Rastlaus essayistikk

Finn Skårderud: Uro. En reise i det moderne selvet Aschehoug, 1998

Gruppa av fagspesialistar som vågar løfte blikket, ta steget inn i andre fagfelt og engasjere seg i det som hender der, minkar stadig. Men den finst, og produserer ofte tankevekkande kryssbestøvingar. Finn Skårderud, psykiater med minst eitt bein i moderne psykodynamisk terapi og teori, høyrer heime her. Han har vore med og prega den norske intellektuelle debatten på 1990-talet med kronikkar, essays og bøker, der han undersøker det moderne menneskets sjelelege vilkår, ikkje berre ut frå sin fagspesialitet (studiet av spisevegring blant ungdom), men også med blikk for tendensar i etterkrigstidas kunst og kultur.

Essaysamlinga Uro med sine 460 sider både samanfattar og fører vidare dette bidraget til vårt intellektuelle liv. Den samanfattar frå tidlegare publikasjonar den diagnostiske interessa for det moderne samfunnets overfokusering på kroppen og fascinasjonen over bestemte typar kunstnarlege uttrykk (Kafkas og Thomas Bernhardts prosa f.eks.). Og den vidarefører engasjementet i ei retning som ser ut til å vere prega av sterkare litterære ambisjonar enn før. Skårderud har utan tvil ønskt å skrive eit essayistisk verk. Han vil fange inn den rastlause dynamikken i vår moderne kultur ved å bruke det urgamle reisemotivet som organiserande prinsipp; og i likskap med essaykunstens store stamfar, Montaigne, forankrar han heile tida si skrift i det subjektive og personlege - anten det nå dreier seg om forholdet til terapeutiske kasus eller eigne fascinasjonar frå reiser jorda rundt. Slik faldar han ut eit breitt spekter av tema og teksttyper, der ein jamvel finn små novellistiske skisser.

Finn Skårderud har fått både ris og ros for boka si. Den mest negative kritikken tykkjer eg har vore urettferdig. Men han er absolutt best når han skriv direkte ut frå det faget han kan best. Han skriv tankevekkande om mat og kropp og skam og skuld, medan essaya om litteratur er merkeleg springande og overflatiske (med Pessoa-kapitlet som unntak). Dei personlege betraktningane greier ikkje alltid den vanskelege balansegangen mot det sjølvopptekne (etterkvart fekk i alle høve denne lesaren nok av Skårderuds turist-eksotisme, fallskjermhopping og MC-køyring). Men eit par av dei novellistiske skissene (f.eks. En lammelse fra livet og nokre av terapi-forteljingane) har litterær spenst. På den andre sida er det for mange pretensiøst formulerte trivialitetar og trendy referansar.

Slik blir Uro ei bok som i store delar er prega av den same rastløysa og overflatefikseringa som den handlar om. Er dette ein alvorleg-ironisk verknad som er tilsikta frå Skårderuds side? Ting kan tyde på det. I sitt Etterord om kjærleik forsikrar han at nå er reisa slutt. Ingen fleire hotellrom i Las Vegas og Hong Kong: "Jeg sitter på mitt eget loft. Jeg stryker mer enn jeg skriver." Det kan vere vanskeleg å feste heilt lit til den siste forsikringa - så omfangsrik og snakkesalig som denne boka trass alt er blitt. Men eg sluttar meg til det eg oppfattar som bodskapen: Dersom vår kultur skal leve med den uroa Skårderud meiner er vårt livsvilkår, så må vi sette oss meir ned, tenkje djupare og skrive meir tolmodig enn det verden rundt oss er innstilt på. Montaigne såg at tryggleik og ro dans le sein des doctes vierges måtte til, dersom tanke og skrift skulle gi oss tvilens og undringas kunnskap. Det er kanskje eit liknande standpunkt Skårderud ønskjer å formidle med sitt etterord. Har det tilbakeverkande kraft på boka som heilskap? Det er kanskje meir tvilsamt.

På spørsmålet om dette er god populærvitskap, må svaret difor bli: både/og. Skårderud er ein fin popularisator når han formidlar og anvender sitt eige fag. Ellers er det opp og ned. Sjølv gir han uttrykk for større ambisjonar: "Kan denne boken kalles et vitenskapelig arbeid?" spør han i det vesle appendikset om metode, og svarer kontant: "Ja". Utan å nekte for at formidling er ein viktig dimensjon ved alt vitskapleg arbeid, vågar eg å påstå at forfattaren vil få vanskar med å vinne oppslutnad om eit slikt generøst vitskapsomgrep - ikkje berre innanfor den medisinske forskinga, men også i kulturvitskapens mjukare landskap.

Bokmeldaren Atle Kittang er professor i allmenn litteraturvitskap, Universitetet i Bergen

Emneord: Samfunnsvitenskap, Psykologi Av Atle Kittang
Publisert 1. feb. 1999 00:00