– Smertestillande opioid er heilt naudsynte etter operasjonar 

– Opioida er heilt naudsynte ved akutte og sterke smerter – som etter store operasjonar eller ved aktiv kreftsjukdom. Elles bør vi vere svært forsiktige med å bruke dei. 

– VI SLUTTAR IKKJE! Bruken av smertestillande opioid har gått bratt oppover i Norge. Åtvaringane er sterke. I USA er det snakk om ein epidemi. – Mange er no redde for at vi skal slutte å behandla sterke smerter. Det skal vi ikkje! seier professor Petter Chr. Borchgrevink.

Det seier avdelingsoverlege Petter Chr. Borchgrevink ved Avdeling for smerte og sammensatte lidelser på St.Olavs Hospital, og professor i anestesiologi og smertebehandling ved NTNU.

I USA er det snakk om ein epidemi. Overdosar har ført til fleire dødsfall enn trafikkulykker gjer, og i 2017 erklærte president Donald Trump ei nasjonal helsekrise.

"Vi som uttaler oss om opioid i samband med smerte, må formidle to ting som tilsynelatande ikkje heng heilt saman."

For mange amerikanarar starta det med ein resept frå legen. Dei brukte kanskje ikkje opp heile pakka med opioid. Neste gong dei kjende smerte, tok dei pakka fram att.

I Noreg har vi likevel ingen epidemi. Men tidlegare i år slo Senter for rus- og avhengighetsforskning og Norsk forening for allmennmedisin alarm. I eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet åtvara dei mot trenden med legar si auka utskriving av opioid.

I 2018 fekk rundt ein halv million nordmenn med seg opioid heim, ifølgje Reseptregisteret. Bruken av preparat som oksykodon og tramadol aukar.

– Vi som uttaler oss om opioid i samband med smerte, må formidle to ting som tilsynelatande ikkje heng heilt saman, seier Petter Chr. Borchgrevink.

Opioid kan gjere skade

– For det første: Desse medikamenta kan føre til avhengigheitssyndrom ved langtidsbruk. Pasientar med langvarige smerter kan difor på sikt risikere å bli påført eit endå større problem. Helsestyresmakter og smertefagmiljø gjer no alt vi kan for å unngå ei utvikling slik vi ser i Nord-Amerika. Her i landet må vi slutte å gi vedvarande opioidbehandling til pasientar med langvarige smertetilstandar der dette ikkje trengst. 

Opioid hjelper

– For det andre: Opioida er heilt naudsynte ved akutte, sterke smerter og ved store smerter på grunn av aktiv kreftsjukdom. Utan desse sterke, smertestillande medikamenta kan vi i ein del tilfelle ikkje gi god smertebehandling, understrekar Borchgrevink. 

– I USA får vi no rapportar om at nokre sjukehus går frå den eine ytterkant til den andre fordi legar er redde for å gi opioid. Det fører til at pasientar med aktiv, smertefull kreftsjukdom, og dei som går gjennom store operasjonar, har ulidelege smerter. I Noreg må vi halde fram med å gi opioid for korttidsbruk til pasientar som vert skrivne ut av sjukehus etter store operasjonar.

Færre tablettar

Borchgrevink poengterer at pasientane må informerast betre enn i dag, og ikkje få fleire tablettar enn dei treng. 

– Det er viktig at legane skriv ut den heilt rette mengda smertestillande. Då har apoteka plikt til å levere ut nøyaktig det talet tablettar som legen har bestemt, sjølv om det er færre enn det som finst i minstepakningane. 

Publisert 29. nov. 2019 11:38 - Sist endret 29. nov. 2019 12:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere