Her er vaksinebloggen!

Sju vaksineforskarar ved UiO og Rikshospitalet har gått saman om vaksinebloggen.

MED OG UTAN VAKSINE: Sju forskarar har starta vaksineblogg for å imøtegå vaksineskeptikarar med forskingsbasert informasjon om vaksinar.  Foto: Allan Warner, Isolation Hospital at Leicester

– Vaksinebloggen er meint for alle. Du treng ikkje ha fagbakgrunn for å få forstå kva vi skriv om, seier Even Fossum, som håpar at vaksinebloggen også vil bli brukt i skule- undervisninga.

Vaksinebruken i Noreg er svært høg.

– Skeptikarane er eit lite mindretal. Likevel gjer mange av dei veldig mykje ut av seg. Viss ingen korrigerer feilinformasjonen deira, vil dei overta det offentlege rommet. Vi har difor laga vaksinebloggen. Vi er lei  av feilinformasjon og vil gjerne spreie  entusiasme om vaksinar og det som skjer  i forskingsfronten.

Sjølv om bloggen er folkeleg skriven, er forskarane ikkje redde for detaljar.   

– I vaksinebloggen har vi høve til å formidle meir djuptgåande enn det som står  i avisene. Tekstane skal likevel vere råd å lese for alle, understrekar Even Fossum. Han er ein av dei sju immunologane frå UiO og Rikshospitalet som står bak vaksinebloggen.

Ein annan av dei er Ane Marie Anderson. Slagordet hennar er «Immunsystemet "hjerte"  vaksiner er sant».

– Sjølv om forskarar likar å vere svært presise med alle moglege atterhald, har vi tort å leggje frå oss alle dei vanskelege  omgrepa, slik at alle skal skjønne kva vaksinar er, fortel Ane Marie Anderson.

Hovudbiletet på vaksinebloggen er av to klassekameratar frå tidleg på 1900-talet. Berre den eine var vaksinert mot koppar. Den sjuke guten er sterkt kopp-arra. Historia om vaksinar begynte nettopp med koppar.

– Sjukdommen har drepe menneske i  tusenvis av år og vart utrydda først i 1980. På 1700-talet døydde årleg 400 000 europe- arar av koppar. Av dei som overlevde, blei ein tredjedel blinde. Alle vart merkte med arr for livet, fortel Gunnveig Grødeland.

Lady Mary Montague lærde av det ottomanske hoffet korleis ein kunne bruke såkalla variolering for å verne seg mot koppar. Variolering er forstadiet til vaksinar og gjekk ut på å setje ei lita mengd med puss frå kopparblemmer inn under huda.

– Det sette i gang immunforsvaret hjå dei fleste, men ein til to prosent blei sjuke og døydde. Det seier noko om kva for risiko folk var villige til å ta for å unngå den for- ferdelege sjukdommen.

Landsbylegen Edward Jenner vert rekna som vaksinens far. Han var den første som metodisk testa ut at det var mogleg å la seg smitte av den mindre farlege sjukdommen kukoppar for å beskytte seg mot koppar.

Jenner kalla dette for vaksinering, opp- kalla etter «vacca» (latin), som tyder «ku». Han brukte altså eit mindre farleg virus til  å verne seg mot eit farleg virus.

Les meir på Vaksinebloggen

 

Av Yngve Vogt
Publisert 14. aug. 2019 10:54 - Sist endret 14. aug. 2019 10:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere