Kåre Lunden: Ein ekte vestlandsstorm

Han er som ein ekte vestlandsstorm når han ruskar opp historiedebatten med kontroversielle standpunkt. No har han fått pris for sitt vâre handelag med ord. Historieprofessor Kåre Lunden blæs av språkleg snobberi og har i staden «ho Nikolina i Botna» som føredøme.

(Foto: Eva C. Mortensen)

Då Kåre Lunden fylte 60 år, skreiv Ottar Brox om han at «Enighet

må for ham være en pest som må bekjempes med alle midler». Lunden har ei eiga evne til å bli angripen, og for ein sjølverklært sportsidiot som han er angrep det beste forsvar.

Er du ein kranglefant?

Slik må du ikkje innleie, viss du har med ein kranglefant å gjere! Elles er det slik at omgrep som «kranglefant» og «nasjonalist» kan ha mange tydingar, og enkelte brukar dei som skjellsord. Då vil eg verken vere det eine eller det andre. Men det er vel eit objektivt faktum at eg har ein tendens til å vere opposisjonell, seier Lunden.

Odelsguten visste lite om framtida si då han sprang rundt på tunet og leika mellom hesjestaurane på det vesle småbruket heime i Naustdal i Sunnfjord. Men foreldra var av dei som las bøker, og guten fekk intellektuelle interesser. Likevel tok det tid før han kom i gang med historiestudia. 32 år gamal tok han til på historie grunnfag, og då var han allereie sivilagronom og hadde arbeidd seks år som sekretær i Kyrkjedepartementet. 35 år gamal var han ferdig med hovudoppgåva si om bygdene Heggen og Frøland i mellomalderen.

Sidan har han vorte professor, skrive ei rekkje bøker og fylt debattspaltene i avisene med innlegg som ikkje alltid har gitt han fleire tilhengjarar. I år fekk han Norsk språkpris, og kom i bås med tidlegare prisvinnarar som Lars Roar Langslet, Berge Furre og Sissel Benneche Osvold. Til grunn for tildelinga låg bøkene Norsk grålysing og Biletet av fortida, og avis- og tidsskriftartiklane han har skrive.

«Han er ein formidlar i beste meining, ein folkeopplysar, og trør meir enn gjerne ut i minefelt og blir der. Språk, stil, formidlarevne og fagleg tyngd gjer han til noko så sjeldsynt som ein folkeleg intellektuell,» sa Tove Bull under prisutdelinga. Og Lunden takka med å fortelje at når han sit fast i skrivinga, så prøver han å skrive slik «ho Nikolina i Botna» ville ha sagt det.

Ho Nikolina i Botna var grannekona heime i Naustdal, ho representerte det folkelege språket, purt og reint. Då Olav Duun i si tid vart spurd kven han hadde lært norsk av, svarte han at han hadde lært det av kårkallen heime. Den «duunske» utsegna om Nikolina var eigentleg litt jåleri, seier Lunden, og spøker med at folk no vil tru han er vorten stormannsgalen.

Men jålete kan 65-åringen knapt kallast. Han let seg ikkje imponere av fine framandord og meiner dei same tankane kan formast i enkle ordelag. Farisear-språk kallar han snobberiet han meiner å sjå i mange samanhengar.

På mine kantar vart vi skulerte i Skrifta, og der er det snakk om å tale som farisearane og dei skriftlærde. Eg siktar til eit språk som vert gjort unødvendig vanskeleg. Ei stund meinte mange at det var avgrensa kva daglegspråket var brukande til, og at alle fag ideelt sett burde utvikle eit fagspråk slik vi har i matematikk, seier Lunden.

Men han meiner at i eit fag som historie, som ikkje handlar om noko som er uforanderleg, kjem det smidige daglegspråket til sin rett.

Det er ikkje berre det at daglegspråket er like bra, det er daglegspråket som er det beste. Men vi forskarar vil gjerne ha prestisje, og dersom vi uttrykkjer oss som folk flest, mengjer vi oss med folk flest. Og då vert vi verken meir eller mindre enn folk flest. Her ligg det eit press i retning av å «snakke som presten». Og når prestespråket vert brukt utover det det er sakleg grunnlag for, som jåleri, kjem vi over i farisear-språket, seier Lunden. Men han understrekar at han ser at alle fag har bruk for visse ord og omgrep som ikkje finst hjå alle.

Lunden sat for ei tid tilbake i ein kommisjon til ein kandidat som var oppe til grunnfagseksamen ved Universitetet i Oslo. Kandidaten hadde skrive om 1905. Han omtala i svaret krigen mellom Noreg og Sverige det året, og skreiv at Olav V vart konge i 1905. Resten var i same stilen, og kommisjonen var ikkje i tvil om at kandidaten måtte stryke. Men kandidaten klaga, og fekk medhald frå appellnemnda, som var samansett av folk med lang erfaring både frå universitet og skule.

Det er for stor motvilje mot konkrete opplysningar, namn og årstal i historiebøkene som vert laga i dag. Namn og årstal skal utgjere konkretiseringa av det allmenne. Berre på den måten vert historiefaget levande og ikkje flytande, seier Lunden og trur at dersom bøkene berre presenterer abstraksjonar, vert stoffet desto vanskelegare å hugse. Han sver i staden til Nordahl Rolfsens gamle klassikarar.

Nordahl Rolfsens lesebøker kan vere føredøme på to måtar. Det er ei meining i framstillinga, og dessutan var framstillinga pedagogisk rett. Dei moderne lærebøkene sviktar ofte på begge punkt. Lærebøkene i historie i skulen er stort sett svært kortfatta, og legg på ein misforstått måte vekt på å vere mest mogeleg nøytrale.

Lunden trur at dersom undervisninga skal bli interessant, så må ho vise samanhengar.

Valet av slike samanhengar kan aldri bli verdinøytrale. Når ein historikar skal velje ut kva som er viktig, kan han ikkje unngå å velje ut frå eigne verdiar. Difor er det ein slags innebygd motsetnad mellom det å vilje skrive nøytral historie og det å skrive interessant historie. Nordahl Rolfsens lesebøker var rett nok prega av eit nasjonalistisk historiesyn, men det oppfattar eg som meir tilfeldig, seier Lunden. Han meiner at det viktige er at Rolfsen hadde medvitne idear som han la til grunn når han framstilte historie. Og Lunden meiner slike idear ikkje er til å kome forbi dersom historieskrivinga skal bli interessant. Likevel ser han farane med lærebøker som er sterkt prega av forfattaren sine standpunkt.

Dette er ikkje lett, fordi vi må prøve å unngå at historieundervisninga vert indoktrinering. Men det som i alle fall ikkje fungerer, er å presentere meiningslaus historie, meiner Lunden.

Lunden deler det norske historikarmiljøet grovt sett i to tradisjonar. Han kallar den eine tradisjonen for dei tradisjonelle empiristane og den andre for den teoretisk-empiriske tradisjonen.

Dei tradisjonelle empiristane har den haldninga at ein kan setje i gang historisk forsking på eit felt utan å ha oppfatningar på førehand. Dei går gjennom eit kjeldemateriale og ser kva som står der. Dermed skal mønsteret i materialet springe fram av seg sjølv, det vert kalla å byrje med det opne sinn, seier Lunden.

Ein teoretisk-empirisk forskar står også fast ved at historie er ein empirisk vitskap. Det er ifølgje Lunden eit fellestrekk mellom dei to tradisjonane.

Den teoretisk-empiriske forskaren tek utgangspunkt i eigne verdiar når han avgjer kva han skal forske i. I det vidare arbeidet har denne forskaren alltid oppfatningar om korleis samanhengane eigentleg er. Det empiriske arbeidet får større preg av å bli innhenta medvite, for å stadfeste eller falsifisere teoretiske oppfatningar som ein har, seier Lunden. Men han strekar under at dette er grove skisser.

Poenget er ikkje at den eine av historikartypane utfører dårlegare forsking. Men det er ikkje heilt likegyldig kva haldning forskaren har til resultatet sitt. Det er ein tendens til at dei tradisjonelle empiristane meiner dei finn sanninga. Dei som veit at dei opererer med modellar, ser også at det kunne ha vore valt andre modellar, som hadde gitt andre resultat. Eg trur dei teoretisk-empiriske forskarane har ei anna haldning til sine eigne resultat.

Men kan ikkje historieforsking i den teoretisk-empiriske tradisjonen lett bli redusert til eit slags kryssord, der du puttar inn det som passar?

Det er sjølvsagt ein fare, men eg veit ikkje kor reell den er. Jens Arup Seip kalla det «modellenes tyranni». Dersom ein går ut frå ein veldig fast modell, vil forskaren finne ut at anten stemmer den eller så stemmer den ikkje. Og dersom den ikkje stemmer, har ikkje forskaren funne ut noko som helst. Der ligg ein viss fare for sjablontenking, men eg trur dei fleste normale personar vil modifisere modellen sin. Som Gudmund Hernes sa: Seip har også sine modellar, utan at han alltid veit det.

Under EU-striden stod naustdølingen i fremste rekkje i kampen mot medlemskap, og nasjonalismedebatten med Thomas Hylland Eriksen fylte spaltene i Dagbladet. Temperaturen i debatten var høg, Hylland Eriksen sa i ein paneldebatt at han «vil omtale nasjonalistane som dei svina dei er». Lunden vart skulda for å nøre opp under nasjonalistiske tendensar. Sjølv meiner han det er heilt gale å sjå på rasisme og nasjonalisme som identiske fenomen. Han viser til at rasisme og framandhat har prega Europa sidan mellomalderen, i motsetnad til dei nasjonalistiske straumdraga som vart tydelege først i førre hundreåret. Lunden vil ikkje gå med på at rasismen, som delvis har blomstra opp i Aust-Europa saman med nasjonalismen, er ei følgje av nasjonalismen.

Er du ein nasjonalist?

Det er farleg å kalle seg nasjonalist i dag, sidan det vert brukt som skjellsord. Det kjem an på kva definisjon som vert brukt. Dersom nasjonalisme inneber rasisme og framandhat, er eg ikkje nasjonalist. Eg meiner heller ikkje at alle nasjonar skal ha ein eigen stat. Dersom det vert sett på som den høgste verdien for ein nasjonalist, er eg ikkje nasjonalist. Men alle nasjonar har rett til ein eigen stat, seier Lunden, og kjenner seg heime som nasjonalist dersom det vert definert slik.

Lunden hevdar at det nasjonale gjennombrotet følgjer same mønsteret både i aust og vest. Det tidlegare Jugoslavia har no nådd det same demokratistadiet som Noreg var på for eit par hundre år sidan. Lunden trur at det tidlegare Jugoslavia i dag er på eit steg i utviklinga som det må ta.

Dette området har vore undertrykt svært lenge. Dei har ikkje fått prøve å vere sjølvstendige og er difor framleis politisk umogne. Eg trur det dessverre er ein naudsynt prosess. Enkelte seier at ein ikkje skal ta barnet ut i vatnet før det har lært å symje. Men det går sjølvsagt ikkje. Dei må lære å symje i det tidlegare Jugoslavia også, seier Lunden. Han meiner det i prinsippet ikkje går an å stille seg negativ til krav om sjølvstyre frå einingar som oppfattar seg som nasjonar.

I boka Norsk grålysing hevdar Lunden at det allereie før 1814 fanst ein felles norsk nasjonal identitet og tillaup til handlingsretta nasjonalisme. Han trur altså ikkje at Noreg fekk «fridomen i gåve», slik Seip og dei fleste andre historikarane i Noreg etter han har meint. Lunden fekk heilsides motsvar i Dagbladet på grunn av denne teorien.

Eg meiner det er klart at det eksisterte ein norsk identitet allereie før 1814. Det var utan tvil sterke røyster som tala for at Noreg burde gå ut av Danmark/Noreg og opprette ein norsk stat. Grev Wedel og ein del andre formelle og uformelle politiske leiarar stod for denne linja. Når vi har lite dokumentasjon for dette, har det si årsak i at Wedel øydela arkivet sitt. Dersom regjeringa hadde fått tak i det, ville han truleg vorte tiltala for landssvik.

Hadde dei vanlege gardbrukarane ein norsk identitet?

I utgangspunktet skulle ein kanskje ikkje tru det. Men det finst ei spesialundersøking av Arne Bergsgård som vart publisert under krigen, som eg meiner dokumenterer at denne identiteten fanst, seier Lunden, og viser til utskrivinga av soldatar som ei medverkande årsak til denne breie norske nasjonalismen. Han ser også parallellar mellom EU-valet og 1814.

Vi stod overfor nokre av dei same vala. Vi spurde oss korleis vi som bur i Noreg, kan ta vare på interessene våre best, og på kva måte vi best kan halde oppe ein norsk kultur.

Ein forskar er ifølgje Lunden per definisjon ein kjettar, fordi forsking går ut på å finne ut noko vi ikkje visste frå før. Forskaren skal ikkje ta for god fisk det andre har sagt. Difor meiner Lunden at det kan vere ein annan trong for opposisjonelle i forskinga enn i samfunnet elles.

Er det for få opposisjonelle?

Det er ikkje tilfeldig at dei fleste både i forskarmiljøet og i samfunnet tenderer mot å vere relativt konforme. Det er viktig å kunne samarbeide. Og konformitet er i ei viss utstrekning ein føresetnad for samarbeid, seier Lunden.

På den andre sida er det også trong for den andre typen menneske. Ta for eksempel den tyske behandlinga av jødane i mellomkrigstida og under krigen. Det er ikkje særleg tvil om at tendensen til konformitet innanfor det politiske systemet gjorde dette mogeleg. På den tida hadde det vore ein fordel med mindre grad av konformitet og større grad av opprør. Eg trur det mest tenlege er at dei fleste er konforme, og at nokre hallar til det motsette, seier Lunden. Men han kan ikkje seie kor mange det skal vere av den siste sorten.

Personleg er eg ikkje opposisjonell berre i kraft av at eg meiner det er bra. Det er nok også ein bakgrunn i temperamentet for at ein vert det eine eller det andre.

Han er ikkje i tvil om at bakgrunnen frå Vestlandet har påverka arbeidet som forskar. Og Brox har skrive om Lunden at han er «langt mer interessert i tusenvis av undertrykte jordkraumer som sår bygg, spinner ull, betaler skatt og dør for konge og fedreland, enn i hoffintriger, dynastipolitikk og hva nå overklassene måtte fordrive tiden med».

Eg trur den mekanismen som sosiologen Thorstein Veblen peika på har gjort seg gjeldande for meg. Han meinte at dei som kjem utanfrå, har ein fordel, fordi dei har ein ekstra synsvinkel. Og dette trur eg gjeld spesielt dei som kjem kulturelt og sosialt sett nedanfrå. Tendensen til opposisjon kan følgje med, seier Lunden.

I sine yngre dagar søkte Lunden stipend og stillingar der han var avhengig av støtte frå dei etablerte i faget. Likevel skreiv han kritiske omtalar av arbeida deira, samstundes med at dei skreiv innstillingar om han.

Har det kosta stadig å meine noko anna enn fleirtalet?

Du får betalt for å meine noko anna, dersom det vert oppfatta som originalitet i forskinga. Kostnadene kjem meir på grunn av måten eg har hevda standpunkta på enn av sjølve substansen. Men det kostar sjølvsagt å gå mot sterke etablerte interesser. Då må ein rekne med å bli tatt hardt, slik eg vart i EU-kampen. Det same gjeld i universitetspolitikken. Men eg har ikkje noko å klage over. Trass i min opposisjon har eg vore professor lenge. Eg føler meg ikkje som ein forfylgd mann.

Emneord: Språk og kultur, Historie Av Nils H. Harnes
Publisert 1. feb. 2012 12:21