Evolusjonens frontkrigarar

Immunologien er historia om korleis mennesket tok grep om sin eigen evolusjon. Men i naturen sitt kappløp gir ingen seg utan kamp.

Meld av Kristian K. Starheim

Frå vi er fødde er vi under angrep. I kampen for tilværet er vi eit matfat for ei mengd mikroorganismar. Men immunsystemet vårt held dei på armlengds avstand. Klarar vi ikkje det, er konsekvensen soleklar. Det er oss eller dei.

DET ER HER professor og lege Anne Spurkland si bok “Immun, kroppens evige kamp for å overleve” byrjar. Det er entusiasten Spurkland som er forteljaren i denne boka. Ho vil fortelje oss historia om korleis immunsystemet jobbar for oss i kampen for tilværet. Korleis skil det mellom oss og “dei andre”? Korleis tilpassar det seg mikroorganismar som stadig er i endring, og korleis taklar det den “indre fienden” – kreft?

Dette er likevel ikkje ei lærebok i immunologi. Vi får også historiske blikk på kva utfordringar immunologien har søkt å svare på, og kva den har å seie for oss som menneske i dag. Og det er ikkje lite – infeksjonssjukdomar er av dei mest formande, evolusjonære kreftene i mennesket si historie.

SPURKLAND dreg altså fleire linjer samstundes. Dei historiske og samtidige forteljingane tek ofte utgangspunkt i enkeltpersonar, og ei slik forankring av biologien i konkrete eksempel engasjerer. Å lese om korleis forskinga og faget har fridd mennesket frå enorme helseproblem, er både fengande og rørande. Eit sterkt eksempel er frå Spurkland si eiga slekt på Nordmøre. For berre tre-fire generasjonar sidan døydde 40 % av borna som vart fødde i familien. Infeksjonssjukdomar var den store dreparen. Eit blikk tilbake på mitt eige slektstre er ikkje meir lystig lesnad, og dette er berre litt over 100 år sidan. Vi kan i stor grad takke immunologien sine to største suksessar, vaksinar og antibiotika, for at vi ikkje har det slik i dag.

MEN, BÅDE vaksinar og antibiotika har i dag utfordringar. Det er ein viss ironi i at utfordringane er ei direkte følgje av suksessen. Sidan meslingar og polio er så å seie utrydda, vert det sådd tvil om vaksinane sin verknad. Sidan antibiotika er så effektivt, har vi fått eit enormt overforbruk, med påfølgjande framvekst av multiresistente bakteriar. Dette er utfordringar som må møtast både i og utanfor laboratoriet. Vi er nøydde til å ha forsking for vidare utvikling av medisinar, og forskinga og medikamenta må ha legitimitet i befolkninga. Fritt omsett frå amerikansk: ein må vinne hjarte og hjernar.

SLIK SETT kan ein seie at denne boka kjem på eit viktig tidspunkt. Konkrete og nære forteljingar er nødvendige for å minske avstanden mellom spesialistane og resten av befolkninga. Denne boka er ikkje eit debattinnlegg, men heller eit formidlingsprosjekt. Den vil invitere lesaren inn i eit fantastisk spennande fagfelt, og ho har smittande entusiasme som våpen! Her har formidlinga sin plass i debatten: når polemikken blir lagt til sides, kan lesaren sjølv nærme seg informasjon som ein elles hadde sett på med skepsis.

MEN HER er ein også inne på eit av boka sine problem: kva slags lesarar vil boka treffe? Ved å ta for seg både historie, biologi og dagens pasienthistorier har Spurkland valt ei krevjande forteljarform, og det kan vere vanskeleg å hengje med i dei immunologiske svingane. Ei anna utfordring med immunforsvaret er å finne den gode pedagogiske framstillinga. Det hadde vore kjekt med ein lett tilgjengelig oversiktsfigur over dei viktigaste typane protein, celler, vev og organ. Litt strammare regi og oversikt hadde opna stoffet for fleire.

SPURKLAND har sjølvsagt tatt med meir enn det ein rekk å nemne i ei kort bokmelding. Det er fristande å seie at immunologien er i ei brytingstid – dei siste 15 åra har vi gjort store oppdagingar i korleis immunforsvaret lynraskt kjenner att mikroorganismar. Og berre dei siste par åra har immunologien opna ei heilt ny dør innafor kreftbehandling – immunterapi. Men som denne boka viser: immunologien har gjort fantastiske framsteg nesten kvart tiår sidan sitt moderne gjennombrot. Det er denne fantastiske reisa Spurkland tek oss med på.

 

 

 

 

 

Publisert 20. apr. 2018 10:52 - Sist endret 20. apr. 2018 10:52