Røntgenbilete viser kor vakre plantene er

Røntgenbilde fekk professor til å sjå det vakre i plantene på ein ny måte. Det blei det bok av.

RØNTGENBLIKK: Øyvind Hammer har laga ein flora med røntgenbilde av ei rekke norske plantar. Her er Akeleie (t.v.) og Engsmelle. Foto: Øyvind Hammer.

Saman med kona Marte Holten Jørgensen, ho også botanikar, har professor Øyvind Hammer på Naturhistorisk museum gitt ut bok «Flora – Norvegica Radiographica» på Spartacus forlag. Det er ein systematisk flora over norske villplanter. Alle plantene er fotograferte med røntgen.

– No ser vi plantene i eit nytt lys. Det er ein eigen estetikk i plantene. Kunstnarar har teke røntgenbilete av planter i hundre år, men dette er fyrste gong røntgen er brukt til å lage ein flora. Boka vår er viktig for at vi skal komme i hug kor fantastisk naturen er, understrekar Øyvind Hammer.

Han fortel at røntgen gjer det mogleg å sjå plantenes mangfald og kor skøyrt vakre dei er på ein annan måte enn tidlegare.

Uheldigvis er det ikkje lett å ta røntgenbilde av planter. Røntgenstrålar går tvers igjennom. For å fange opp alle detaljane måtte forskarane bruke lange eksponeringstider på over 20 minutt.

– Vi kunne dessutan berre bruke dagsferske planter.

Dei har difor henta plantene frå det sentrale Østlandsområdet.

– Dei sjeldne artene er frå Botanisk hage, fortel Øyvind Hammer, som til dagleg brukar røntgenapparatet til å analysere fossilar.

Av Yngve Vogt
Publisert 2. feb. 2021 10:09 - Sist endret 2. feb. 2021 10:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere