Gir barna ein betre skulestart

Språktrening i barnehagen kan minske avstanden mellom dei sterke og dei svake elevane og gi barn med ei svak språkforståing ein betre start på skulen, viser ny forsking.

EINESTÅANDE STUDIE: Omkring 300 barn fordelt på 150 barnehageavdelingar i Asker og Bærum har delteke i eit stort forskingsprosjekt om språk. Forskarane skal følgje barna gjennom heile skulegangen deira, heilt til 18-årsalderen, for å sjå om verknaden av  pråktreninga. Foto: Colourbox

dei har fått, held seg over tid.

– Fleire studiar viser at det er store skilnader i barns språkevner når dei begynner på skulen. Samtidig er det klart at desse forskjellane er stabile over tid. Dei som har svak språkforståing i barnehagen, er dei same som er språksvake i skulen. Tilsvarande stabilitet ser vi også frå starten av barneskulen til slutten av barneskulen og ungdomsskulen. Når vi også veit at språkforståing er viktig for å utvikle god leseforståing spesielt, og evner til å forstå innhaldet i mange skulefag generelt, er det klart vi blir bekymra for førsteklassingane som ikkje meistrar språket godt nok, seier professor Arne Lervåg ved Institutt for pedagogikk på Universitetet i Oslo.

– Utover i skulen ser vi at avstanden mellom dei sterke og dei svake elevane aukar, og det er urovekkjande. Vi er nøydde til å gå inn og prøve å gjere noko med dette mønsteret, seier han.

Med dette som utgangspunkt gjennomførte han, i samarbeid med professor Monica Melby-Lervåg ved same institutt, to studiar der dei undersøkte verknaden av språkstimulering i barnehagen. Den eine studien såg på effekten av språkstimulering hos barn som har norsk som andrespråk, og den andre hos barn som slit litt med språkdugleiken i 4-årsalderen.

Språktrening hjelper

Den første studien blei gjennomførd mellom 115 minoritetsspråklege barnehagebarn i Lørenskog og Skedsmo. Barna vart tilfeldig delt inn i to grupper; ei gruppe som fekk språkstimulering av forskarane, og ei gruppe som følgde vanleg opplegg i barnehagen (kontrollgruppe). Barna gjekk siste året i barnehagen, og språktreninga blei gjennomførd over 18 veker i det siste semesteret i barnehagen, altså rett før dei skulle ta til på skolen. I løpet av denne perioden hadde barna gruppetrening i 40 minutt to gonger i veka, og éi individuell oppfølging på 10 minutt i veka. Barna si språkforståing blei målt rett etter at studien var ferdig, og 7 månader seinare, i januar etter at dei hadde begynt i skulen.

– Undersøkinga viste ein god effekt på barna rett etter at språktreninga var gjennomførd, men også at verknaden ikkje heldt seg like godt over tid: Etter 7 månader var ikkje forskjellen mellom dei to gruppene like stor lenger, peikar Arne Lervåg på.

Forskarane ønskte difor å gjennomføre ein studie der språkstimuleringa skulle føregå over lengre tid – og der barna også skulle følgjast opp over ein mykje lengre periode – faktisk gjennom heile skuletida.

Tidleg og lenge

Denne studien vart gjennomførd tidlegare i sommar og gjekk over 30 veker. Omkring 300 barn fordelt på 150 barnehageavdelingar i Asker og Bærum deltok.

– Planen er å følgje desse barna opp gjennom heile skulegangen deira, heilt til 18-årsalderen, for å sjå om effekten av språkstimuleringa varer. Studien er eineståande med tanke på kor lenge vi følgjer barna, fortel Lervåg.

Forskarane ser tydeleg kor stor fordel det er å ta til tidleg med språktreninga, og la den gå over lengre tid. Men med språktrening meiner dei ikkje tung undervisning.

– Vi snakkar om trening i barnehagen i form av leik – barna sit ikkje bak ein pult og puggar ord, smiler han.

I begge studiane var det pedagogane i barnehagane som stod bak språktreninga. Pedagogane hadde fått opplæring på førehand, og opplegget var utarbeidt av forskarane. For å stimulere barna si språkforståing, jobba pedagogane i barnehagen både med vokabular, grammatikk, narrativt medvit – å forstå gangen i historier og kunne fortelje historier – og å trekkje slutningar om kva ord tyder og om handlingsforløp.

Såkalla dialogbasert høgtlesing var eit viktig element i språkstimuleringa. Pedagogane inviterte barna til å delta i høgtlesinga ved å leggje opp til samtale og diskusjon om det dei fekk høyre.

– Gjennom ein dialog mellom barnet og den som les, kan pedagogane gå nærmare inn på tydinga av ord, setningar og innhald. Den som les, kan til dømes spørje barna “Kvifor trur du dette skjedde? Kvifor trur du Kristin begynte å gråte her?”. Dialogbasert lesing er nyttig med tanke på narrativ dugleik og det å forstå makrostrukturen i ein tekst – dei store hendingane – i tillegg til å forstå innhald, ord, setningar og den store historia, forklarer Lervåg.

Barna har også lært eit visst tal nye ord kvar veke og med det fått utvida ordtilfanget sitt.

Hjelp til barnehagen

Så langt viser altså studiane at språktrening i barnehagen har god effekt på kort sikt. Så står det att å sjå kva verknad meir språkstimulering i barnehagen kan ha gjennom skuletida.  

– Om språkforståinga held seg over tid, kan vi ikkje seie noko om før resultata våre er analyserte. Det skal ein del jobbing til med språket. Men utgangspunktet vårt er nettopp at varig, god språkjustering – ja, hardt arbeid i barnehagen, kan ha ein del å seie. Språk er ein fundamental del av menneskets liv og evolusjon – det lar seg ikkje berre endre på med eit knips med fingrane, minner han om.

– Eit positivt resultat vil kunne hjelpe barnehagane med å leggje opp løpet sitt, og sentrale styresmakter kan leggje til rette for at barnehagane kan gjere dette. Og då kan vi kanskje klare å jamne ut noko av skilnadene, slik at barn med dårleg språkforståing får det enklare når dei tar til på skolen, understrekar Arne Lervåg.

Av Toril Haugen
Publisert 10. des. 2015 20:38 - Sist endret 10. des. 2015 20:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere