Ikkje litteraturhistorie om sakprosa

Norsk litteraturhistorie. Sakprosa fra 1750 til 1995Redigert av Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen Universitetsforlaget, 1998

Det liknar eit leksikon; stort, tungt og vakkert. Mellom permane finn lesaren eit mangfald av artiklar som er både underhaldande, perspektivrike og innsiktsfulle. Premiesøknader frå 1700-talets bondekvinner, avisreklamar, partiprogram og mentalhygienisk litteratur frå vår eiga tid, Hans Nielsen Hauges pamflettar, lesebøkene til Nordahl Rolfsen og Johannes Lids Norsk flora - dette er noko av det tekstmangfaldet sakprosaverket let lesaren møte gjennom korte kronikkar og lengre artiklar med fagleg tyngde.

Dette sakprosaverket er sluttresultatet til prosjektet Norsk Sakprosa, som i fire år har retta merksemda mot sakprosaen, dei slitesterke tekstane kvar og ein av oss skriv og les kvar einaste dag. Trond Berg Eriksen og Egil Børre Johnsen har vore drivkrefter bak dette prosjektet, og det er dei som står ansvarleg som redaktørar for dette tobandsverket. Med seg har dei 110 artikkelforfattarar, sju redaktørar med ansvar for kvar sin tidsperiode og Ottar Grepstad som har skrive eit kapittel om kjenneteikna til sakprosaen.

Slik tittelen på bokverket signaliserer, er det eit poeng for Berg Eriksen og Johnsen å markere at sakprosaen har verdi som litteratur. «Verkets tittel ønsker ikke å ekskludere, men å inkludere» presiserer dei i innleiinga til verket. Men når ein vel å nærme seg sakprosatekstane ved å samanlikne dei med skjønnlitteraturen, eller bruker litteraturvitskapens fagtermar og metodar som analysereiskap til sakprosaen, da reduserer ein sakprosaen og lukkar mange tekstar ute frå kategorien. I motsetnad til litterære tekstar er ikkje det formfullenda eit mål for dei fleste sakprosatekstar. Sakprosa er heller kjenneteikna med mangfald, og det er dermed ein open, tverrfagleg metodepluralisme som best fangar opp desse tekstane. I praksis er det likevel dette som skjer i Norsk litteraturhistorie sidan så mange stemmer slepper til. Ikkje berre litteraturforskarar, men òg mellom anna journalistar, samfunnsvitarar, historikarar og lingvistar har skrive bidrag til verket. Med over hundre bidragsytarar blir både skrivestil, fagleg tilnærming og perspektiv på dei einskilde tekstane svært variert. Samstundes femner sakprosaen i Norsk litteraturhistorie ikkje berre om sakprosa med litterære kvalitetar, men òg avistekstar, brosjyrar og CD-ROM. Det er dermed eit paradoks at denne opne og inkluderande haldninga til sakprosaen ikkje kjem til syne i tittelen på verket. Norsk litteraturhistorie er inga historie om *litteratur. Bokverket er meir enn ei historisk framstilling av ein litterær kanon. Det viser i staden at sakprosaen er langt frå ein einsarta tekstmasse, men at kvar tid har sine eigne brukstekstar og publiseringsformer.

Ein tiltalande utsjånad og ei godt strukturert ordning av artiklane, gjer at Norsk litteraturhistorie inviterer lesaren til å ta seg tid til å opne kvar av dei to bøkene. Oppbygginga av verket følgjer både kronologi og tematikk. Dette gjer at lesaren raskt vil finne fram til tekstar som interesserer. Begge banda er utstyrt med eit namneregister, men sidan det som regel er emnet som er sjølve saka i sakprosa, hadde det vore ein fordel med eit emneregister i verket. Kvar av perioderedaktørane har skrive eit innleiingskapittel som skaper samanheng både mellom dei einskilde artiklane i verket, og mellom dei ulike tidsperiodane verket tek føre seg. Likevel er det artiklane om dei einskilde sakprosatekstane og sakprosaistane som skil dette verket positivt frå andre kulturhistorier. Det er dykka ned i sakprosaen, ikkje oversiktskapitla, som gjer Norsk litteraturhistorie til eit særeige og engasjerande verk med varig verdi.

Norsk litteraturhistorie er ikkje berre ei historie om sakprosatekstane og dei som har skrive sakprosa. Verket inkluderer lesarane i historia, ja, dei får - slik Grepstad formulerer det i sluttkapitlet - «siste ordet». At lesarane har denne plassen i verket som heilskap, er likevel ikkje tydeleg dersom ein tek ein titt på inndelinga av tekstane. Her er «Bøker og forfattere» eit eige tema i likskap med «Stil og retorikk» og «Tid og tema». Lesarperspektivet blir rett nok handsama i kvart av dei einskilde innleiingskapitla, men ettersom det speler ei så viktig rolle i Grepstads resonnement, kunne lesarane fått ei meir synleg rolle gjennom heile verket.

Sakprosa er ofte eit samspel mellom tekst og bilete, men dette perspektivet blir borte i sakprosaverket ettersom illustrasjonane er få og lite spanande. Dette gjev dei to banda eit litt massivt og keisamt preg. Likevel er hovudinntrykket at Norsk litteraturhistorie er eit lettlest, variert, engasjerande, stilfullt og vakkert verk.

Som sakprosa står Norsk litteraturhistorie som noko for seg sjølv. Det er inga traust forfattarfokusert litteraturhistorie eller ei vilkårleg artikkelsamling. Sakprosaverket er ein møteplass mellom kvardagstekstar, mellom ulike tidsperiodar og mellom fagfolk frå forskjellige miljø. Norsk litteraturhistorie blir dermed like allsidig og overraskande som sakprosaen sjølv.

Emneord: Språk og kultur, Filosofiske fag, Idehistorie, Litteraturvitenskapelige fag, Nordisk litteratur Av Elisabeth Ringdal, cand. philol.
Publisert 1. mars 1998 00:00