Biografisk perle

Bokmelding

Forfattaren som i 1996 fekk Brageprisen for biografien om Niels Henrik Abel, har nyleg gitt ut ei bok om Sophus Lie (1842-99), vår andre store norske matematikar på 1800-talet. Og la det først vere sagt, boka er ei biografisk perle. Her fortel ordkunstnaren og poeten Stubhaug til eit breitt publikum om mennesket og vitskapsmannen Sophus Lie og hans imponerande livsverk. Ut or tåkedisen stig no Sophus fram, denne merkelege faneberaren i kampen for nasjonalt sjølvstende, fjellvandraren med ryggsekken og dei djerve tankar, men som svann inn i skoddeheimen og ut av vårt kulturelle medvit for hundre år sidan. I minnetalen ved Lies gravferd i 1899, sa Ludwig Sylow:

Det er nemlig en Mathematikers Vanskjæbne, mere end andre Videnskabsmænds, at hans Arbeide ikke kan fremlegges eller fortolkes for den hele dannede Almenhed, neppe engang for en Samling af Videnskabsmænd fra alle Felter.

For studentane på Blindern har ”Sophus Lie” først og fremst vore namnet på eit stort auditoriebygg, ein framoverbøygd koloss ved sida av det høgt ruvande Niels Henrik Abels hus. Men for dei fleste har Abel vore noko meir enn namnet på ei høgblokk; Abel har i det norske folks medvit alltid hatt sin naturlege plass. Men Sophus Lie – vart han kanskje for fjern og utilnærmeleg?

Ønsket om ein større biografi om Lie vart først fremja i det matematiske fagmiljøet i samband med feiringa av Lies 150-årsjubileum i 1992, og Elin Strøm ved Historisk institutt, Universitetet i Oslo, tok på seg det mangeårige og omfattande arbeidet med å samle og redigere brevsamlingar og anna kjeldemateriale etter Lie. Dette Lie-arkivet er no overdrege til Nasjonalbiblioteket i Oslo og er ope til allmenn bruk. Det er på bakgrunn av dette materialet at Stubhaug tok fatt på den lenge etterlengta biografien om Sophus Lie.

Stubhaug flettar elegant det biografiske stoffet inn i den rette vitskaps- og kulturhistoriske ramma. Ofte talar personane til oss med eigne ord – og forfattaren er kommentatoren med dei utfyllande opplysningane. Likevel, lesaren får ikkje alltid eintydige svar. Og forresten, matematikkens rolle i undervisnings- og forskingsdebatten var, liksom i dag, også eit aktuelt og kontroversielt tema på 1800-talet. Den smålåtne Sylow seier vidare i minnetalen:

... Videnskaben maa søge sine Resultater, uden paa Forhaand at Vide, hvor og hvorledes de kan anvendes. Jeg vil derfor ikke kunne pege paa Nytteanvendelser af Sophus Lies Arbeide.

Men Sophus Lie hadde tidleg funne sitt kall og miste aldri framtidsvisjonane og trua på sine djerve idear. Frå Leipzig lyder det i eit brev til venen E. Motzfeldt i 1890:

… min livsgjerning skal staa gjennem Tiderne og skal i Aarenes Løb skattes mere og mere, ingen Tvivl derom.

Sophus Lies banebrytande idear og arbeid har danna grunnlaget for ein heilt ny og sentral disiplin i det 20. hundreåret. Vi kallar den kort og godt Lie-teori. Omgrep som Lie-gruppe, Lie-algebra og Lie-symmetri er i dag ein viktig del av kvardagen for mange innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi. Ja, kanskje er arven etter Sophus Lie Noregs største bidrag til den internasjonale vitskap gjennom alle tider.

Bokmeldar Eldar Straume er professor ved Institutt for matematiske fag, NTNU .

Emneord: Matematikk og naturvitenskap, Matematikk, Språk og kultur, Historie, Kulturhistorie, Moderne historie (etter 1800)
Publisert 1. jan. 2001 00:00