Otto Hageberg: Ein litterær misjonær

I 30 år har professor Otto Hageberg halde førelesingar om nordisk litteratur med brennande entusiasme. Og stadig snakkar og skriv han om litteratur på ein slik måte at både akademiske kollegaer, norsklærarar og folk utan så mykje som grunnfag i norsk ikkje berre heng med, men ofte også let seg rive med. Hageberg er litteraturprofessoren som påstår at han har eit uteoretisk gemytt og at han eigentleg ikkje er interessert i litteratur ...

(Foto: Ståle Skogstad ©)

Då Otto Hageberg nyleg fekk Norsk språkpris frå Norsk språkråd, uttalte juryen mellom anna at Hageberg «fører vidare det beste i folkeopplysningstradisjonen». Dei språkkunnige skrytte av at litteraturprofessoren ved Universitetet i Oslo skriv ledig, moderne og korrekt og at han «veit å setje punktum». Det vart også peika på at gleda over å formidle kunnskap smittar over i språk, tone og stil i Hagebergs tekstar.

- Ja, det er kjekt å drive formidling, vedgår Hageberg. - Men eg tenkjer ikkje akkurat på at eg driv med folkeopplysning. Å formidle kunnskap om litteratur er for meg styrt av lyst. Eg trur eg har ei evne til å snakke om noko av det som betyr mykje for meg, slik at det også får noko å seie for andre. I formidlingssituasjonen tenner eg meg sjølv. Ja, det er nærast noko erotisk ved slike situasjonar. I formidlingsdrifta ligg det ein slags dobbel impuls. På den eine sida skal eg vere vitskapleg i høve til fagmiljøet. På den andre sida vil eg gjerne skrive slik at mor og far, om dei hadde levd, hadde likt å lese tekstane mine. Såleis er formidlinga ei stor utfordring.

- I føreordet til essaysamlinga di «På spor etter meining» påstår du faktisk at du ikkje er særleg interessert i litteratur?

- Eg freistar å vere polemisk. Sjølvsagt er eg oppteken av litteratur, men mest av korleis ein kan nytte litteratur til å forstå livet. Å arbeide med litteratur gjev stor fridom. Oppdikta personar kan ein utforske og leike med, utan at ein risikerer å såre dei. Verkelege menneske må ein derimot omgå med kløkt.

- Men vert ikkje litteraturen såleis ei flukt frå det verkelege livet?

- Det kan bli ei flukt, men ikkje nødvendigvis. Gjennom litteratur kan ein oppleve fellesskap. Tenk berre på korleis Olaf Bull skildrar angst i diktet Metope, seier Hageberg. Litteraturprofessoren er kjend for si fabelaktige evne til å lære dikt og litterære tekster utanåt, og no deklamerer han utan å blunke:

«Dig vil jeg ømt i rytmer nagle fast! Dig vil jeg dypt og blivende bevare i digtets evige, unge alabast! Du solbevægede sværmerske! Med panden pikelig vendt mot kveldens bleke guld, vender du mildt en himmel mot en annen, likesaa lys og øm og løndomsfuld!»

- Dette diktet byrjar romantisk, men seinare i diktet kjem angsten fram: «Jeg tænker paa kvelder som denne, jeg ikke faar lov til at leve - /paa modne marker, som bruser av korn, uten mig!» Menneske som slit med angst, kan kanskje møtast i angsten i eit dikt som dette.

- Sjølv har eg eit heilt arsenal av tekstar inni meg. Eg har alltid ei god formulering eller ein replikk eg kan stø meg på. Eg tykkjer det er ein styrke, jamvel om eg brukar replikkar som er formulerte av andre. Mange forfattarar freistar å gripe kjensler som det er vanskeleg å snakke om. Som lesarar kan me nytte litteraturen til å nærme oss slike kjensler. Tenk for eksempel på Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas, som stiller spørsmålet «Kvifor er det slik det er?». Tusten får aldri noko svar på dette spørsmålet. Kona han spør, berre rister på hovudet og seier: «Vil du ha meir kaffi?». Denne scena illustrerer kommunikasjon som ikkje fungerer. Slik kan litteratur røre ved noko nede i djupet. Eg trur felles opplevingar av litteratur kan tene som ein reiskap for at menneske kan kome nærare kvarandre.

- Både når du skriv og føreles om litteratur, legg du ofte stor vekt på di eiga personlege oppleving av den litteraturen du analyserer. I ei avisomtale av essaysamlinga di «På spor etter meining» vart du kritisert for at du kan bli på grensa til patetisk når du omtalar dei litterære «heltane» dine. Er det vanskeleg å halde ein profesjonell distanse til den litteraturen du forskar på når du er så sterkt personleg engasjert i «forskingsobjektet»?

- Eg syns ikkje det er vanskeleg å kombinere det personlege og det profesjonelle forholdet eg har til litteratur. Å vere personleg når eg driv litteraturformidling er for meg i fyrste rekkje eit retorisk knep. Men elles vert eg stadig mindre redd for å røpe mitt eige engasjement for den litteraturen eg arbeider med.

- Gjennom åra har du sete i juryen i ei rad romankonkurransar, og du er i dag formann i juryen for Gyldendals legat. Korleis kan du avgjere at noko er god litteratur?

- Å ha ei profesjonell haldning til litteratur inneber mellom anna at ein må lite på si eiga dømekraft. Sjølvsagt kan ein ta feil, men det finst enkelte nokså greie kriterium for kva som er god litteratur. Språkleg medvit og rikdom er viktig, og ein avslører fort ein hjelpelaus komposisjon. Vidare er god romankunst etter mi meining litteratur som viser livsfylde. Duun, til dømes, er så god fordi han tek heile livet inn i bøkene sine; både barndom, manndom og alderdom, både det barske og det idylliske. Hamsun har eit godt språk, men måten han skriv om barn på, fell til jorda. Og Hamsun kan slett ikkje skrive om det å døy.

-Du har elles hevda at Hamsun er «kjensleskvulpande»?

- Det var i ein artikkel om Duuns erotiske skildringar i avisa Dag og Tid at eg hevda at Duun er mindre kjensleskvulpande enn Hamsun, og eg står ved den påstanden. Ta til dømes Victoria. Visst skriv Hamsun både sart, trist, ømt og vakkert om kjærleik i denne romanen, men det er på grensa til det eg kallar kjensleskvulpande. Studentar har vorte rasande på meg når eg hevdar at Pan er eksaltert. Skildringane av Glahn er vakre, men Hamsun kan ikkje gå lenger enn han gjer. Då blir det parodi.

- Du mislikar sterkt litteratur som verkar svulstig?

- Far min skreiv ein del dikt og prologar og brukte meg som konsulent. Han var litt svulstig av seg, og eg bad han ofte «skrive seg ned». Det var ein god konsulentskule for meg.

- Gjennom åra har du arbeidd mykje med nynorsk litteratur, som Olav Duun, Tarjei Vesaas og Tor Jonsson. Er nynorsk litteratur generelt meir nøktern?

- Nei, litterære tekstar kan vere like skvulpete om dei er på nynorsk. Vesaas er til dømes ikkje redd for å vere både banal og sentimental, og han er ofte på grensa. Ivar Aasen var derimot nøktern.

I samband med at litteraturprofessoren i fjor fylte 60 år, arrangerte kollegaer og vener eit såkalla «Otto Hageberg-symposium». Kanskje var det kjennskap til Hagebergs motstand mot det svulstige som fekk kollegaene til å droppe dei tradisjonelle festtalene og i staden halde meir eller mindre faglege innlegg på symposiet, som var ope for alle interesserte. Titlane på innlegga var mellom andre: «Noko om Otto og Ibsen», «Noko om Otto og lyrikk», «Noko om Otto og forlag», «Noko om Otto og damer» og «Noko om å vera Ottos student». Det var derimot ikkje eit einaste innlegg som handla om Hageberg og litteraturteori.

- Mange litteraturforskarar i dag let seg fascinere av den moderne litteraturteorien, men du er ikkje kjend for å vere blant dei?

- Eg skulle gjerne hatt eit meir teoretisk gemytt. Som ung var eg svært interessert i teori, men no les eg lite. Teoriutviklinga skifter fort, og eg syns rett og slett at mykje av den moderne litteraturteorien, som teoriane til Julia Kristeva, Jacques Lacan og Jacques Derrida, er vanskeleg å forstå. For meg er det også vanskeleg å forstå at litteraturteorien er interessant i seg sjølv. Ein del av dagens litteraturforskarar som er intenst opptekne av litteraturteori, har knapt nok lese ei skjønnlitterær bok. Det syns eg er svært uheldig. Ein litteraturforskar bør lese mykje og skaffe seg innsikt i eit breitt utval av skjønnlitteratur.

Bokmassane som nærmast veltar ut av hyllene på Hagebergs tronge kontor i Henrik Wergelands hus, vitnar om at denne mannen har rokke å lese ei uhorveleg mengd bøker gjennom dei 30 åra han har vore litteraturforskar. Sansen hans for breidd har ført til studiar av både klassisk og moderne litteratur, og interesse for å sjå lange liner og vide perspektiv i litteraturen.

Hageberg har ikkje oversikt over kor mange studentar han har vore førelesar og rettleiar for gjennom åra, men det er snakk om fleire tusen. Enkelte er blitt provoserte av den frittalande professoren, og mange er blitt «litteraturfrelste» under førelesingane hans. Å ha Hageberg som rettleiar på hovudfag er krevjande, men inspirerande, seier tidlegare studentar. Han er perfeksjonist, set høge mål og har store ambisjonar på vegner av studentane.

Sjølv tok Hageberg hovudfag i 1965 med ei oppgåve om Tor Jonsson. Frå 1961 til 1964 var han med i redaksjonen for filologistudentane sitt tidsskrift Profil, som seinare har fått ein heil forfattargenerasjon oppkalla etter seg. I ettertid er det hevda at Hageberg var den av litteraturkritikarane som hadde ei mest heilskapleg line i kritikken sin. Hageberg sjølv meiner at han ikkje hadde nokon sentral posisjon i Profil.

- Du debuterte elles sjølv som lyrikar i «Profil». Hadde du ambisjonar om å bli forfattar?

- Nei, slike ambisjonar har eg aldri hatt. Skjønnlitteratur frå pennen min ville aldri bli god nok, det ville blitt både kunstig og svulstig. Eg skreiv dikt på gymnaset, og seinare noko i Profil. Sidan har eg skrive mykje dagbøker, men no har eg slutta med det òg.

Då studentane gjorde eit fagkritisk opprør i 1968-69, var Hageberg ein av dei få blant lærarane som studentane rekna som «alliert». Han var med på å reformere fagplanar og pensum på nordiskfaget, slik at det også vart opna for samtidslitteratur. Hageberg er rekna for å vere ein av dei fyrste litteraturforskarane som tok ein samtidsforfattar som Dag Solstad på alvor. Mange av Hagebergs studentar frå 1960- og 70-talet arbeider i dag i fagkritiske yrke, som forlagsredaktørar og lærebokforfattarar. Hageberg er sjølv aktiv både innanfor forlagsverksemd og som lærebokforfattar, og tidlegare studentar nyttar han ofte som konsulent.

Dei siste åra har litteraturprofessoren arbeidd med Olav Duuns forfattarskap. Han meiner at Duun er heilt på høgd med våre to nobelprisvinnarar i litteratur, Knut Hamsun og Sigrid Undset. Hagebergs Duun-forsking har resultert i to bøker. Den eine er ei nærlesing av Duuns dikting frå eit psykoanalytisk utgangspunkt. Den andre er ei meir biografisk bok om diktaren frå Namdalen.

- I boka «Biografiske og litteraturhistoriske streiflys» er du oppteken av Duuns skjulte og ukjende privatliv. Du tek avstand frå den såkalla historiskbiografiske metoden, men i kva grad meiner du ein kan slutte mellom livet og diktinga til ein forfattar?

- Under arbeidet med Duuns litteratur vart eg fascinert av kor lite biografiske opplysningar som fanst om denne forfattaren. I Duuns hus i Holmestrand fann eg mykje upublisert materiale, som brev, notat og avisartiklar, som fortel ein del om livet til denne forfattaren. Likevel er mykje av livet hans framleis ukjent. At han til dømes skreiv mykje om barndom i bøkene sine, men aldri fortalde om sin eigen barndom, fører til at ein blir nysgjerrig. Generelt meiner eg at litterære tekstar har ein verdi i seg sjølv, og at litterære analysar kan stå uavhengig av biografiske opplysningar om diktaren. Men på den andre sida er det god humanistisk tradisjon å interessere seg for folk. Ein kort periode på 1960- og 70-talet var det tabu å skrive biografiar, men eg forstår godt den biografiske bølgja som kom kring midten av 1980-talet. Sjølv er eg ein hund etter å få kjennskap til livet til andre menneske, særleg dei som har noko dei vil skjule.

Hagebergs nysgjerrige legning og interesse for menneske både i og utanfor litteraturen har ført til at han vert rekna som ein meister i å byggje nettverk. I motsetnad til ein del andre universitetsprofessorar har Hageberg aldri forskansa seg på kontoret sitt. Han har ei rekkje kontaktar i den norske litterære institusjonen, som forlag, bokhandlarar, bokklubbar og media.

Hageberg var ein av leiarane for forskingsprosjektet LITINOR, som tok for seg den litterære institusjonen i Noreg etter 1945 frå ein litteratursosiologisk innfallsvinkel. I dette prosjektet arbeidde dei med å avdekkje heile nettverket av aktørar innanfor det litterære systemet, og dei særeigne kanalane ein har for produksjon og spreiing av lesestoff her i landet. Forskingsprosjektet vart avslutta i 1995 og førte mellom anna til at ei rekkje studentar ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap har skrive hovudfagsoppgåver om norske bokklubbar, kritikarverksemd og forlagsdrift. Kjennskap til forlagsdrift har Hageberg mellom anna fått frå Gyldendal, der han no har vore styremedlem i ti år.

- Det er interessant å følgje bransjen frå innsida. Eg har alltid hatt stor tru på boka. Framleis vert det selt mykje bøker i Noreg, men nokon ekspansjon er det neppe grunnlag for. Det er berre å erkjenne at den elektroniske revolusjonen har skapt ein heilt ny situasjon for boka. Det vert interessant å sjå kva dette vil gjere med oss lesarar. Eg sat akkurat sjølv og las Ibsen på dataskjermen. Lesevanane er nok i endring, men eg trur aldri det vil bli slik at ein tekst som står mellom to permar, vil bli totalt utkonkurrert av ein dataskjerm. Som praktisk medium er boka heilt unik: du kan ta henne med deg overalt.

- Vil det framleis finnast litteraturprofessorar på universitetet om 50 år?

- Det trur eg nok. Og kanskje forskar dei på korleis boka overlevde den kulturelle revolusjonen som skjedde kring år 2000.

Emneord: Nordisk litteratur, Språk og kultur, Litteraturvitenskapelige fag Av Aslaug Veum
Publisert 1. feb. 2012 12:17