Mobilen din kan vere uetisk

Det oppstår store etiske dilemma når utviklinga av kunstig intelligens baserer seg på sensitive personopplysningar – samla inn utan samtykke. 

UTAN SAMTYKKE: Kinesiske styresmakter og bedrifter samlar inn og bruker data utan å innhente samtykke. Dermed har dei eit konkurransefortrinn når dei utviklar ny teknologi og kunstig intelligens. Foto: Mostphotos

Dilemma: Barnet ditt er alvorleg sjukt, og den einaste måten å berge livet på er å bruke avansert, kunstig intelligens. Problemet er at teknologien er utvikla basert på persondata frå millionar av menneske som ikkje har gitt løyve til innsamlinga. Kva gjer du?

Dette er enkelt. Sjølvsagt reddar du barnet ditt. 

Men dersom du tek eitt steg tilbake og ser for deg eit kva som helst sjukt barn. Er det rett å avgrense personvernet og fridomen til millionar av menneske for å redde eitt individ? 

Forskar Leonora Onarheim Bergsjø på Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo trekkjer opp eit liknande dilemma i si nye bok «Digital etikk», som ho har skrive saman med ekspert i datasikring, Håkon Bergsjø. 

– Det store spørsmålet er korleis vi skal sameine våre etiske ideal om individets fridom med behovet for å utvikle kunstig intelligens, sier Leonora Onarheim Bergsjø.

– Teknologien gir oss nokre fantastiske moglegheiter. Difor må vi leggje til rette for innovasjon. Men dette må skje samtidig som vi avgrensar utilsikta skade, seier ho.

 

Aristoteles og Konfutse

Etikken som samfunnet kviler på her i Vesten, har sine røter hjå filosofar tilbake til antikkens Hellas. Aristoteles hevda at målet med livet er eudaimonia, som ofte vert omsett med «lykke» eller «å lykkast».

Seinare hevda Immanuel Kant at ein skal handle på ein slik måte at det vert ein allmenngyldig regel for alle som hamnar i same situasjon. 

GODT OG DÅRLEG: – Teknologien gir oss nokre fantastiske moglegheiter. Difor må vi leggje til rette for innovasjon – samtidig som vi avgrensar utilsikta skade, seier Leonora Onarheim Bergsjø. Foto: UIO

Kina, og andre delar av Austen, har ikkje den same historiske koplinga til antikken og opplysningstida som vi har. Der er ideen om kva som er godt, knytt til fellesskapet sitt beste framfor individets beste. 

– I konfutsianismen vert det gode liv målt i relasjonane og pliktene vi har overfor kvarandre, fortel Bergsjø.

Kina har til dømes uttala seg kritisk til FNs erklæring om universelle menneskerettar.

– I Kina er idealet fellesskapets beste, ikkje enkeltmenneskets fridom og ambisjonar. Slik har det alltid vore, men når teknologi vert utvikla for ein global marknad, blir forskjellane meir synlege, meiner teologen. 

– Korleis ser vi det i praksis?
– Kinesiske styresmakter og bedrifter kan samle inn og bruke data utan å innhente samtykke. Den enkelte har ikkje råderett over sine data. 
Dette gjer at verksemder får tilgang til store datasett. Basert på desse vert det utvikla algoritmar som blir verdsleiande.

– Dette speglar seg i talet på nye patentar, vellykka «startups» og teknologigigantar med aukande marknadsdelar, seier ho.

 

Uetiske mobiltelefonar

Som vi har sett til no i denne utgåva av Apollon, er kunstig intelligens i svært mange tilfelle maskinlæring. Det handlar om å knuse store mengder data på kort tid. 

– Ein algoritme som er laga basert på nokre få tusen datainnhentingar, har liten sjanse til å konkurrere med ein algoritme som er laga med utgangspunkt i millionar av datapunkt, peikar Bergsjø på.

Dømet med det sjuke barnet er av den ekstreme typen. Ofte er det langt fleire nyansar og gråtonar i slike dilemma. 

– Kvar einaste dag vel vi produkt laga på måtar som – når vi tenkjer oss om – burde vore annleis. Det gjeld kleda våre, maten – og sjølvsagt også mobiltelefonane. 

Det som er skilnaden no, er at vi har høve til å gjere noko med produksjonen.

– Hadde industriherrane vurdert etiske aspekt ved ny teknologi ved dei første industrielle revolusjonane, hadde dei spart menneske for mykje liding, og samfunnet for arbeidarstreiker, klassekamp og revolusjonar. 

No, i det som vert kalla den fjerde industrielle revolusjonen, kan vi implementere etikk i utviklinga, produksjonen og bruken av produkta.

– Vi har eit eineståande høve til å gjere det som er godt for individ og samfunn på lang sikt, seier Bergsjø. Det gjer vi, meiner ho, ved å vurdera og diskutera dei etiske konsekvensane av ny teknologi. – Det må skje som ein tverrfagleg, tverrsektoriell samtale på alle nivå – frå utviklarar, designarar, til tilbydarar og forbrukarar. 

    
Facebook forsvarer seg

Vi har alle, i varierande grad av medvit, godkjent at diverse selskap lagrar data knytte til aktiviteten vår.    

Store selskap som Facebook, Apple og Google har difor allereie tilgang til enorme mengder persondata. 

Vi hugsar den såkalla Cambridge Analytica-skandalen, der personleg brukarinformasjon til så mange som 50 millionar Facebook-brukarar skal ha vore på avvegar.

Då gründer Mark Zuckerberg forsvarte seg i den amerikanske kongressen, framstilte han selskapet som eit offer. – Han sa at innovasjon fører med seg risiko, og at det er uråd å ikkje trø feil når ein gjer noko som aldri er blitt gjort før i menneskets historie.

 

EU best på etikken

Dei fleste tenkjer at norsk og europeisk lovgiving sørgjer for – eller i alle fall prøver å sørgje for – at selskapa ikkje går amok med vår personlege informasjon. Det er ein bytehandel. Vi får gratistenester, som Facebook, i byte med at vi deler personlege data.

EU er i dag i teten når det gjeld å lovregulere kunstig intelligens.

– Unionen har formulert sju prinsipp for påliteleg, kunstig intelligens. Unionen krev også at den skal vere «lovleg, etisk og robust», presiserer Bergsjø.

Men også den europeiske giganten har problem med å halde følgje med teknologiutviklinga.

– EU ligg etter i det digitale kappløpet. I staden satsar unionen på å bli best på etisk, kunstig intelligens. Det er klokt, men det krev at forbrukarane ønskjer og vel det.
 

Av Morten S. Smedsrud
Publisert 4. nov. 2019 08:35 - Sist endret 4. nov. 2019 08:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere