Dag Olav Hessen: Meiningane med livet

Då den store BBC-serien hans om livet på jorda blei avslutta, fekk Sir David Attenborough spørsmålet: ”Kva er meininga med livet?” Engelskmannen burde ha dei beste føresetnader for å svare, sidan han nettopp hadde tatt for seg det meste av det.

Biologiprofessor Dag Olav Hessen

Attenborough såg framfor seg eit sekund. Så snudde han seg litt skrått mot intervjuaren, utanfor kameravinkelen og såg lurt på han.

Svaret kom: «Å få barn.»

– Ja. Den BIOLOGISKE meininga med livet er å få barn, å produsere avkom, istemmer Dag Olav Hessen, 44 år gammal professor i biologi.

– Utanom det?

– Så finst det inga ytre meining med liv – i den forstand. Det viktige er å skilje mellom meininga med livet og meininga i livet.

– Den siste må vi skape sjølve?

– Det må vi.

– Mange finn faktisk at liva deira er tomme for meining. Kan vi muntre dei opp?

– Peter Wessel Zapffe hadde trolig rett i at mykje av det vi søker, er forankringspunkt, i fråver av djupare meining. Difor vil mange av oss søke meir eller mindre hektiske distraksjonsmiddel. Alt frå fallskjerm og fjellklatring til fjernsynstitting. For min del er det familie, forsking og fjell. Det gir meg samstundes livsglede. Det næraste eg kjem, er den utilitaristiske livsmeining, den som har slagordet «størst mogleg lykke for flest mogleg». Og dei fleste vil seie at ekte glede får du ved å gjere noko for andre enn deg sjølv.

Meininga med media

– Hessens eigen utilitarisme finn sin naturlege stopp ved Hotell Cæsar. Firebarnsfaren jobbar hardt med å forby ungane sine å sjå TV 2-serien. Med avkommet plassert jamt i aldersgruppene mellom 4 og 18, tyder mykje på at det kan bli ein langvarig kamp. Men målet er gitt: Dei bør heller lese pappas ungdomsbok om Darwin om att.

– Dei mest sette og lesne mediene bidrar ofte regelrett til å fordumme folk. Eit mål for meg er iallfall å freiste å oppnå det motsette, seier Hessen.

Den eine løysinga hans er avisspaltene. Den andre er bøker.

Dag Olav Hessen

Foto: Ståle Skogstad ©

Eigentleg skulle ein annan forskar overtatt som spaltist i Aftenposten for eit par år sidan. Men det synte seg at det naturlege utvalet av skriveglade menneske i det realfaglege universitetsmiljøet er heller lite. Difor er Hessen blitt verande i avisa.

– Det var no gale at ingen frå naturfagleg side skreiv noko! Dette har også med livsmeininga å gjere: Engasjementet mitt skuldast at det å vere deltakar i livet er meir tilfredsstillande enn å vere tilskodar.

Endå så ubehageleg det er å delta. Hessen er plaga med det same som andre ekspertar:

– Som regel er det utriveleg for meg å sjå mine eigne ting på trykk. Eg eksponerer ei meining til alle. Dilemmaet er å vere i randa av det eg kan mest om.

Meininga med populærvitskapen

Vantrivnaden er ikkje verre enn at han stadig allierer seg med andre flogvit, frå andre render.

Dag Olav Hessen

– Skepsisen til utviklingslæra har truleg mykje å gjere med kva folk gjerne vil tru. Darwin har aldri fått ein sentral plass i skolesystemet.  (Foto: Ståle Skogstad ©)

Saman med sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen skreiv han «Egoisme», 366 sider om det å vere seg sjølv nærast – men også verdien av å samarbeide – i genetikken, økosystema og kulturen. Filosofen Inga Bostad var Hessens medredaktør i antologien om Zapffe: «Et liv på mange vis». På eiga hand har han skrive om Darwin, i bøkene «Det tapte paradis: en oppdagelsesreise i Darwins kjølvann», og altså i ungdomsboka «Darwins verden».

Lista over titlar og medforfattarar ber preg av det som er tidas trend på den populærvitskaplege bokdisken, som den er det på matbordet, i musikken, i arkitekturen og i senga: fusjon. For å tette dei hola som er att, burde Hessen no alliere seg med dei – for hans del – enno ubrukte stjernene i sjangeren: psykiater Finn Skårderud, idéhistorikar Trond Berg Eriksen, folkehøgskolelærar Jostein Gaarder og naivistforfattar Erlend Loe.

– Det blir Linné. Den neste boka blir om han. Carl von Linné må interessere mange. Ein av 1700-talets store vitskapsmenn, som med dei botaniske avhandlingane sine la grunnlaget for mykje av kunnskapen om biologisk mangfald og økologi.

Meiningane om Darwin

Det er slike folk som tiltrekkjer Hessen: Dei komplette vitskapsmennene, dei som klargjer og systematiserer tilverets store samanhengar i detalj. Slik Darwin gjorde.

Dusteforbundets Darwin P. Erlandsen er framleis meir kjent enn Charles. Konnotasjonane til Darwin er om lag som dei vi har til Freud og Marx: «Flinke folk, men vi er ferdig med dei.»

– Forunderleg nok, seier Hessen.

– Skepsisen til utviklingslæra har truleg mykje å gjere med kva folk gjerne vil tru. Darwin har aldri fått ein sentral plass i skolesystemet. Vi ser stadig ønsket om å plassere darwinismen som ein av mange hypotesar om livets utvikling, ikkje som sjølve grunnlaget. Grunnen til det er kanskje at han fjernar den metafysiske meiningsplattforma for mange. Eit av hovudpunkta hans er jo at det ikkje ligg noko mål og noka meining bak tilveret. Det er ein bitter pille, det.

– Ingen opptur for verken kristne, muslimar eller hinduar å lese Darwin?

– Ikke om dei har ein kreasjonistisk dagsorden. Å bekjempe kreasjonisme er ikkje det same som å ville torpedere allmenn tru. Vitskapen kan ikkje motbevise metafysisk eksistens. Det var vel heller ikkje meininga. Tru får bli ei personleg sak. Overtru bør bekjempast.

Meininga for DNA-et

– Dersom vi på nytt set lupa på livet: Kvifor i all verda finst det? Kvifor veks og formerer ting seg – dei kunne jo ha latt vere?

– Nei, ikkje når livet først eksisterer. Livsgnisten manifesterer seg med ufatteleg kraft. Han virkar tilsynelatande mot termodynamikken. Liv og struktur dannar seg av grunnstoff og uorden. Det fascinerande med arvestoffet er at det skaper liv så å seie av stein. Det må finnast energikjelder for å få denne veksten, som sollys eller organisk materiale. Men eit av dei verkeleg store spørsmåla er framleis dette: Korleis kan ein slik substans – arvestoff – oppstå? For straks han finst, skaper han seg sjølv. Å finne ut av dette, er grunnforsking på høgaste nivå. Enkelte har også sett DNA-et som DET EIGENTLEGE, mens organismen er arvestoffet sin reiskap for eiga vidareføring. Med andre ord: Høna er blitt eggets måte å produsere eit nytt egg på!

Dag Olav Hessen

– Som regel er det utriveleg for meg å sjå mine eigne ting på trykk.  (Foto: Ståle Skogstad ©)

Dag Olav Hessens liv som forskar går i litt andre retninger. Basalforskinga hans dreier seg om vatn. Ein er ikkje vaksen opp på Lillehammer, som son av byveterinæren, for ingenting: Der fell Mjøsa ein i auget kvar dag. Og i det vatnet er det mykje rart.

Hessen studerer omsetnaden av karbon, nitrogen og fosfor, så vel i naturen som i modelløkosystem på laboratoriet, såkalla kjemostatar. Korleis ozonhola og UV-strålinga påverkar liv, er eit anna hovudfelt.

– Her ser vi på forsvarsmekanismar, genetiske skadar og UV-stråling i eit evolusjonært perspektiv. I det tverrfaglege samarbeidet vi har, studerr vi spesielt effektar på arktiske økosystem.

Hessen skjøna tidleg at ei naturfagleg retning var tingen.

– Eg låg lenge og bikka mellom det trygge, som var medisin, og det meir usikre, som var biologi. Medisin er trygt og godt, fikk eg høyre, du er automatisk sikra arbeid og god løn. Men sidan eg alltid har hatt ei intens naturglede, følgde eg hjartet og valde biologi. Det har eg aldri angra på. Som forskar er eg i smørauget. Det spanande med forsking er at ein gjer oppdagingar som ein ikkje kan sjå rekkevidda av.

Meininga med vitskapen

– Vitskapens ende er blitt spådd lenge. Alle store oppdagingar er anten gjort eller i ferd med å bli det – iallfall innan julaftan i år?

– Det er nok omvendt. Utviklinga dei siste hundre åra har vore eksponentiell. Vi er berre i starten av genteknologi- og IT-utviklinga, og kombinasjonen av dei to. Problemet for dei fleste spåmenn er at dei til alle tider har tatt fullstendig feil om framtida. Det er like vanskeleg å spå kva som skjer dei neste hundre åra som det var for dei som ville spå om det 20. århundret i 1900. Morfaren min døydde for nokre år sidan, nær 100 år gammal. Dei endringane som skjedde i hans levetid, var større enn i dei føregåande tusen. Kvifor skulle denne ekstreme endringstakta brått avta no? Det spanande er at grunnforskarane allereie sit på mykje av det som vil prege dette århundret. Vi veit kva mykje er, vi veit kva det kan bli, men ikkje kva det kan nyttast til. Sjå på restriksjonsenzyma som no blir brukte til å kutte DNA-strengane. Desse enzyma var resultat av ei tilfeldig oppdaging, mange år før dagens DNA-teknologi. Det er av slike årsaker grunnforsking ikkje kan – eller bør – ha noko mål utover seg sjølv.

Meininga med pengar

– Lett å seie når ein får pengar til å drive med det?

Dag Olav Hessen

– Som forskar er eg i smørauget. Det spanande med forsking er at ein gjer oppdagingar som ein ikkje kan sjå rekkevidda av.  (Foto: Ståle Skogstad ©)

– Personleg har eg vore heldig og fått ein god del midlar frå Forskingsrådet. Eg har hatt bra tilgang til generelle driftsmidlar. Men alt er relativt. Det er fleire typar instrument eg kunne ha tenkt meg, og pengar til å løne fleire stipendiatar og teknikarar. Eit av dei store ønska her hos oss er eit nytt flow-cytometer. Det er eit instrument vi brukar til celleteljing, til å kvantifisere arvemateriale og arvestoff. Apparatet vi har, overtok vi frå søppelkassa til medisinarane. Det var generøst av dei å selje det til oss for 50000 kroner, når eit nytt kostar millionen. Men så var det å stå som ein annan bruktbilhandlar og flytte delar frå det endå eldre cytometeret over på det nye, for å få det til å fungere. Elementanalysatoren vår er frå 70-talet. Det generelle utstyrsnivået er ei bremse for kva vi kan oppnå og ikkje emne for festtalar.

– Ikkje rekrutteringa heller?

– Biologi er det «mjuke» realfaget. Sjølv om søknadsnedgangen er markert, er det ikkje så ille som for realfaga jamt over. Nedgangen tok til for fire-fem år sidan. Dels ved at ungdomskulla blei mindre, dels grunna realfagsvegringa og for få og dårlige lærarkrefter. Biologi er, som realfag generelt, lite synlege i mediene – og i det heile teke.

Meiningane politikarane treng

Sjølv har Hessen brukt tid på å gjere faget synleg for politikarane. I sommar var han igjen på politisk cruise med stortingspolitikarar og departementsfolk på Svalbard. «Studietur Nord» er ein møteplass for folkevalde, embetsmenn og forskarar.

– Emnet mitt var endringar i dei arktiske økosystema.

– Oppnår du samstundes politiske endringar, i møtet med maktmenneska?

– Dei er veldig interesserte. Dei skjønar at det er viktig med desse klimaendringane i Arktis. Det var ikkje nytt for oss då mediene melde at det no har vore open sjø på nordpolpunktet. Trenden er at isen smeltar ned. Så er spørsmålet kva vi skal gjere med det. Fordelen med å møte politikarane direkte, er at kunnskapen vår ikkje på førehand er filtrert i eit byråkratisk system. Så svaret på spørsmålet ditt er ja. Slike møte er små steg i rett lei.

Meininga med Hessa

Hessen høyrest tysk ut, men namnet kjem frå Hessa, ei øy utanfor Ålesund. Sunnmørsøya var odelsguten Dag Olavs barndomsrike i feriane. Garden hadde vore i familiens eige i mange generasjoner. I hans eigen blei det for mykje vedlikehald. Nyleg blei våningshuset seld ut av familien, sjølv om nausttomter og utmark framleis er i familiens eige.

– Det var ein forferdeleg prosess å selje, mykje tyngre enn eg trudde i starten. Som biolog har eg tenkt på kvifor vi reagerer slik når vi kvittar oss med stader og ting, kvifor denne sorgreaksjonen? Nostalgi og empati er interessante kjensler i dette sinnslandskapet. Kva er dei? Kva utløyser dei? Særleg nostalgien. Kanskje vil somme seie at det ikkje er ei eiga kjensle. Men ho har iallfall fått sitt eige namn. Og garden er det slutt med, for vår del.

– Du kunne ha blitt sunnmøring, om du ville?

– Eg hadde ei romantisk førestelling om å bu der og drive garden, for ein periode. Men eg er for glad i å gå på ski.

Meininga på Norefjell

Altfor glad. Det fjellvande styremedlemmet i Turistforeininga heldt på å setje livet til i 1994, då han og kona – kjemikaren Hanne Line Daae – skulle gå ein liten januartur på Norefjell. På kontorveggen heng eit sundrive fjellkart bak glass og ramme. Det einaste synlege minnet frå turen.

Heldigvis.

Turen frå fjellheisen på Norefjell til Høgevarde er ein rusletur, ein distanse på vel ei mil i greit terreng. Men ikkje den dagen ekteparet la i veg.

– Det var eit Norefjell vi aldri hadde drøymt om. Eg har arbeidd som fjellførar, breførar, eg har vore ute i all slags ruskever. Dette veret var ikkje meldt. Det kom som ut av ein sekk då vi var nokre kilometer av garde. Brått var det orkan, med over 50 sekundmeter vind. Vi visste kvar vi skulle gå, men det var umogleg å gå mot vindpresset. Vi blei feidde av garde og kunne heller ikkje kome oss attende. Lukka var at vi hadde med ein spade. Vi greidde å grave oss ned i ein skavl. Der låg vi til neste dag, som møtte oss med nesten like hardt ver. Vi prøvde å manøvrere med kompasset, men det bles ut av hendene på meg. Eg visste ikkje då kor gale det var med fingrane mine. Vi gjekk i mange timar, i eit terreng vi visste var rasfarleg. Til slutt fann vi ei hytte og fekk slått oss inn i henne. Då hadde vi begge tatt farvel, vi trudde det var slutten. Uveret varte i to døgn. I etterkant var eg nær på å amputere åtte fingrar. Dei blei heilt svarte, føltest som

pinnar, naglane fall av. Du ser jo at det er gått bra. Men sanninga er at det ikkje fanst behandling. Det er – her i vinterlandet Noreg – utruleg lite kunnskap om forfrysingar. Eg vurderte blodigler for å få i gang blodomløpet. Eg berga fingrane fordi eg ikkje fekk infeksjonar. I første omgang var vi så glade for at vi kom frå det med livet at eg berre sa til meg sjølv: «Eg skal vel overleve med to-tre fingrar.» Men i ettertid skjønar eg at det ville ha blitt eit anna liv.

Hessens sinnsbalanse må vere av det robuste slaget. Han insisterer på at han verken fysisk eller psykisk har mein etter skaden. Vel blir han litt kaldare på hendene enn andre ein vinterdag. Men han har aldri hatt mareritt om turen. Kanskje det er fordi han søv så lite.

Meininga i liv og død

– Problemet er at det er så mykje som er interessant. Ofte kokar hovudet av idear om natta. Difor har eg alltid skriveblokka liggande. Å ha breie interesser er både ei gåve og ei forbanning. Men kona byrjar å bli vant til det. Moralen min er å la vere å følgje alle dei lause trådane eg spinn. Eg ser at eg ein peiode har ridd for mange hestar. Eg skulle gjerne hatt to-tre parallelle liv.

Dag Olav Hessen

(Foto: Ståle Skogstad ©)

– Kva ville du ha brukt dei til?

– Trulig meir forsking, men på andre felt. Kombinasjonen genetikk og nevrobiologi er fascinerande.

– Og viss ikkje?

– Fjellet. Kanskje som oppsynsmann. Det kunne vere den gylne kombinasjonen av naturliv og tankearbeid.

For visst er det råd å sjå for seg ein mykje eldre Dag O. Hessen der oppe – som ein arvtakar til Heitkøtter-brørne eller kanskje som Dagblad-fotografen Johan Brun – med andletshud som lær og eit blikk mot det evige. Og eg fabulerer for han, om at han kanskje til slutt kunne ende som Ötzi, veidemannen som sovna under ei dyne av snø i Alpane for 4000 år sidan og aldri vakna meir. Hessen nikkar.

– Det er ein fin slutt.

Av Av Lars Aarønæs
Publisert 3. jan. 2014 11:34 - Sist endret 3. jan. 2014 13:48