i norsklærebøk-ene. 

Snubla over mønster

Eigentleg skulle dei studere skilnaden mellom oppgåver i norsklærebøker og naturfaglærebøker, eit arbeid som framleis held på, med mål om at det ein gong i framtida kan munne ut i eit stort kart over kulturen for lærebok-oppgåver i norsk skule. Men så vart dei altså litt avspora av desse skilnadene som dukka opp innanfor norskfaget.

– Det var noko vi nærast snubla over, fortel Emilia Andersson-Bakken.

Dei gjekk igjennom tre norsklærebøker som er mykje brukte i første trinn på vidaregåande. Kvar einaste oppgåve i bøkene fekk ein kode som fortalde kva type oppgåve det var: ei oppgåve med eit bestemt fasitsvar eller ei oppgåve som kan løysast på ulike måtar, ei oppgåve der eleven skal kome fram til svaret i sitt eige hovud eller finne det ved hjelp av læreboka eller andre ressursar. Til saman vart det mange oppgåver.

– Det var då vi såg på dei store tala, at det dukka opp eit mønster. Vi ville ikkje ha sett skilnadene om vi berre hadde lese enkeltoppgåver, seier dei.

Før og etter Kunnskapsløftet

Oppgåvene i norsklærebøkene er knytte til tekstar som elevane skal lese. Bøkene inneheld samlingar av skjønnlitterære tekstar, sakprosatekstar, og dessutan lære- bokteksten sjølv, som også er ein sakprosatekst. Tidlegare har norskfaget hatt eit nasjonsbyggingsperspektiv, med fokus på språkhistorie og sentrale, skjønnlitterære tekstar. Så kom Kunnskapsløftet, som vart innført i grunnskulen og vidaregåande skule i 2006. Då gjekk læreplanane vekk frå å oppgje kva faget skulle innehalde, til å seie kva typar kompetanse elevane skulle tileigne seg.

Radikalt brot

– Kunnskapsløftet førte med seg eit radikalt brot i korleis ein skulle forstå norskfaget, og spesielt forståinga av sakprosa og skjønnlitteratur. Før 2006 var norskfaget i stor grad eit litteraturfag. Skjønnlitteratur vart framstilt som tekstar med heilt spesielle eigenskapar, meir tolkbare og meir estetisk høgverdige enn andre tekstar, og med større danningspotensial. Medan sakprosatekstar i større grad vart problematiserte, seier Jonas Bakken.

– Etter Kunnskapsløftet er tanken at alle tekstar i prinsippet skal handsamast likt, og læreplanane er baserte på at ein skal jobbe like mykje med sakprosa som med skjønnlitteratur. Det hang i hop med at nasjonale prøver og internasjonale skuletestar som PISA viste at norske elevar var gode til å tolke forteljingar, men dei greidde ikkje å forstå ein rutetabell. Dei gjekk ut av vidaregåande utan ein del viktige sjangerforståingar og lesestrategiar. Difor vart det ei sterk oppjustering av sakprosa i den nye læreplanen.

Motseier seg sjølve

Men lærebøkene heng altså ikkje heilt med, meiner dei to. Bøkene speglar framleis den fagforståinga som rådde for 20–30 år sidan. Sakprosasamlingane i bøkene utgjer berre mellom 15 og 30 prosent, langt mindre enn skjønnlitteraturen, og sjangerutvalet er smalt. Dessutan legg norsklærebøkene stor vekt på at elevane skal øve seg i kjeldebruk og kjeldekritikk, men ikkje når det gjeld lærebøkene sjølve. Det høyrer til unntaka at norsklærebøkene oppgjev kjelder undervegs i teksten.

– På den måten motseier læreboksjangeren seg sjølv, seier Jonas Bakken.

– Ein læreboktekst skal ein berre godta. Men når elevane seinare kjem inn på høgare studium, vert det venta av dei at dei skal vere kritiske til innhaldet i læreboka. Det blir ein stor overgang, peikar Emilia Andersson-Bakken på.

Speglar gammal fagkultur

Oppgåvene i lære-bøkene fortel altså elevane, implisitt, at det er skilnad på korleis ulike typar tekstar skal lesast, sjølv om læreplanane seier at alle tekstar skal lesast ved hjelp av dei same analytiske verktøya. Meir enn halvparten av oppgåvene knytte til dei skjønnlitterære tekstsamlingane er vurderande oppgåver, der elevane skal leite etter svaret inne i seg sjølv. 23 prosent er oppgåver der elevane skal resonnere seg fram til eit bestemt fasitsvar. Når det gjeld sakprosasamlingane, utgjer desse to oppgåvetypane høvesvis 39 og 31 prosent.

Lærebokteksten har langt færre vurderande oppgåver knytt til seg enn skjønnlitteratur- og sakprosasamlingane har, men i staden langt fleire oppgåver der elevane skal utføre ei handling eller reprodusere eit fasitsvar direkte frå læreboka.

– Måten oppgåvene er laga på, speglar ein kultur som er i tråd med dei gamle læreplanane. Vi trur at mykje av grunnen er at ein ikkje tenkjer over den kulturen. Kanskje kan det å gjere lærebokforlaga merksame på dette, vere nok til å føre til meir varierte oppgåver innanfor alle sjangrane, seier Emilia Andersson-Bakken.

Andre fag for tur

Og kan hende har ho rett. Etter at dei publiserte funna sine, har dei vore i kontakt med lærebokredaktørar som fortel at det var nyttig å bli gjort merksame på mønster som dei sjølve ikkje hadde sett då dei laga lærebøkene. Når lærebøkene no skal reviderast, vil dei tenkje meir på variasjon i oppgåvene.

– Men det er jo ikkje meininga vår å hengje ut lærebokforfattarar. Vi har studert lærebøker fordi vi reknar med at dei speglar fagkulturen i seg sjølv. Bøkene er skrivne av rutinerte lærarar og forskarar som representerer ein miks av fagfeltet, så dei gjev eit uttrykk for korleis det samla fagmiljøet oppfattar desse aspekta, meiner Jonas Bakken.

No utvidar dei perspektivet, først ved å gå vidare med samanlikninga av norsk- og naturfagbøker, seinare vil dei gjerne sjå på lærebøker i fleire fag.

– Men då treng vi å alliere oss med folk som har fagkunnskap innanfor dei andre faga, seier forskarparet.

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 24. mai 2017 11:45 - Sist endret 24. mai 2017 11:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere