På 50 år har Armauer Hansen Forskningsinstitutt blitt Etiopias viktigaste

Medisinsk forskingsjubileum: I eit halvt århundre har instituttet kjempa mot lepra, utvikla vaksinar mot tropesjukdommar og slegest mot tuberkulose, hiv og aids. Historia hadde vore ei heilt anna utan innsatsen til nokre engasjerte, norske forskarar.

KEISEREN stod for åpningen av Armauer Hansen Forskningsinstitutt i 1970. I dag vert dei fleste biomedisinske forskarar i Etiopia utdanna her, og instituttet reknast som leiande i landet.  

I mars 1970 vart Armauer Hansen Research Institute (AHRI) i Etiopia høgtidleg opna av dåverande keisar Haile Selassie og instituttets sin første direktør, den norske immunologen Morten Harboe.

I jubileumsåret har instituttet i Addis Abeba ikkje berre greidd å overleve gjennom politisk turbulente tider, men vakse og rusta seg til nye og viktige oppgåver.

SJEF NUMMER 1: Morten Harboe blei første direktør på insitituttet. 

Ville løyse lepra-gåta

Det var legar frå Noreg og Sverige, saman med Redd Barna-organisasjonane i begge landa, som i si tid gjekk i bresjen for å etablere Armauer Hansen Forskningsinstitutt. Hovudoppgåva skulle vere å forske på sjukdomsutviklinga og immunresponsen ved lepra, gjerne kalla spedalskheit.

"Det er uhyre sjeldan ein kan vise til at ei slik kort og intens forskingsperiode gjev ny forståing og ny behandling som heilt endrar på korleis ein sjukdom oppfører seg i samfunnet." Morten Harboe 

På denne tida var lepra framleis eit stort helseproblem, og for å kunne kjempe effektivt mot sjukdommen, trong ein ny kunnskap. Samstundes var immunologi – læra om immunforsvaret – eit nokså nytt forskingsfelt, og det var knytt store håp til utvikling av nye vaksinar.

– Lepra var ein nokså neglisjert sjukdom på den tida, det hadde vore lite forsking på lepra etter den perioden då Noreg var pioner på området, seier Gunnar Bjune, professor emeritus i internasjonal helse ved UiO og tidlegare direktør ved instituttet.

MANGE KVINNER: I dag er Armauer Hansen Forskningsinstitutt ein heil-etiopiske institusjon med kring 350 tilsette, av dei nesten 40 prosent kvinner. Foto: AHRI

Det var nemleg den norske legen Gerhard Armauer Hansen som på 1870-talet identifiserte leprabakterien som forårsaka sjukdommen. Det var eit stort gjennombrot, men hundre år seinare var effektiv behandling framleis ei utfordring.

"Aust-Afrika har mange millionar kvegnomadar og fleire kyr enn menneske, og det har mykje å seie for utvikling og spreiing av sjukdommar mellom menneske og dyr." Gunnar Bjune 

Det vart bestemt å leggje det nye forskingsinstituttet til eit eksisterande leprasjukehus og utdanningssenter i Addis Abeba, slik at dei to institusjonane kunne dra nytte av kvarandre. Og instituttet fekk altså namn etter Noregs mest kjende lege gjennom tidene.

Ny kunnskap om immunforsvaret

– Ved Armauer Hansen Forskningsinstitutt kunne eg vere med på visittar og møte pasientane på sjukehuset, og deretter studere immuncellene deira i reagensglass. Det var unikt at ein kunne gjere nettopp det, seier Tore Godal.

SJEF NUMMER 2: Tore Godal vart instituttets andre direktør, og forskinga dei første åra etter etableringa førte til gjennombrot for behandling av lepra. Foto: NTB Scanpix

Godal er kanskje mest kjend for arbeidet sitt for internasjonal helse og tropesjukdommar gjennom Verdas helseorganisasjon og som initiativtakar og leiar for den globale vaksinealliansen Gavi, som arbeider for å gje barn i dei fattigaste delane av verda tilgang til viktige vaksinar.

Men det er tvilsamt om noko av dette ville skjedd om han ikkje var blitt invitert til å kome til instituttet i Addis Abeba som fersk medisinsk doktorand for å forske på lepra. Godal vart instituttets andre direktør, og forskinga dei første åra etter etableringa førte til gjennombrot for behandling av lepra.

"Ein stor lærdom frå dette arbeidet var at det er viktig å kunne gjere forsking på staden, der pasientane er." Tore Godal 

Snart kunne forskarane vise at dei omfattande hud- og nerveskadane mange leprapasientar får, og som har vore årsak til mykje frykt og sosial utstøyting gjennom historia, ikkje kjem av leprabakterien i seg sjølv, men av immunsystemet sin reaksjon på bakterien. Dei nye innsiktene førte til at ein tok i bruk nye behandlingsmåtar som var retta inn mot å dempe immunreaksjonen.

– Ein stor lærdom frå dette arbeidet var at det er viktig å kunne gjere forsking på staden, der pasientane er. Og lepraforskinga har også medverka til at vi betre forstår samanhengane mellom mikrobane og immunsystemet når det gjeld årsaker til vevskade, seier Godal, som førebels ikkje har pensjonert seg trass i sine 80 år.

No har han arbeidsplass ved Folkehelseinstituttet, der han jobbar med ein global handlingsplan for gjennomføringa av FNs berekraftsmål.

Forsking under vanskelege kår

Morten Harboe, som deltok i planlegginga av det nye instiuttet og var direktør det første året, seier at gjennombrota som vart gjort i den tidlege perioden, endra sjukdomsmønsteret for lepra fullstendig.

– Det er uhyre sjeldan ein kan vise til at ei slik kort og intens forskingsperiode gjev ny forståing og ny behandling som heilt endrar på korleis ein sjukdom oppfører seg i samfunnet. Det er evidensbasert medisin på sitt beste.

Harboe er i dag 90 år og har følgt Armauer Hansen Forskningsinstitutt på vegen frå eit lite institutt med mindre enn ti tilsette, til dagens heil-etiopiske institusjon med kring 350 tilsette, av dei nesten 40 prosent kvinner. Sjølv etter at Harboe formelt sett vart pensjonist, hadde han lengre opphald ved AHRI for å hjelpe instituttet gjennom vanskelege periodar.

For det er ikkje berre-berre å byggje opp eit medisinsk forskingsinstitutt i ein region prega av sterk politisk turbulens. Sidan instituttet vart etablert, har Etiopia opplevd opprør mot keisardømmet, leninistisk militærdiktatur, borgarkrig, hungersnaud, fleire omgangar med krig mot Eritrea, overgang til føderal, demokratisk republikk med ei rekkje indre problem, fram til dagens reformistiske regjering med fjorårets fredsprisvinnar, Abiy Ahmed Ali, som statsminister.

Takkar langsiktig støtte

– Det har vore nok av dei som har trudd at forskingsinstituttet ikkje ville overleve, seier dagens direktør, Abebe Genetu Bayih.

– Eg trur ein av grunnane til at vi har klart det, er at vi har ein svært dediktert, vitskapleg stab, og vi har hatt visjonære direktørar, mellom anna frå Noreg, som har arbeidd hardt for å rekruttere forskarar frå heile verda og halde forskinga i gang. Den andre, og truleg viktigaste, grunnen er den økonomiske kjernestøtta som vi heile tida har fått frå Noreg og Sverige.

"Vi meiner historia om Armauer Hansen Forskningsinstitutt er ei suksesshistorie som folk i Noreg kan vere stolte av å ha vore med på."                                                                                 Abebe Genety Bayih 

Norske Norad og det svenske motstykket Sida har ytt økonomisk støtte på ulike måtar gjennom mest heile perioden, også i diktaturtida då få ville vere assosiert med det etiopiske regimet.

– Dersom støtta var blitt trekt tilbake i den perioden, ville det ikkje ha gått. Takka vere støtta har vi i staden kunna byggje opp systemet vårt slik at vi i dag kan konkurrere om internasjonale forskingsmidlar. Eg vil gjerne nytte høvet til å takke Noreg for den støtta, og seie at pengane som er investert, ikkje har vore bortkasta, seier han.

Eit sjukdomsbilete i endring

I dag ligg Armauer Hansen Forskningsinstitutt direkte under det etiopiske helsedepartementet. Med tida har også oppgåvene endra seg.

Lepra er ikkje eit så stort folkehelseproblem som det ein gong var, og forskinga ved instituttet byrja etter kvart å sjå på andre infeksjonssjukdommar, som tuberkulose, HIV/AIDS og leishmaniasis. I tillegg til basalforsking gjer instituttet i dag også kliniske studiar og utfører oppgåver for styresmaktene, som sjukdomskartlegging og politisk rådgjeving.

– Som ein del av Afrika sør for Sahara har dei viktigaste helseutfordringane for Etiopia brukt å vere infeksjonssjukdommar, men no er dette i ferd med å endre seg. Vi er sterkare råka av ikkje-smittsame sjukdommar, som kreft og hjartesjukdommar, enn for nokre år sidan. Sjukdomsbiletet endrar seg, og spørsmålet er kva dette vil få å seie for instituttet vårt framover, seier Bayih.

På den eine sida er det enkelt, fortel han: Ein finn alle slags helseproblem i Etiopia, så same kva ein vil forske på, kan ein gjere det her og forvente at arbeidet vil gjere ein forskjell. På den andre sida må ein prioritere. HIV/AIDS er til dømes på retur, medan antibiotikaresistens er i ferd med å bli eit problem, som i verda elles.

– Men vi veit ikkje akkurat korleis det utspelar seg i Etiopia, så det er noko vi prøver å få oversikt over i lag med andre institusjonar i Afrika. Det er tidlegare vist at tuberkelbakterien stammar frå Etiopia, og at vi har bakteriestammar her med annleis genetikk enn andre stader.

– Vi er interesserte i å studere korleis bakterien og mennesket har utvikla seg i samspel med kvarandre, og har nyleg fått støtte frå det afrikanske vitskapsakademiet for å forske på genetikken i multiresistente tuberkelbakteriar i lag med andre afrikanske land.

Inspirerande arbeidsplass

Gunnar Bjune, som sjølv hadde ein periode som direktør på åttitalet, meiner det er fleire grunnar til at Etiopia er eit spennande land å drive medisinsk forsking i.

– Ikkje berre menneskeslekta, men også mykobakteriane som er årsak til sjukdommar som lepra og tuberkulose, ser ut til å ha vandra ut derifrå. Det gjer at ein kan studere genetiske fingeravtrykk og lese den evolusjonære historia til mikrobane ein finn der. Det er ein slags ekstra godbit ein får ved å vere plassert i Etiopia, seier han.

– Personleg tykkjer eg også at nærleiken til dei reelle helseproblema i Afrika som eg fekk på instituttet i Addis Abeba, har vore enormt inspirerande å jobbe med. Aust-Afrika har til dømes mange millionar kvegnomadar og har framleis fleire kyr enn menneske, og det har mykje å seie for utvikling og spreiing av sjukdommar mellom menneske og dyr. Å studere slike ting har vore veldig interessant, og det får ein jo ikkje gjort frå Noreg.

Vegval for framtida

Abebe Genetu Bayih fortel at jubileumsmarkeringa skal brukast til to ting. For det første ønskjer ein å invitere til diskusjon om den framtidige retninga for forskingsinstituttet. Akkurat no pågår arbeidet med ein ny tiårsplan for instituttet, og instituttet sjølv deltek også i utforminga av ein strategisk plan for heile den nasjonale helsesektoren, i regi av helsedepartementet.

– Det er eit godt høve til å diskutere prioriteringar. Skal vi til dømes halde fram med å fokusere på infeksjonssjukdommar, eller skal vi arbeide meir med ikkje-smittsame sjukdommar? Og risikerer vi då å gape over for mykje?

Men det er også viktig å feire det som er oppnådd på dei femti åra, meiner han.

– Vi meiner historia om Armauer Hansen Forskningsinstitutt er ei suksesshistorie som folk i Noreg kan vere stolte av å ha vore med på. Den viser at det er mogleg å samarbeide med eit institutt og Afrika sør for Sahara, produsere viktig forsking og endre verda.

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 26. feb. 2020 15:26 - Sist endret 26. feb. 2020 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere