Svartedauden stoppa ikkje norske kunstnarar: Laga vakre alterskåp

Langs norskekysten finst kyrkjekunstskattar frå mellomalderen som til nyleg har vore oppfatta som annanrangs importkunst. Ei ny doktoravhandling fortel ei anna historie.

LOKAL PRODUKSJON: Dette alterskåpet er frå Kvæfjord kyrkje og er truleg laga lokalt cirka 1520. (Foto: Mårten Teigen, Kulturhistorisk museum)

Såkalla «Lübeck-skåp» er utsmykka alterskåp som har pryda kyrkjer langs norskekysten heilt nord til Troms, og som vart importerte til Noreg i tida kring år 1500. Men ikkje alle kom frå Lübeck. Det oppdaga Kristin Kausland, som nyleg tok doktorgraden i konservering som den første ved eit norsk universitet. Nokre skåp kan endåtil vere laga her heime.

Trudde all kunst var importert

SMARTE LOKALKUNSTNARAR: – I skåpet frå Kvæfjord kyrkje har handverkarane vore smarte: det tilsynelatande gullforgylte interiøret er ikkje ekte gull, men såkalla imitasjonsgull, det vil seie lasert sølv, fortel Kristin Kausland. (Foto: Ola Sæther)

– Ein har tenkt at den heimlege kunstproduksjonen var blitt utsletta i seinmellomalderen, med svartedauden og med hanseatane sitt inntog. Men når eg ser på materiala og teknikkane som er brukte, så meiner eg at to skåp kjem frå Nord-Nederland og fem frå Noreg. Det har nok vore ein større heimleg produksjon enn vi har trudd, seier ho.

Kausland fortel at skåpa er både kunstgjenstandar og funksjonelle gjenstandar.

– Dei består av eit stort skrin med fløydører som ein kan opne og lukke. Dørene er dekorerte med måleri, og inne i skrinet er det tre ståande helgenskulpturar. Dørene vart opna på kyrkjelege festdagar, og sjølve skåpet er innreia som eit heilagt rom. Dei er dekorerte med mykje gull og glitter, slik at dei skulle stråle i kyrkjerommet og leie tanken mot det guddommelege.

Reise langs kysten

Utgangspunktet for prosjektet var fem alterskåp frå samlingane til Kulturhistorisk museum i Oslo. Takka vere gode laboratoriefasilitetar og tilgang over lang tid, kunne ho studere og analysere skåpa ned til minste detalj og målingsfragment. I tillegg studerte ho alterskåp ved andre museum og i kyrkjer langs kysten.

– Der kyrkjene var stengde, fekk eg gjerne nøkkel tilsendt i posten. Dei viste meg stor tillit og sette pris på at nokon var interessert i skattane deira. Frå ein forskarsynsstad var det utruleg spennande å reise for å sjå på desse skåpa, seier ho.

Alterskåpa finst berre langs kysten, men der finst dei i alt frå små fiskeværskapell til store og rikt utsmykka kyrkjer. Kausland trur konsentrasjonen om kysten kan sporast til internasjonal handel med fisk.

Fiskehandel skapte rikdom i Noreg i seinmellomalderen, så når skåpa finst lags kysten, er det nok både fordi rikdomen var størst der, og fordi det var der dei handla mest med Nord-Tyskland. Eg har funne kjelder på at alterskåpa i nokre tilfelle er brukte i bytehandel mot fisk, seier Kausland.

Kan ha blitt laga i Bergen

Ho fortel at det har vore synsa mykje om denne kyrkjekunsten, men basert på det stilistiske uttrykket, ikkje på handverket som ligg bakom.

– Handverk er vanskelegare å kopiere enn stilart, for det er store regionale skilnader i kva teknikkar som vart brukte.

Ho fekk mykje hjelp av gamle laugsstatuttar frå Nord-Tyskland. Handverkarane var på den tida organiserte i laug, som sette reglar for kva ein kunne gjere.

– Ein kunne bli kasta ut av lauget om ein fuska med faget. Når eg ser at nokon til dømes har brukt gullimitasjonar i staden for ekte gull, då kan eg tenkje meg at dette ikkje vart utført i visse byar i Nord-Tyskland, der lauga ikkje ville ha tillate noko slikt.

Metoden har leia henne til å konkludere med at delar av skåpa er laga i Noreg, kanskje i eit handverkarmiljø i ein større og internasjonalt orientert by, som Bergen.

Eit slikt alterskåp kravde mange typar handverk, frå kassemakarar til snekkarar, målarar og smedar som laga beslaga. Det kan ha vore eit samarbeid mellom ulike verkstader i eit bymiljø med internasjonal handel, seier ho.

Til Bergen vart dei nødvendige materiala og pigmenta importerte, og utanlandske handverkarar etablerte seg der og lærte frå seg teknikkar frå kontinentet.

– Det kan verke som om lokale handverkarar er blitt påverka av kontinentale teknikkar, men at dei lagar sin eigen norske vri på det, fortel Kausland.

Hadde greie på kvalitet

Det er store stilistiske likskapar mellom skåpa, sjølv om teknikkane viser at dei er laga av ulike personar og verkstader. Det kan tyde på at handverkarane har arbeidt ut frå felles førebilete, eller at dei har delt grafiske trykk og malar med kvarandre.

– Det er til dømes vanleg å finne Sankt Olav og Sankta Sunniva mellom helgenane i skåpa, og Sankt Olav har i fleire av skåpa den same hatten på seg, illustrerer ho.

Den importerte hansakunsten er tidlegare blitt sett som annanrangs, laga av handverkarar som ikkje la sjela i det som berre skulle sendast til eit fiskevær i Noreg, og bestilt av norske oppdragsgjevarar som ikkje forsto seg på kvalitet. Men då ho studerte skåpa på nært hald, såg Kausland at sjølv skåpa i dei mest perifere kystsamfunn hadde fått same merksemd frå kunstnaren som den kunsten som hamna i dei store byane. Ho trur dei som bestilte kunsten, godt visste kva dei ville ha.

I arbeidet har ho prøvt ut gamle metodar, til dømes forgyllingsteknikkar, for å forstå betre kvifor ein spesiell teknikk vart brukt.

– Det eg gjer, blir kalla teknisk kunsthistorie eller kunstteknologisk forsking, og er forsking som blandar kunsthistorie, konservering og naturvitskap. Konserveringsfaget har tradisjonelt ikkje lagt så stor vekt på å sette ting inn i ein større samanheng, oppdraget var heller å skaffe data til bruk i andre disiplinar, som kunsthistorie. Men i eit ph.d.-prosjekt må ein jo utforske samanhengen materialet inngår i.

Dei einaste skåpa frå Nederland

Eitt resultat av denne tilnærminga er at ho no meiner to av «Lübeck-skåpa» er laga i Nord-Nederland, ikkje i Nord-Tyskland. Det er eit internasjonalt oppsiktsvekkande resultat, for i Nederland finst ikkje eitt einaste slikt skåp att. Alle vart øydelagde etter reformasjonen.

– No er det snakk om å sende desse skåpa på utstilling i Nederland, og det er veldig kjekt at dei kan få denne sjansen til å sjå sine eigne handverkstradisjonar frå mellomalderen i «levande live», seier Kristin Kausland.

Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 30. apr. 2018 11:46 - Sist endret 30. apr. 2018 11:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere