200-årsjubileum: Med tvisyn på Vinje

Aasmund Olavsson Vinje såg retta og vranga på livsens vev – med eit glimt i auga. Han har likevel vorte oppfatta og framstilt mest som ein alvorsmann. Men han Aasmund kunne gråta med det eine auga og le med det andre.

DEN UORTODOKSE VINJE: Professor Jon Haarberg les Vinje sin prosa mykje meir uortodoks enn det som har vore vanleg i tolkingstradisjonen. Her gjer han Vinje visitt ved statuen i Sogn studentby. Dyra Vaa har laga vandraren Vinje i heilfigur med fjellstaven og skreppa på rygg. Bronsestatuen vart avduka i 1968. På sokkelen står to linjer frå diktet «Frå byen det berer », som opna «Ferdaminni»: «Her fann eg dei beste. Her lærde eg mest.» FOTO: OLA SÆTHER

Det er 200 år sidan Vinje vart fødd. Og mykje av det han skreiv, har funne vegen frå leseboka til gløymeboka, men noko av det beste lever. Vinje skreiv ikkje for moro skuld, men han hadde tydeleg stor glede av å skriva. Og han forarga mange med mykje av det han skreiv, og måten og målet han skreiv på, men har seinare gledt mange fleire. Jon Haarberg, professor i allmenn litteraturvitskap ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk på Universitetet i Oslo, ser både det seriøse og det humoristiske i Vinje sin forfattarskap.

FORFATTAR OG BLADMANN: Vinje skreiv meir enn 2000 dikt, songar og prosatekstar, og sette standard for for profesjonell journalistikk. (Foto: Ukjend/ Nasjonalbiblioteket) 

Men han vil aller helst få fram den friske og frodige humoren i det Vinje skreiv, i hovudsak i prosaen, eit svært viktig trekk ved Vinje sine essay, kommentarar og reiseskildringar, oversett eller tagt i hel av både målfolk og motstandarar.

Vinje på vranga

Allereie i 1983 skreiv Haarberg si nytolkande magistergradsavhandling om Vinje og delar av hans verk, «Vinje på vrangen. Momenter til revurdering av en nasjonal klassiker». Kom som bok i 1985. Der vrengjer han den tilvande måten å lesa Vinje på – iallfall prosaen hans.

– Fyrst; me feirar Vinje i år, men vert verka hans studerte og forska på ved UiO no?

– Ikkje mykje. Det blir framleis undervist i Vinje; Ståle Dingstad har hatt seminar om norske essaytradisjonar i vår, og der er Vinje viktig. Elles vert Vinje gjort visitt i undervisninga om norsk litteratur frå tida 1800–2000 og i språkhistorie.

– Du har kalla avhandlinga di «Vinje på vrangen.» Det kan lesast slik at du vrengjer innsida eller ukjende sider av Vinje ut eller at Vinje var vrang, vanskeleg?

– Begge delar. I resepsjonsperspektiv, slik Vinje vart teken imot og opplevd i si tid, blei han nok oppfatta dels som vrang, kranglevoren, især av riksmålssida – ikkje berre debattglad. Og han var utan tvil i opposisjon og motkulturell. Men målfolka prøvde å feia det vrange og antiautoritære ved Vinje under teppet og forsvara han som ein seriøs forfattar. Vinje vart etter kvart framstilt som ein martyr og eit offer, ikkje minst i målstriden.

Den djerve Vinje

 – Undertittelen på avhandlinga di er «Momenter til revurdering av en nasjonal klassiker». Du tykte han trong og fortente ei revurdering?

– Ja, eg ville i grunnen rehabilitera den radikale og rabulistiske Vinje, slik han står fram i det han skriv som Christiania-korrespondent for Drammens Tidende i åra 1851–59 og i sitt eige blad Dølen frå 1858 til 1870. I begge desse rollene bryt han med det konvensjonelle og vert ein viktig nyskapar i norsk pressehistorie.

– Både i målbruk, gradvis oppnorska dansk i Drammens Tidende og heilt ny norsk i Dølen, i skrivemåte og i emneval – han skreiv om det meste, nyskapte han radikalt essayistikken og kommentaren i norsk presse.

Det Vinje skreiv, var den tid uhøyrt, vulgært for borgarskapen, etablissementet. Dei kritiserte han m.a. for å vera kameleon, vêrhane, ein som skifte ham eller meining etter omstenda, og ein hoffnarr og harlekin – ein gjøglar for omverda, to figurar me veit har hatt ein viktig funksjon som korreksjon til dei mektige og styrande. Men Vinje vart også direkte fordømd, latterleggjord og tagd i hel, alt etter som.

– Du gjer dessutan i di bok front mot den tradisjonelle måten å framstilla Vinje og hans verk på, den biografiske og kronologiske og lite reflekterande.

– Ja, som litteraturvitar meiner eg Vinje fortente ein ny og annleis måte å lesa han på. Eg las prosaen til Vinje i lys av tankane til den russiske litteraturteoretikaren og kulturhistorikaren Mikhail Bakhtin. Hans store tanke var karnevaliseringa av litteraturen, og det fall i auga å sjå Vinje sine essay og samtidskommentarar i ein slik samanheng, med folkelege, humoristiske ytringsformer, ikkje ulikt Rabelais og Cervantes. Og i slekt med Holberg og Goldschmidt. I lyrikken litt lik Burns.

– Tvisynet til Vinje kjem godt fram i den karnevalske skrivemåten. Biletet eg gav av den folkelege humoren og uvørdne autoritetskritikken, står seg godt. Men eg ville nok ikkje lagt så einsidig vekt på Bakhtin sine teoriar i tolkinga av Vinje i dag. Vinje byr elles ofte på ein frisk lått, som degraderer det opphøgde, pompøse og svulstige, gjerne ned i det jordnære, kroppslege og i samanlikningar frå dyreriket.

Vinje var lite klassisk

– Dette er vel stikk i strid med Sigmund Skard sine synsmåtar i doktoravhandlinga hans frå 1938, Vinje og antikken», der han gjer Vinje til ein klassikar i gresk og norrøn tradisjon (frå Homer og Edda)?

– Ja, eg har gått imot Skard sin hovudtese om at Vinje var ein heilskapleg, klassisk forfattar, ei tvangstrøye Skard sjølv også til dels såg vart for trong. Avhandlinga hans er utan tvil den store, grundige boka om Vinje – sett frå hans synsstad, men eg ser i Vinje sin prosa det nyskapande og frigjerande, ein uklassisk, moderne og norsk stil, snarare enn ein klassisk frå antikken.

– Vinje vart rett nok ein nasjonal klassikar, fekk innpass i lesebøkene og slik i skulen, som har halde han i live. Men han var ingen antikkens klassikar, slik Skard ville ha det til. Den karakteristikken gjeld berre ein liten del av “den samansette kroppen” Vinje var. Men landsmålslyrikken til Vinje er klassisk og lite kontroversiell; den er varm og var, medan han i debatt og kommentar ofte vart oppfatta som kynisk og hard.

– Det er viktig å presisera at eg i hovudsak har sett på Vinje sin prosaproduksjon, dvs. rammenskorrespondansen og Dølen, medrekna «Ferdaminni fraa Sumaren 1860». Der ser eg mykje meir av ein frisk, freidig og frodig skribent enn vanleg har vore i den nynorske tolkingstradisjonen – det er stort sett nynorskingar som har skrive, til dels nokså ukritisk, om Vinje og hans verk opp gjennom tiåra.

– Vinje var nok eldhuga målmann og nasjonal, men ikkje nasjonalistisk, heller ikkje nasjonalromantisk. Men i dikta sine kunne han vera naturnær og romantisk.

Ein folkeleg ordgjøglar

– Du lanserer det karnevalske og harlekin-figuren, gjøglaren som forklaringsmodell for mykje av det Vinje skreiv av prosa. Men Vinje skreiv vel ikkje for moro skuld?

– Nei, avgjort ikkje, sjølv om ein tilsynelatande tilfeldig innfallsrikdom kunne tyda på det. Vinje hadde meining og mål med det han skreiv, anten det gjaldt politikk, sosiale tilhøve, teater, litteratur eller språk. Det siste var viktigaste saka hans, å kjempa fram eit norsk skriftspråk som Ivar Aasen nett hadde sett saman. Men det er ingen tvil om at han hadde svært stor glede av å skriva, og han laga fleire nye, norske ord, så som flogvit for geni!

Det er slett ikkje berre litteraturtolkingsteori som har sett Haarberg på sporet av Vinje som fargerik, folkeleg skribent; det er både innhaldet i det han skriv om, som fesjå og marknader og studentmoro, og sjølve måten han skriv på; frisk og uredd og med mykje ironi, satire, harselas og uvørden språkbruk om dei/det etablerte.

– Og han skriv med stort slingringsmonn når det gjeld tid og stad og andre fakta, t.d. i «Ferdaminni », der fleire av innslaga ikkje er sjølvopplevde, men lånte frå andre – ein rikdom av vandrehistorier henta frå anna hald – «å laga god litteratur er ofte å kna røynda godt». Han skilde seg elles ut med ein samtaleprega skrivemåte – til ein likeverdig lesar, i duform, og han iscenesette ofte eigen person i hendingane.

Framstegsvenleg folkeopplysar

– Han hadde, i tillegg til målsaka, ein annan stor kongstanke i sitt virke; det var god folkeopplysning, utdanning og danning for folk flest. «Kunnskap skal styra…» var hans store leiestjerne i så måte. Og mykje av det han skreiv, var opplysande. Vinje var forresten ein framifrå folketalar, ettertrakta og omtykt på fesjå og marknader og i festlege lag.

– Dessutan var han svært framstegsvenleg, oppteken av tekniske nyvinningar som jarnvegen (toget kalla han “træn”), telegrafen og dampskipa og modernisering i landbruket og i heimen, så som reinsemd. I mange av hans observasjonar kan ein sjå parallellar til det Eilert Sundt skreiv om folkelivet, men skrive på ein annan måte. Sjølv om Vinje på ei side var kulturkonservativ, var han også svært moderne.

Jurist og akademikaremne

– Dei færraste veit vel at Vinje tok ein embetseksamen ved Det Kongelige Frederiks og kanskje kunne ha vorte ein god akademikar?

– Nei, men han studerte jus frå 1851 til 56, då han tok juridikum med laud og fekk så løyve til å bli overrettssakførar. Han kombinerte studia med skrivinga og må ha vore arbeidssam og disiplinert.

Me veit han var skuleflink. Han hadde elles som grunnhaldning å nekta godta all vanetenking og trudde aldri tvert på autoritetar. Så han var verkeleg eit godt emne til å verta ein framifrå akademikar. Men han valde publiseringa.

Av Alv Reidar Dale
Publisert 26. okt. 2018 10:35 - Sist endret 26. okt. 2018 10:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere