Arne Garborg og universitetet

STUDENTEN GARBORG:
Studentbilde av Arne Garborg fra 1875. Om dette bildet skrev Garborg: ”NB! Jeg ønsker at dette Portræt skal henges op i Storstuen ved siden af det gamle, - til Opbyggelse for alle dem, der hidtil har havt saa meget at sige om den Vei jeg har valgt.” Foto: Privat (©)

Som 22-åring kom Arne Garborg til Kristiania for å ”studere eller dø”. Det tok ikkje lang tid før han mista tiltrua til universitetet.

I år er det 157 år sidan Arne Garborg blei fødd. Professor Gudleiv Bø ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Universitetet i Oslo, skriv her om Garborgs forhold til universitetet.

Full av hån omtalar Arne Garborg universitetet vårt som "et seminarium" då han kjem attende frå Tyskland våren 1890. Ikkje har det førelesingar over moderne filosofi og ikkje eit einaste professorat i europeisk litteratur. Og er det noen som trugar med at han vil reise ut og studere moderne europeisk åndsliv, så får han ikkje stipend.

I det heile hadde han så måteleg med tiltru til universitetet. Rett nok fortel han i eit langt sjølvbiografisk brev til Gerhard Gran frå 1896 at han som 22-åring drog med fem spesiedalar i lomma til Kristiania for å "studere eller dø". Så lenge han ikkje kjende det ved sjølvsyn, var det altså enno attraktivt. Første post på programmet var då sjølvsagt å ta artium, som ein den gongen gjorde ved universitetet. Og han las ved Heltbergs "studentfabrikk" for å klare dét. Men då han i 1875, etter å ha lese "som rasende" i halvtanna år, tok eksamen med "præ ceteris", "sank min Agtelse for den akademiske Dannelse dybt. Naar jeg kunde faa præcet. - !"

Bondestudent

Studietida ved Kongelig Frederiks har altså vore frå 1873 og frametter. Og truleg får vi eit godt bilde av korleis han opplevde studenttilværet og universitetet i romanen Bondestudentar frå 1883 - altså ti år seinare, og då med eit ironisk slør over det heile. I brevet til Gran seier han at han har "for en stor Del harcelleret mig selv i 'Bondestudentar'". Men han har "harcelleret" mange andre òg, ja, heile studentmiljøet. Ein sentral konflikt i denne romanen er motsetnaden mellom bondestudentane og embetsmannssønene, og vi får følgje tallause døme på konfrontasjonar mellom desse gruppene på kaféar, på hyblar, i eit vaskeekte teaterslag osb.

Dessutan får vi vere med på ein russefest, der hovudtalen blir halden av "professor Darre" - ein klår karikatur på Marcus Jacob Monrad, filosofiprofessor, hegelianar og ei dominerande kraft i Kollegiet den gongen - på den konservative sida.

På talarstolen stod det ein ny mann, ein gamall, fredeleg herre å sjå til, med gråkvite hårduskar uppyvi ein halvsnaud skolt, og med eit par underlege horngluggar til augo. (...) Og professoren skaut nakken fram og glodde ut i lufti med hornlyktom sine, liksom han øygna eitkvart der langt uppe og ute, som andre ikkje såg.

Det professoren såg "der langt uppe og ute", var kva åndsliv retteleg var og burde vere:

(...) i kvardagslivet var mannen sundbytt og sundskift i dei tusund småformål, so han aldri i fred fekk samle seg i det ideale (...) her, i åndsheimen, nådde ikkje dei villande røystir inn (...) her skulde ein, menneskjeleg tala, sjå Gud som han var, tala med åndi andlit til andlit.

Studentane viser berre måteleg interesse for denne delen av føredraget. Men likevel endar det med at dei grip fatt i professoren og ber han på gullstol. Dét er nok fordi han avsluttar med å åtvare dei mot å lesa for trottugt dei første åra av studiet:

I dei fyrste åri skulde dei taka det i mak (Bravo! Bravo!) og leggje meir lag på å lìva eit frist og idealt studentarliv - eit ungdomsliv i ljoset frå dei ævuge ideal - enn på å lesa lærde bøker (...) njote sin ungdom skulde dei, men njote som studentar, som åndsvigde sveinar i ideens presteskap, som cives academici.

Som kjent svarar denne talen så noenlunde til den negative tematiske polen i romanen. Det er fordi denne talen etter alt å dømme er meint å presentere oss for sjølvforståinga til embetsstanden, der - ifølgje Garborg - vanvørnad for praktisk arbeid og for den økonomiske og materielle røyndommen i det heile var eit sterkt innslag. Men nett slike haldninger svarar, som vi hugsar, til sjølve livsdraumen for hovudpersonen - Daniel Braut.

Ein annan Garborg

Men dei har neppe vore heilt framande tankar for student Garborg heller - altså i byrjinga på 1870-talet. For tidleg på 70-talet var det ein annan Arne Garborg som stod fram som bråmogen skribent og debattant enn den Garborg ettertida kjenner. For det første skreiv han berre på norsk-dansk heilt fram til 1877. Og dessutan blir han på tidleg 70-tal først og fremst kjend som genial konservativ i det som var sjølve hovudspørsmålet for 70-tals-intelligensiaen: konflikten mellom konservative kristne og/eller idealistiske synsmåtar på den eine sida og positivisme og liberalisme på den andre. I Kollegiet stod tradisjonen sterkt, med støttespelarar som teologane Gisle Johnson og C. P. Caspari og farmakologen E.F. Lochmann - i tillegg til Monrad.

Arne Garborg med studentvenn

HISTORISK:
Dette fotografiet av Arne Garborg som student er ikkje publisert tidligare. Fotografiet er teke hausten 1875, og Garborg nyt eit glas vin og ein sigar saman med Ole Johnsen (1852 - 1923). Foto: Privat (©)

Det er då symptomatisk for kvar Arne Garborg stod i denne perioden, at han ein einaste gong har forsvart universitetet, og dét var då Kollegiet i 1876 avslo ein søknad om å la Georg Brandes få halde føredrag der. Tankegangen i Garborgs forsvar for kollegievedtaket var at ein må skilja mellom det som er vitskap og det som ikkje er vitskap. Han drar ikkje kompetansen til Brandes som vitskapsmann i tvil. Men moderne vitskap har vist, meiner Garborg, at dei religiøse spørsmåla ligg utanfor vitskapens område; den som doserer vantru og ateisme, opptrer difor ikkje som vitskapsmann, men som "'agitator', som en mand, hvis personlige anskuelser dominere og dirigere det videnskabelige element i hans virksomhed således, at dette væsentlig bliver middel og ikke mål".

Men mot slutten av 70-talet arbeider Garborg seg meir og meir over i radikal lei. Bjørnsons vidgjetne tale "Om at være i Sandhed" frå hausten '77 blir viktig for Garborg, som for så mange andre. Frå no av stig då den Garborg fram som dei fleste av oss kjenner. Det er også på denne tida at han tar til med å skrive nynorsk og startar den nynorske avisa "Fedraheimen". Og det er karakteristisk for denne fasen av livet hans at denne avisa frå først av skulle byggje "paa national og kristelig Grund", men snart strauk han stille og roleg nemninga "kristeleg", -- og tingar-talet stupte!

Men så kjem dei bøkene som er blitt ståande for ettertida: Ein Fritenkjar 78, Bondestudentar 83, Mannfolk 86, Hjå ho mor og Kolbotnbrev 90, Trætte Mænd 91, Fred 92, Haugtussa 95, Læraren 96, Den burtkomne Faderen 99 og Knudaheibrev 1904.

Tuktar universitetet

Det blir særleg på 80-talet at Garborg ved fleire høve går aktivt ut og tuktar universitetet. Eitt av dei mest omstridde politiske spørsmåla som universitetet var innblanda i, var vetostriden tidleg på 80-talet. Her hadde Høgre-regjeringa bede Det juridiske fakultetet gi ei vurdering av om kongen skulle ha vetorett i grunnlovssaker. Dette var sjølvsagt stikk i strid med oppfatninga i Venstre - og hos Garborg. Så han gir universitetsjuristane stryk i "Fedraheimen". Heile fråsegna ter seg som lovkrokar og prokuratorknep. Det er inga objektiv, vitskapleg utgreiing om vetoet, men eit juridisk stridsskrift for vetoet. Arbeidet frå Det juridiske fakultetet er ikkje berre gagnlaust, men direkte skadeleg - fordi ein institusjon som skulle ha vore "ei heilag Sanningsmagt" her blir gjort til tenar for partipolitikken.

Eit anna område der universitetet let seg lokke til å tre fram som sakkunnig autoritet, er bohem-striden. Morgenbladet skriv 11/12 1887 at "Tugtløsheden er større end nogensinde"; dei viser m.a. til dei skandalebøkene som nyss var komne - Hans Jægers Fra Kristiania-Bohêmen , Garborgs Mannfolk og Christian Krohgs Albertine , og konkluderer med følgjande appell: "Det akademiske Kollegium maa gribe ind mod den Fare for sædelig Forgiftelse og Forvildelse, som fra Bohêmernes Klike truer vor akademiske Ungdom." Og Det medisinske fakultetet let seg faktisk lokke utpå: Dei sende ut ei fråsegn om at dei ikkje kjende noko døme på at "sædelig Levned og sexuel Afholdenhed" skulle vera skadeleg for helsa.

Garborg reagerer sjølvsagt. Han spør i Dagbladet 14/1 1888 om uttrykka "sædeligt Liv" og "sexuel Afholdenhed" skulle tyde det same, og om fakultetet bygger fråsegna si på verkelege undersøkingar - om dei til dømes har intervjua både kvinner og menn om seksuallivet deira - eller mangelen på slikt. For dersom Fakultetet kunne svare ja på desse spørsmåla, så ville ein kunne sette opp to fundamentale satsar:

"1.) Da det er forholdsvis ligegyldigt for Individet, om dets Forplantningsdrift blir tilfredsstillet eller ej, maa Usædeligheden kunne stoppes ved Politiforanstaltninger. "

"2.) Da altsaa Ægteskabet bliver en Luxus, som man kan undvære, saa maa den frygtelige sociale Fare, der opstaar ved Overbefolkning med deraf følgende Arbeidsløshed og Elendighed, kunne fjærnes eller væsentlig forringes ved en Lov, der forbyder Ægteskab, undtagen i Tilfælde hvor vedkommende kan deponere et Beløb som Sikkerhed for Børnenes ordentlige Opfostring og Forsørgelse."

Dagen etter skriv han til Hulda: "Prestehumbug er vond, Doktorhumbug er ti ganger værre."

Bortsett frå åtaka på Det juridiske fakultetet i ’83 og dette siste på Det medisinske fakultetet i ’87, legg ikkje Garborg seg ut med universitetet som institusjon. Men han er sjølvsagt stadig ute og tergar einskilde professorar, som meir privat trer fram i den offentlege debatten. Mellom anna får teologen professor Petersen gjennomgå ved fleire høve. I 1887 hadde han fått prenta ein brosjyre med tittelen "Ægteskab eller fri Kjærlighed". Det er sjølvsagt ein polemikk mot bohemen. Garborg går gjennom argumentasjonen med ei uforlikneleg blanding av streng logisk konsekvens og bitande ironi. Den samme blandinga finn vi i artikkelen "Petersen: Om Skabelsen etc." (Nyt Tidsskrift 1883). Her slaktar han Petersens freistnad på å forsone tradisjonell teologi og ny naturvitskap. I slike polemikkar blir likevel professoren meir representant for kyrkja enn for universitetet.

Professorvener

Men om han rauk opp i konflikt med somme professorar, har han sjølvsagt også hatt andre einskild-professorar som allierte og vener. Som rimeleg kan vere, hadde han mykje samarbeid med til dømes Marius Hægstad, som vart professor i "landsmaalet og dets dialekter" frå 1899. Og han vart ein god ven av Moltke Moe, som vart professor i "norsk Folkesprog og norsk Folketradition" i 1885. Ved eitt høve gjorde han framlegg om å stifte ein "Forening for Moltkes Beskyttelse". Den skulle ha til oppgåve å sile straumen av alle dei som vende seg til Moltke Moe for fagleg hjelp. Dei som Moe ville vere den beste til å hjelpe, skulle visast bort; dei som berre Moltke Moe kunne hjelpe, skulle få tilgjenge!

Vi ser altså at Arne Garborg berre sporadisk var i nærkontakt med universitetet. Arenaen hans var det offentlege rommet for debatt om allmenne verdiar, politikk og litteratur, og berre når universitetet eller representantar for universitetet markerte seg i den debatten, kunne dei råke ut for Garborg. Derimot var han oftare engasjert i Studentersamfundet sine ordskifte - som til dømes den viktige debatten med Lorentz Dietrichson hausten 1882 om naturalismen.

Emneord: Nordisk litteratur, Historie, Litteraturvitenskapelige fag, Moderne historie (etter 1800), Språk og kultur Av Gudleiv Bø
Publisert 1. feb. 2012 12:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere