Unikt medisinsk samarbeid

MOSKVA/OSLO: – Det er naudsynt med likeverd mellom russiske og norske forskarar om eit forskingssamarbeid med Russland skal bli vellukka. Det seier styreleiar Frode Lærum ved UiOs Senter for medisinske studiar i Moskva. Senteret blei etablert for å hindra hjerneflukt frå Russland. Samarbeidsmodellen Universitetet i Oslo har valt, er heilt unik og har vekt interesse hos andre universitet i Europa.

FLUGENES HERRE : Anton Golovnin har publisert ein artikkel i Science om reguleringa og organiseringa av genar i ein spesiell flugeart. Foto: Ståle Skogstad (©)

I 1990 var den tidlegare Sovjetunionen i full oppløysing både politisk, sosialt og økonomisk. Mange russiske forskarar fekk feite jobbtilbod frå amerikanske og vesteuropeiske universitet, medan andre såg seg tvungne til å jobba som drosjesjåførar. Medisinprofessor Frode Lærum ved Rikshospitalet såg at det ikkje ville bli nokon framgang i Russland om universitet i Vesten gjekk inn og forsynte seg av arvesølvet innanfor den russiske vitskapen.

– Då fekk eg ideen om at Universitetet i Oslo heller kunne utnytta denne situasjonen slik at den ville vera til fordel for begge partar. Dette ville vera ein gyllen sjanse for norske forskarar til å oppretta eit nettverk i dei russiske forskingsmiljøa slik at me ville få vita meir om kva forsking dei har drive med der borte, samtidig som dei russiske forskarane kunne få økonomisk støtte til å halda fram med forskinga si. Me visste nemleg at russiske forskarar hadde skildra computertomografi allereie på 1950-talet, lenge før forskarane i Vesten som seinare fekk Nobelprisen i medisin for dette i 1980, hadde gjort det, fortel Lærum.

Fødselshjelparar

Han tok kontakt med medisinprofessor Sjur Olsnes ved Radiumhospitalet som hadde arbeidd som forskingsstipendiat i Moskva i 1968. Gjennom han fekk dei kontakt med den russiske forskaren Yuri Kozlov, og saman stod dei som fødselshjelparar for etableringa av Senter for medisinske studiar i Moskva i 1993.

– Dei store språk- og kulturbarrierane mellom norske og russiske forskarar gjorde det heilt naudsynt med eit fast opplegg med representasjon både i Noreg og i Russland. Difor har me kontor både i Moskva og ved Rikshospitalet i Oslo. Når det gjeld symposia me skipar til saman med russiske forskarar, har me heile tida passa på å ha ein russisk og ein norsk programkomité som kan koma med gode idear. Ein felles hovudkomité kjem til slutt saman og plukkar ut dei endelege temaene for forelesingane på eit symposium, fortel Lærum.

UiO er i dag det einaste universitetet som har organisert forskingssamarbeidet sitt med Russland etter ein slik modell. No har også universitet i Storbritannia, Tyskland, Nederland, Danmark og Sverige vist stor interesse for å bruka ein liknande modell i samarbeidet sitt med Russland, stadfestar nestleiar i styret for senteret, Sjur Olsnes.

Styreleiar Frode L沵m og sekret沠Irene Sirenko Berg

OSLO-BASEN : – Det er viktig at Senter for medisinske studiar i Moskva har representasjon både i Moskva og i Oslo, meiner styreleiar Frode Lærum , som her står saman med sekretær Irene Sirenko Berg framfor Oslo-kontoret på Rikshospitalet. Foto: Ståle Skogstad (©)

Entusiasme

Formelt sett er forskarane ved senteret tilsette ved Engelhardt Institute of Molecular Biology og ved Institute of Gene Biology ved Det russiske vitskapsakademiet. Det er ein av grunnane til at senteret held til i bygningen til Institute of Gene Biology ved Det russiske vitskapsakademiet i Moskva. Der driv dagleg leiar Julia Ferkis ved senteret og sekretær Natalia Maaleva på med å organisera forskingsaktivitetane og seminara. Og der treff me også seniorforskar Yuri Kozlov og forskingsstipendiatane Anton Golovnin og Alma Kourmanova.

– Om det ikkje hadde vore for dette senteret, ville me truleg ha forska i utlandet eller arbeidd i det private næringslivet, seier dei til Apollon .

– Eg veit i alle fall at eg ikkje kunne ha drive med forskinga mi i Russland om eg ikkje hadde blitt engasjert som forskingsstipendiat av Senter for medisinske studiar, fortel Anton Golovnin, som driv med grunnforsking i genbiologi.

Han veit om mange andre russiske forskarar som gjerne kunne tenkja seg å arbeida ved senteret.

– Dessutan arbeider tre tidlegare kollegar ved Institute of Gene Biology no ved universitet i Tyskland, USA og Storbritannia. Også Alma Kourmanova gir senteret æra for at ho kunne ta opp igjen forskarkarrieren etter eit kort avbrot.

– Eg jobba nokre år som dagleg leiar av eit farmasøytisk selskap. Men då eg fekk tilbod om å halda fram med forsking i molekylærbiologi ved Senter for medisinske studiar, takka eg sjølvsagt ja til det. Eg identifiserer meg nemleg som forskar og ikkje som forretningskvinne. No går eg både til og frå jobben full av entusiasme og glede, seier Kourmanova til Apollon.

27 år gamle Anton Golovnin har allereie fått publisert ein vitskapleg artikkel i tidsskriftet Science. Den handlar om reguleringa og organiseringa av gener i ein spesiell flugeart. Alma Kourmanova har kartlagt strukturen på tre av genane i den giftige planten misteltein. Funna hennar kan føra til at det kan bli utvikla ny medisin i behandlinga av kreft og AIDS basert på desse tre spesielle genane i mistelteinen.

Til utlandet

Seniorforskar og professor i molekylærbiologi, Yuri Kozlov , er stolt over arbeidet som forskingsstipendiatane ved senteret gjer.

– Ja, og eg trur også Alma snart vil få publisert ein artikkel i Science eller Nature om det ho held på med. Diverre er det ei kjensgjerning at rundt 60 prosent av dei yngre russiske forskarane allereie er engasjerte av universitet i utlandet. Det er desse unge forskarane som på ein måte er hagen der Russland skal dyrka fram framtida. Det er ikkje nok med oljeinntekter for å sikra framtida. Satsing på kunnskap er også viktig. Så når unge og framifrå forskarar forlet landet, så er det til stor skade for det russiske samfunnet. Men så lenge du ikkje har godt nok vitskapleg utstyr til å kunna driva med god forsking, så drar du heller dit dei kan tilby deg det, og det vil som regel seia utanlands, seier Kozlov.

Forskar Alma Kourmanova

MISTELTEIN : Alma Kourmanova har kartlagt strukturen på tre av genane i den giftige planten misteltein. Funna kan føra til at det blir utvikla ny medisin i behandlinga av kreft og AIDS. Foto: Ståle Skogstad (©)

– Men er de ikkje redde for at det kan bli utnytta til å driva glimrande forsking for ein billeg penge for eit vestleg universitet som Universitetet i Oslo?

– Nei, det er me ikkje. Alternativet for oss ville ha vore ikkje å driva med forsking i det heile tatt eller å ha forska i utlandet. Dessutan tener me også betre enn det andre forskarar i Russland gjer, meiner Anton Golovnin og Alma Kourmanova.

Informasjonsutveksling

I mange år levde Senter for medisinske studiar i Moskva i uvisse på grunn av at dei ikkje hadde fått ordna permanent finansiering. No har både Utanriksdepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet saman med Universitetet i Oslo gått saman og sikra permanent finansiering for senteret. Det er dagleg leiar Julia Ferkis svært glad for.

– Dette er ein fantastisk måte å halda oppe den framifrå russiske forskinga på, samtidig som norske og russiske forskarar kjem i kontakt med kvarandre og kan utveksla informasjon om forskinga si. Dessutan kan me skryta av at me har klart å unngå komplikasjonane som andre norsk-russiske prosjekt har opplevd. Årsaka til det er utan tvil at me heile tida har sett som eit ufråvikeleg krav at alle pengeoverføringar skulle gå direkte til senteret utan omvegar, understrekar Julia Ferkis.

Opphald i Noreg

Ho vil gjerne trekkja fram utvekslingsprogrammet som senteret driv i samarbeid med Russlands største og viktigaste legeutdanningsinstitusjon, Sechenov Moscow Medical Academy.

– Dette har gjort det mogleg for 15 russiske medisinstudentar å opphalda seg to til tre månader ved Rikshospitalet, Radiumhospitalet, Ullevål sjukehus og ved Statens Helsetilsyn. I år presenterte fem norske spesialistar arbeida sine ved Sechenov-akademiets årlege konferanse for unge forskarar, fortel Ferkis. Symposia senteret står bak, strekkjer seg over alt frå diabetes, behandling av ulike kreftformer til helselovgjeving og sjukepleie.

– Resultatet av eit symposium i sjukepleie blei at ei norsk lærebok i sjukepleie, skriven av Marit Kirkevoll, blei omsett til russisk og gitt ut i Russland av senteret. Nyleg er me blitt bedne om å organisera det russiske bidraget til eit symposium om kampen mot AIDS, tuberkulose og andre smittsame sjukdomar i Kaliningrad og St. Petersburg. Dessutan har me store forventingar til eit seminar om alkoholpolitikk. Håpet er at me skal klara å få russiske politikarar til å forstå at høgare alkoholprisar både kan føra til nedgang i alkoholmisbruken og til auka inntekter for staten, seier Julia Ferkis.

Dollarkurerar

I Oslo sit styreleiar Frode Lærum og gnir seg nøgd i hendene over kor vellukka dette samarbeidet no er blitt. Men han vedgår at det ikkje har vore lett å ha halde pengeflyten rein sidan dei første kontaktane blei oppretta og fram til i dag.

– Me måtte driva som dollarkurerar med setlar under frakken etter at banksystemet i Russland braut saman på 1990-talet, fortel han.

– No kan me med godt samvit seia at me nok har tatt ein del sjansar i arbeidet vårt der borte, men at me aldri har gjort noko ulovleg, understrekar Lærum.

– Når Russland ein gong er tilbake i forskinga sin meisterliga igjen, vil me sitja på den grøne greina med mange verdifulle kontaktar inn i det russiske forskingsmiljøet, spår Lærum.

Snart vil det vera dei norske forskarane som vil læra nye ting av dei russiske forskarane, trur han.

– Me vil gjerne ha dei russiske forskarane som kan mest om trykktankbehandling hit til Rikshospitalet som gjesteforskarar. Under den første Afghanistankrigen drog det lastebilar med trykktankar rundt omkring på alle slagmarkene for å kunna lega dei mest avanserte skotskadene til dei russiske soldatane. Dette ynskjer me å vita meir om av russarane, seier Lærum.

Fakta

  • Årsbudsjett på 5,1 millionar kroner for 2001.
  • 20 personar er tilsette ved dei to avdelingane i Moskva og i Oslo.
  • Sidan 1993 har senteret finansiert 90 forskarårsverk i Moskva.
  • Mellom 1993 og 2001 har desse forskarane publisert 85 vitskaplege artiklar i tidsskrift som Nature og Science.
  • Tolv forskingsstipendiatar og ein seniorforskar er engasjerte ved senteret i Moskva.
  • Senteret har skipa til rundt 30 medisinske symposium over heile Russland med 6000 deltakarar.
Emneord: Basale medisinske, odontologiske og veterinærmedisinske fag, Medisinsk mikrobiologi, Human genetikk, Medisinske fag Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2012 12:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere