Kvinner som har vore gravide, har yngre hjerne enn andre

Har du født barn, var graviditeten truleg bra for hjernen din. Har du ikkje barn, er det likevel ikkje grunn til å fortvile. 

GRAVIDITET GJER UNG: Kvinner som har fått barn, har ein friskare hjerne enn andre kvinner mange år etterpå. Foto: Mostphotos

Når hjernen eldest, krympar han. Hjerneborken, som er det ytre laget av storehjernen, blir litt tynnare. Hjernens holrom, der væske flyt rundt, blir større. Desse endringane påverkar hjernens funksjon: Du hugsar litt dårlegare. Du tenkjer litt saktare.  

Ny forsking tyder på at graviditet kan forseinke hjernens aldring. 

– Det ser ut til at kvinner som har fått barn, har ein friskare hjerne enn andre kvinne mange år etterpå. Hjernane deira ser litt yngre ut, seier Lars T. Westlye, førsteamanuensis på Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo, og gruppeleiar ved Norsk senter for forskning på mentale lidelser (NORMENT).

 

Yngre hjerne med fleire barn

Forskarane ved senteret bruker nye metodar for å studere folks hjernestruktur. Ved hjelp av hjernebilete kan dei gjette alderen til ein person nokså presist. Slike bilete er i dag tilgjengelege i stort monn etter at forskarar har tatt til å dele data i globale databasar. 

I ein ny studie som inkluderte bilete frå over 45 000 personar, viste Westlye og kollegaene auka hjernealder hos personar med ulike typar hjernesjukdommar. Ifølgje førsteforfattar og NORMENT-forskar Tobias Kaufmann gjeld dette særleg pasientar med MS, schizofreni og demens. 

Ein oppfølgingsstudie frå same forskingsgruppe tyder på at det motsette er tilfelle for kvinner som har født barn. Forskarane, leia av postdoktor Ann-Marie Glasø de Lange på Psykologisk institutt, har studert hjernebilete frå rundt 12 000 britiske kvinner i alderen 40-70 år. Studien, som nettopp er publisert i tidsskriftet PNAS, kan vise til svært interessante resultat: 

– De positive effektane på hjernen ser ut til å auke med talet på barn. Men har du fire eller fleire barn går effektane litt ned igjen, seier de Lange. 

– Dette kan skuldast at utvalet med fleire enn fire barn er lite, eller at ein del kvinner med mange barn høyrer til spesielle grupper, legg ho til. 

 

Tilpassingsdyktige, men sårbare 

Historisk har menneske sine hjernar vore vanskelege å forske på. Men dyrestudiar, og nokre studiar av menneske, tyder på at hjernen er meir plastisk i enkelte periodar av livet. Ungdomstida er éin slik periode, graviditeten er ein annan. 

Ein plastisk hjerne er tilpassingsdyktig. Mellom anna har han truleg ei auka evne til å danne nye koplingar mellom hjerneceller og til å fjerne unødvendige koplingar. Begge delar er viktig for læring. 

– All læring, om det er å lese eller hoppe på eitt bein, krev ei endring i hjernen. At hjernen vert endra under graviditet, har blitt forstått som evolusjonens måte å sikre at mor er i stand til å tilpasse seg endringar, seier Lars T. Westlye. 

Samtidig er både graviditeten og ungdomstida sårbare fasar. Risikoen for psykisk sjukdom aukar, for eksempel rammar fødselsdepresjon mellom 7 og 13 prosent av fødande kvinner, ifølgje Folkehelseinstituttet. 

– Ein plastisk hjerne er ein føresetnad for læring og tilpassing til miljøet, men hos enkelte kan det også føre til at dei er meir sårbare for psykisk sjukdom, fortel Westlye.

 

Hormonelle endringar

Under og etter graviditeten skjer det store, hormonelle endringar hos kvinner. I tillegg vert delar av immunsystemet aktivert, noko som kan påverke risikoen for infeksjonar og sjukdomar seinare i livet. Både hormonelle endringar og endringar i immunsystemet kan tenkjast å påverke hjernens aldring, ifølgje forskarane. 

– Vi trur at mange av desse prosessane er langvarige. Ni månader er ein kraftig kur, seier han. 

Årsakene til endringane i kvinnenes hjernealder er likevel usikre. Forskarane ser endringane heile 20–30 år etter graviditeten. Dei er ikkje veldig store, men absolutt signifikante, ifølgje Westlye. 

 

Skal følgje kvinner over tid 

Han kan likevel ikkje sjå vekk frå at andre faktorar enn sjølve graviditeten spelar inn på kvinnenes hjernealder. For eksempel endrar mange kvinner livsførselen sin i denne perioden, mellom anna ved å redusere alkoholforbruket. 

Forskarane kan heller ikkje vere sikre på at skilnadene mellom kvinnene ikkje var der før graviditeten. Difor vil dei framover følgje med på ei gruppe norske kvinner. Nokre av dei kjem til å få barn, andre ikkje. Ved å studere kvinnenes hjernar over tid vil dei få eit betre innblikk i om det faktisk er graviditeten som påverkar hjernen. 

Dei reknar med å finne målbare endringar i hjernen gjennom graviditeten.

– Vi ønskjer å undersøkje korleis desse endringane heng saman med endringar i psykisk helse og kognitive funksjonar som minne og merksemd, seier forskaren. 

 

– Trening er viktigast 

Er du 12 år og har ein hjerne som ein 16-åring, er det positivt, ifølgje Westlye. Er du derimot 70 år med ein hjerne som ein 75-åring, er det negativt, meiner han. Ein studie av James Cole og kollegaer ved Imperial College London i 2018 knytte tidleg aldrande hjernar til svakare gripestyrke, dårlegare lungefunksjon og auka risiko for å døy tidleg.  

Å halde hjernen ung kan dermed vere ein god idé. Men slett ikkje alle kvinner får barn, og rundt halvparten av klodens folk er dessutan menn. Er det andre ting enn å føde barn ein kan gjere, viss ein ønskjer å ha ein ung hjerne? 

– Fysisk aktivitet, seier Westlye. 

Å føde barn er ingen garanti for ein frisk hjerne. 

– Men generell fysisk helse, å unngå røyking og ha god blodsirkulasjon til hjernen, er viktig. Du kan neppe unngå ein alvorleg demenssjukdom ved å trene, men du kan kanskje utsetje han. 

Kva med å lære språk, meditere eller løyse kryssord? Det finst studiar som tyder på at fleire former for mental trening kan påverke hjernens struktur, men kor mykje dei påverkar hjernens aldring er usikkert. Westlye trur at det jamt over er viktigare å trimme kroppen enn hjernen. 

– Om du løyser kryssord eller ei … eg trur ikkje det er så enkelt å endre livets kurs, medgjev Lars T. Westlye. 

– Men ein skal jo gjere livet rikare, også. Det er sikkert smart å utfordre hjernen heile livet, gjennom sosiale, kulturelle og kognitive aktivitetar. 
 

Av Silje Pileberg
Publisert 11. nov. 2019 15:13 - Sist endret 11. nov. 2019 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere