På toppen av det norske samfunnet: Pengar gjer opp for talent

Barna til dei rikaste gjer det dårlegare på skulen enn kultureliten sine barn, men mange beheld likevel posisjonen fordi arv er viktig.

PÅ TOPP: – Noreg er på topp i levestandard i verda – korleis vert dei som er på toppen i Noreg, rekrutterte? spør Marianne N. Hansen. Illustrasjon: Ingrid Reime

Vi er eit land med relativt små skilnader, men sjølvsagt har også vi ein overklasse og elitar. Kven blir rekrutterte til desse elitane? Kor stor makt har dei, og har dei meir eller mindre makt enn tidlegare?

– For å svara på slike spørsmål, har vi konstruert eit klassekart. Vi skil mellom dei som har mest økonomiske ressursar, dei som har profesjonelle kvalifikasjonar og dei som har størst kulturelle ressursar, fortel professor Marianne Nordli Hansen ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi på UiO til Apollon. Ho deltek i forskingsprosjektet Elites in an egalitarian society, der forskarane har gått den norske overklassen etter i saumane.

Rike gjer det dårleg

– Ifølgje ideane om forskjellar mellom grupper med ulik mengd av kulturelle og økonomiske ressursar, vil suksess i utdanningssystemet vera viktigast for dei som baserer posisjonen sin på utdanning og kulturelle ressursar. Vi har difor undersøkt karakterar og rekruttering, nærare bestemt karakterar og karakterutvikling i grunnskule og vidaregåande skule.

Forskarane ser at karakterar varierer etter eit heilt systematisk mønster:

– Jo høgare klasseposisjon foreldra har, dess betre karakterer får barna. Men på kvart nivå er det også slik at barna til dei med mest kulturell kapital får dei beste karakterane, medan barna til dei med mest økonomiske ressursar får dei dårlegaste karakterane. Karakterforskjellane etter klassebakgrunn aukar frå lågare nivå til høgare nivå.

Val av utdanning

For å finna ut i kva grad evner og talent avgjer kva for utdanning ein tek, har Nordli Hansen studert utdanningsval. Karakterar fra grunnskulen er brukt som eit mål på evner og talent. Biletet er heilt klårt, fortel professoren: Det er ikkje slik at ungdom med like karakterar – men ulik bakgrunn – gjer dei same vala i vidaregåande skule eller tek same type høgare utdanning.

– Karakterar betyr mykje for kva slags utdanning ungdommen vel, men det gjer òg den sosiale klassebakgrunnen deira. Og – det er ikkje berre foreldra sin klasseposisjon som verkar inn, men også besteforeldra sin sosiale posisjon. Vi ser at det er store skilnader mellom dei elevane som berre har førstegenerasjonstilknyting til elitegrupper, altså som har foreldre som har hatt ei stigande klassereise, og dei som har besteforeldre som også høyrer heime i elitegruppene, held professoren fram.

Skilnadene er store blant elevar som har like gode karakterar. Til dømes er det slik at 75 prosent av dei med andregenerasjon tilhøyring i eliten og med gjennomsnittskarakterar, vel allmennfagleg studieretning. Av dei som har arbeidarklassebakgrunn i minst to generasjonar og same karakternivå, gjer derimot berre 25 prosent det same valet.

– Det er altså ikkje slik at rekrutteringa til høgare utdanning i Noreg reflekterer fordelinga av evner og talent i befolkninga. Tvert imot: Det er store skilnader blant ungdommen som presterer like godt på skulen.

Legar og juristar

Nordli Hansen har mellom anna også forska på rekrutteringa til profesjonane medisin og jus frå 1968 og framover. Har desse eliteprofesjonane behalde ein privilegert posisjon i Noreg over tid?

– Ja. Inntektsnivået i medisin og jus ligg høgare enn for andre utdanningar på same nivå, og inntekta samanlikna med andre har auka over tid. Unntaket frå dette mønsteret er at nyutdanna juristar opplevde reduserte inntekter samanlikna med nyutdanna med annan fagbakgrunn frå 1990-talet. Ei nærliggjande forklaring på dette er at talet på juridiske kandidatar auka i denne perioden. Trenden ser ut til å snu når talet på kandidatar vert avgrensa inn på 2000-talet.

Nivået på sjølvrekruttering er høgt i begge profesjonane, og har vore relativt stabilt dei seinare åra. Det var spesielt høgt ein periode på 1980-talet.

Arv avgjer

Det finst mykje forsking om fordelinga av inntekt, men langt mindre om formue. Nordli Hansen har difor nettopp studert fordeling av formue og arv. Kva er dei vanlegaste vegane til stor rikdom?

Internasjonale forskarar fortel oss at dagens økonomiske elitar er meir velståande enn nokon elite vi har sett på mange tiår, og at sjølvskapt rikdom er blitt vanlegare, medan arv er blitt mindre vanleg. Men i Noreg ser tendensen ser ut til å vera motsett: Rekrutteringa til dei mest velståande delane av samfunnet er svært avgrensa.

– Denne gruppa rekrutterer i mange tilfelle andre som held til i den same gruppa, og det er svært vanskeleg for dei som kjem frå andre sosiale klassar, å koma inn. Funna mine viser at arv er svært viktig i denne gruppa, og at det faktisk var enklare for 20 år sidan enn i dag å koma inn og bli ein del av den, konstaterar Nordli Hansen.

– For å bli rik, er det svært viktig å ha velståande foreldre. Arv er avgjerande som veg til høg formue, det ser ut til å ha auka over tid i det norske samfunnet.

Inntektseliten har sin eigen ghetto

Dei siste åra har det vakse fram såkalla ghettoar i Oslo, og mange spør om det ikkje er slik at fattige og immigrantar, eller kanskje særleg fattige immigrantar, i stadig større grad bur innanfor dei same geografiske områda.

– Langt mindre merksemd får bustadmønstra til dei rike – sjølv om den internasjonale forskinga syner at det nettopp er dei som ofte er dei mest segregerte, altså i størst grad lever skilde frå andre grupper i samfunnet.

Slik er det også i Oslo, viser det seg. Marianne Nordli Hansens kollegaer, Patrick Andersen og Jørn Ljunggren, har undersøkt inntektselitens bustadmønster gjennom 30 år.

– Dei rikaste i hovudstaden er ei sterkt segregert gruppe. Segregasjonsnivåa er svært stabile og høge, og tyder på at nye generasjonar i inntektseliten tar over foreldra sitt bustadmønster. Inntektseliten deler i særdeles liten grad nabolag med dei fattigaste, men bur også relativt skilt frå andre grupper i inntektsfordelinga. Kanskje er det «gylne» ghettoar vi burde retta merksemda vår mot, heller enn «innvandrarghettoar»? spør Nordli Hansen.

 

Av Trine Nickelsen
Publisert 19. mai 2014 09:49 - Sist endret 19. mai 2014 09:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere