No har også botanikarane hamna på raudlista

Ikkje berre er ein stor del av plantene i verda truga av utrydding, det er òg ekspertane deira: botanikarane.

BOTANIKAR Charlotte Sletten Bjorå i dei sveitsiske alpane, i lag med ein Veratrum album eller nyserot på norsk. – Planta finst heilt nord i Finnmark og i Alpane, så vi sjekkar om det faktisk er same art eller ikkje, fortel ho. (Foto: privat) 

Planter er grunnlaget for alt liv på kloden. Men no forsvinn mange av dei. Eit varmare klima gjer at endringane i plantemangfaldet skjer ekstremt fort. Det hastar med å få oversikt over alle arter, også alle dei som ikkje er oppdaga enno. Difor treng vi botanikarane meir enn nokon gong.

– Men kvar er dei?

– Også vi er no komne på raudlista, fortel botanikaren Charlotte Sletten Bjorå på Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

"Det kan rett og slett komma vitskaplege feilslutningar fordi den mest basale kunnskapen manglar."

Raudlista er som kjent oversikta over arter som står i fare for å døy ut.

– Nedgangen er dramatisk, i Noreg og i resten av verda. Stillingane blir færre og færre. Dei fleste botanikarar er eldre folk. Når dei døyr, er ingen unge der til å ta over. Ved Institutt for biovitskap på Blindern er det nesten ingen botanikarar att. I Storbritannia har det vore mykje merksemd om at det no er slutt på botanikkutdanninga, seier ho.

– Men kvifor skjer dette?

– Universiteta tilset dei som publiserer mest i dei beste tidsskrifta, og det er lettare å publisera artiklar i dei beste tidsskrifta om klima eller kreft enn om nye plantearter. Difor vil dei fleste institusjonar tena på å tilsetja fleire slike forskarar i staden. Det er pengane som rår, meiner Bjorå.

Vitskaplege feilslutningar

Ho peikar på at det å beskriva, kartleggja og systematisera arter er sjølve føresetnaden for å ta vare på naturmangfaldet på jorda. Men denne viktige kunnskapen forsvinn no i lag med botanikarane.

Charlotte Sletten Bjorå, som sjølv har forska på liljer i Afrika mellom anna, forklarar kvifor dette er illevarslande:

– Om eg, etter å ha gjort molekylære analysar, finn noko som er heilt uvanleg, må eg vita kva det er for noko. Då hjelper det ikkje berre å ha ei DNA-prøve. Eg treng individet òg, planta, undertrekar ho.

Alle forskarar som publiserer sekvensdata, altså DNA-undersøkingar på plantar, må levera inn belegg i eit offentleg herbarium som referanse.

Forsking skal jo vera råd å etterprøva. Botanikaren på Tøyen fortel at mykje av det dei no får inn som belegg eller bevis, er feilbestemt.

– Det hjelper ikkje uansett kor fancy metodar eg bruker, viss grunnlaget er feil frå starten. At den botaniske kunnskapen no er på full fart nedover, er ei alvorleg utvikling, åtvarar Bjorå.

– Det kan rett og slett komma vitskaplege feilslutningar fordi den mest basale kunnskapen manglar.

Av Trine Nickelsen
Publisert 23. nov. 2022 14:43 - Sist endret 23. nov. 2022 14:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere