Gro Steinsland: Veit ho nok, eller kva?

Pedagogisk, inspirerande og omsorgsfull i høve til studentane sine. Fagleg dyktig, sjølvsikker og tøff. Slik blir ho framstilt av nokon som kjenner henne godt. - Den ideelle kvinna er nok ei blanding av den modige og grensesprengjande heidenske mytekvinna og den gode og kjærlege jomfru Maria, meiner professor i religionshistorie Gro Steinsland. Kanskje er ho i ferd med å leve opp til sitt eige ideal?

På eit bittelite kontor, langt inne i ein gang i Forskingsparken, sit professor Gro Steinsland. Ho sukkar litt over mangelen på fysisk spelerom, jamvel om ho sjølv er ei ganske vever dame som ikkje akkurat ruvar i det vesle rommet. Visste ein ikkje betre, ville ein kanskje finne på å spørje kvifor professoren sit her inne på Mellomaldersenteret og ikkje heller riv av seg brillene og flyg ut, bort frå dei tronge arbeidstilhøva og den eldgamle fortida som ho har vigd yrkeslivet sitt til. Men Steinsland har nett kome heim att frå universitetet i Bonn i Tyskland, der ho er gjesteprofessor dette året. Neste veke reiser ho til Tromsø, der ho er professor II i religionsvitskap. Så tid til å støve ned på kottet sitt, det får denne professoren i alle fall ikkje.

Då Det historisk-filosofiske fakultetet ved Universitetet i Oslo skulle opprette eit internasjonalt studietilbod, valde ein å satse på fag der Noreg og Norden verkeleg har spisskompetanse i høve til resten av verda, nemleg nordisk mellomalder.

Då skal usådde åkrar vekse, vondskap batne, Balder skal kome på Hærfars kampplass bur Hod og Balder vel forlikte;- veit de nok, eller kva?

Frå Voluspá

Då Noregs allmennvitskaplege forskingsråd for om lag ti år sidan registerte at forskinga på norrøn mellomalder var meir intens i land utanfor Norden, starta ein forskingsprogrammet «Nordisk heidendom». Her var Steinsland sentral. Ho har vore aktivt med på å byggje opp kompetanse og internasjonale studietilbod på dette området her i landet. Ved Universitetet i Oslo har ho bygd opp norrønstudiar innan religionshistorie frå grunnfag til hovudfag. No er ho i ferd med å gjere det same i Tromsø. I tillegg har ho medverka i etableringa av ein internasjonal tverrfagleg magistergrad og semesteremne i faget «nordisk mellomalderkultur» ved Mellomaldersenteret. Og studentane kjem i hopetal. Denne hausten har ein 30 mellomalderstudentar frå heile verda i Forskingsparken.

- Kva er årsaka til at folk utanfor Norden syner så stor interesse for nordisk vikingtid og mellomalder?

- Me skal hugse at Norden gjennom eddadikta, skaldedikta og Snorre har fått eit unikt kjeldemateriale til kunnskap om førkristen tid. I store delar av Europa har ein ikkje noko tilsvarande systematisk framstilling av til dømes kva slags verdsbilete dei førkristne menneska hadde. Mykje europeisk kjeldemateriale vart øydelagt ved innføringa av kristendommen. I Norden skjedde kristninga seint, og nokså tett opp mot utviklinga av den norrøne skriftkulturen på 1100-1200-talet. Heidendomen var såleis enno delvis levande då skriftkulturen vart utvikla. At mykje av den norrøne diktinga er skrive ned på originalspråket, og ikkje på latin, gjer kjeldematerialet svært verdifullt for forskinga. Når utanlandske studentar og forskarar interesserer seg for norrøn mytologi, er det nok fordi at ein i mytene kan finne menneskelege strukturar som ein kjenner att og kan samanlikne med mytar i andre kulturar.

Korleis byrja du sjølv å fatte interesse for dei norrøne mytene?

- Det byrja jo med religionshistoria, som eg tok til med etter at eg hadde studert kunsthistorie og nordisk. Endeleg fann eg eit fag som gjekk rett inn i kjernen på spørsmål kring kva det er som skaper meining i ein kultur. I mytologien, med sine symbol og sitt biletspråk, fekk eg perspektiv på kva det vil seie å vere menneske. Religionshistorie er eit fag som vil femne om alle religionar i alle kulturar til alle tider. For meg vart møtet med religionshistoria ei fantastisk jordomsegling. Då eg etter kvart valde å spesialisere meg innanfor den norrøne mytologien, kom eg på ein måte heim att.

Ved Mellomaldersenteret arbeider forskarane mykje på tvers av faglege grenser. Her samarbeider religionshistorikarar med norrønfilologar, historikarar, arkeologar og kunsthistorikarar. Steinsland er godt nøgd med å arbeide på denne måten:

- Eg har spesialisert meg i eit avgrensa emne innanfor eit svært vidt fag. Ved Mellomaldersenteret får eg bruke spisskompetansen min, samstundes som eg er heilt avhengig av å orientere meg mot andre fagområde som arbeider med mellomalderen. Det tverrfaglege samarbeidet er for meg både spennande og utfordrande, og det gjev meg ny glød, seier Steinsland.

Kanskje er evna og viljen til å arbeide tverrfagleg ein av årsakene til at Gro Steinsland gjennom åra har bygd seg opp som ein av våre fremste forskarar innanfor området vikingtid og nordisk mellomalder. Den svenske arkeologen Frands Herschend har omtala både Steinslands doktoravhandling Det hellige bryllup og norrøn kongeideologi (1991) og boka Eros og død i norrøne myter (1997) som klassiske verk. Av publikasjonslista til Steinsland kan ein sjå at fagkompetansen hennar er funne relevant i ei rekkje svært ulike og til dels utradisjonelle samanhengar. Ho har gjeve faglege bidrag til alt frå Harper Collins Dictionary of Religion til ei lærebok for det danske gymnaset og Den Norske Operas introduksjon til førestillinga «Volven». Når Steinslands arbeid jamvel dukkar opp i ei antologi om bygdekvinner, redigert av ein stipendiat ved Norges landbrukshøgskole, skjønar ein at ho, gjennom forskinga på norrøn mytologi, må ha lukkast i å få fram kunnskap om «kva det vil seie å vere menneske».

«Veit de nok, eller kva?» er Volvas gjennomgangsvers i Voluspá. Volva hadde kultiske og magiske funksjonar. Ho styrde ver og helse og kjende framtida. Sjølv leitar Steinsland i fortida og syns aldri at ho får vite nok. Forsking på det førkristne samfunnet set elles grenser for kor mykje ein kan få vite. Visst finst det skriftlege kjelder til den norrøne mytologien, men dei er skrivne ned i ein kristen kontekst. Dette set store krav til kjeldekritikk.

- Kjeldematerialet er avgrensa, og me som forskar på vikingtid og mellomalder må alltid fyrst finne ut om kjeldene kan nyttast til å gje svar på dei spørsmåla me stiller. Viss ikkje, må me heller endre spørsmåla, seier Steinsland.

Ho har elles heilt konkrete erfaringar med at kva forskarar finn, også er svært avhengig av kven det er som «leitar». Då ho byrja å arbeide med religionshistorie tidleg på 1970-talet, oppdaga ho at både forsking og lærebøker tydeleg var farga av at mennene hadde vore einerådande innanfor store delar av det vitskaplege miljøet.

- Mannlege forskarar har ikkje interessert seg for kvinnene sin plass og oppgåver i den norrøne religionen og såleis er kvinnefigurane blitt usynleggjorde. Slik har det vore heilt tilbake til Snorre og fram til den store franske mytologen Dumé;zil. Når Dumé;zil gjer greie for norrøn religion, seier han seg lei for at han ikkje har fått plass til «alle de fortryllende gudeskikkelsene». For meg blir biletet ufullstendig og feilaktig dersom ein utelet kvinnene i den norrøne mytologien.

- Det er sagt om deg at du, under eit urfeminint ytre, skjuler ei beinhard kvinnesakskvinne?

- Eg kan ikkje rose meg av å ha stått på barrikadane og syns ikkje eg kan kalle meg kvinneforskar. Men eg byrja på universitetet i ei tid då kvinnene tok til å markere seg og stille spørsmål ved kvinna sin plass i forskinga. Sjølv var eg var med i ei nordisk tverrfagleg forskargruppe som fokuserte på kvinneperspektivet innanfor mitt fagområde.

- Kva eigenskapar vil du framheve ved dei norrøne mytekvinnene?

- Dei norrøne mytefigurane er svært modige. Dei utfaldar seg, sprenger grenser og tør ta opp kampen mot kaos. I jotunkvinnene finn me dei farlege kvinnene.

I fleire artiklar og bøker har du hevda at kvinna si stilling vart svekt ved innføringa av kristendommen. Korleis forklarer du dette?

- Dei mytiske kvinnefigurane i heidendomen har fungert som rollemodellar for kvinnene som levde i vikingtida og den tidlege mellomalderen. Med kristendomen vart det innført eit mannleg gudsbilete. Den kjærlege og gode Maria er den einaste kvinnelege rollemodellen i kristendomen. Såleis vart det kvinnelege rollebiletet svært innskrenka. Denne endringa av rollemodellar må ha vore utruleg radikal for kvinnene som levde i overgangen til kristendomen, jamvel om religionsskiftet skjedde over ein lang tidsepoke.

Steinsland er oppteken av å vise at heidendomen var langt meir enn Snorres burleske historier om Odin og Tor. Ho har studert heilskapen i kjeldene og funne eit gammalt dynamisk verdsbilete. Professoren har erta på seg kristne som tykkjer ho snakkar for mykje og for høgt om heidendomen. Andre har meint at ho bør la den norrøne mytologien liggje fordi han vart misbrukt av nazistane før og under andre verdskrigen. Men i staden for å teie har Steinsland gått ut i aviser og føredrag og vist korleis nazistane misbrukte den norrøne mytologien. Ho har argumentert vitskapleg mot valdsromantiseringa av vikingtida og synt korleis ættesamfunnet tvert imot bygde på solidaritet. Dette har provosert ein og annan nazisympatisør til å leggje att mindre hyggelege helsingar på telefonsvararen hennar.

Det plutselege ettermiddagsmørket som følgjer med vintertida har fått det vesle professorkottet til å verke endå mindre enn då me kom. Med eit aldri så lite sukk vedgår religionsprofessoren at enkelte opplevingar har fått henne til å vegre seg litt for å delta aktivt i samfunnsdebatten om religion.

Steinsland er inga volve, og ho tør ikkje spå om kristendomen kjem til å overleve i framtida. Men ho meiner at redsla mot kunnskap er ei grunnleggjande utfordring som kyrkja må ta opp og gjere noko med.

- Eg er livredd for å bli ei skriftlærd lita dame som har levd mellom bøkene og trur at eg har funne svaret. Men me ser jo stadig at naiv religiøs tru kan nyttast til kva som helst, både til krig, undertrykking og utestenging. Det er ei utfordring for det moderne samfunnet å skape ein kultur der ein kan bruke kunnskap i det religiøse, seier professor Gro Steinsland. Veit ho for mykje, eller kva?

Emneord: Språk og kultur, Teologi og religionsvitenskap, Religionsvitenskap, religionshistorie, Historie, Middelalderhistorie, Språkvitenskapelige fag, Norrøn filologi Av Aslaug Veum
Publisert 1. apr. 1998 00:00