På sporet av ein romersk eplebonde på Vestlandet

Då han las dagbøkene til Olav H. Hauge, fann Øystein Hide noko som var merkeleg kjent. Har eg ikkje lese dette før? undra han.

DET ER NAUDSYNT Å DIKTA: Olav H. Hauge trong berre eplehagen og bøkene sine for å skriva og leva. Dagbladets Fredrik Wandrup tok dette biletet då han besøkte ein tilårskommen Hauge heime på Ulvik på starten av 1990-talet. Foto: FREDRIK WANDRUP

Han gjekk og grunda på det. Kva var det med denne måten å skriva dagbok på? Var det Garborg? Var det Vinje eller Aasen, eller ein annan av dei litterære høvdingane som dikta på Olav H. Hauges eige skriftspråk? Nei, det minte ikkje om dei. Dei skreiv dagbok på ein annan måte. 

Kven var det då? Då han byrja arbeidet med doktoravhandlinga om Hauges dagbøker, vart Øystein Hide fortalt at Hauge var ein del av ein nynorsk dagboktradisjon. Han måtte jo vera det, denne diktarhøvdingen frå eplehagane på Vestlandet. Han måtte skriva seg inn i ein nynorsk tradisjon. Det skjønte liksom alle.

Hide gjekk til bøkene, mellom permane, inn på sidene, til alle teikna den geniforklarte lyrikaren lét etter seg. Ei bindsterk dagbok. Fem tjukke bøker med over 4000 sider. I ein nynorsk dagboktradisjon, det hadde jo alle sagt. Den same tradisjonen som Garborg og Vinje. Og som Jon Fosse seinare skulle skriva seg inn i. Nobelprisvinnar Fosse. Fosse som skriv fram meining i det som ikkje blir skrive. Det tause språket. 

Hide leita. Den nynorske dagboktradisjonen måtte finnast i Hauges tekstar òg. Han fann han ikkje. Kanskje den var taus, den nynorske dagboktradisjonen, i Hauges dagbøker? Viss han var der, måtte han vera taus. 

Kva var det han var i ferd med å seia at dagbøkene var? Romerske? Romerske. Romerske!

Då slo det han. Ein nesten perfid tanke. Hauge, den nynorske diktarhøvdingen frå eplehagen på Vestlandet, skreiv ikkje nynorske dagbøker. Vel skreiv han nynorsk, det vil seia, skriftspråket var nynorsk. Dei orda Hauge brukte, stod stort sett i den nynorske ordboka. Men dagbøkene til Hauge var ikkje nynorske dagbøker. Han måtte skriva det igjen. Olav H. Hauge skreiv ikkje nynorske dagbøker. Kven skulle trudd?

Kva slags dagbøker skreiv han då? Hauge, diktarhøvdingen frå eplehagen på Vestlandet. Han som blir nemnd av dei store på tvers generasjonar, av Vold og Knausgård, når dei berre skal nemna nokre få. Han som blir nemnd. Han som ikkje skreiv seg inn i ein nynorsk dagboktradisjon. Kva slags dagbøker skreiv han då? 

Hide leita i minnet. Kvar var det han hadde lese noko slikt tidlegare? Var det blant dei såkalla fire store? Vel å merka dei fire store som ikkje skreiv nynorsk. Dei me alle i løpet av skuletida har fått prenta inn at er dei aller ypparste? Nei, heller ikkje dei skreiv dagbok slik som Hauge. Viss dei skreiv dagbok i det heile. 

Han måtte utanfor landegrensene. Forbi Skandinavia, traversera kontinentet. Heilt til Italia. Og i tid. Han måtte leggja bak seg store avstandar i tid. Han måtte langt bakover, nesten til Jesu tid. 

For kva slags dagbøker var det Hauge skreiv, når han ikkje skreiv nynorske dagbøker? Kva var konklusjonen? Kva var det han var i ferd med å seia at dagbøkene var? Romerske? Romerske. Romerske! Olav H. Hauge skreiv romerske dagbøker. Enn det. 

Olav H. Hauges dagbøker, skrivne frå han var 15 år i 1924 til han var 85 i 1994, var som snytt ut av nasen på den romerske keisaren Marcus Aurelius. 

Ikkje snytt ut då, men de skjønner. Dei hadde klare likskapstrekk. Dei stod i ein tradisjon. Dei kunne sporast tilbake til. Dei likna i alle fall mykje meir på Marcus Aurelius enn på Garborg og Vinje. Det er ikkje verst berre det når me snakkar om eit tidsspenn på nesten 2000 år. 

Marcus Aurelius hadde ein særeigen måte å skriva på. Den romerske diktarkeisaren Marcus Aurelius. Han som me på film har sett kjempa samtidig mot barbariske stammar nord for imperiet og med tanken på at han har fostra ein ubrukeleg son, Commodus. Ein etterkommar som ikkje er esla til å aksla å ta over eit heilt imperium etter døden til keisaren. 

Marcus Aurelius hadde skrive slik som Hauge for nesten 2000 år sidan. Lenge før det fanst noko nynorsk skriftspråk. Ja, før det fanst noko norsk. Til og med før det fanst noko gammalnorsk.  

Boka er temmeleg kjedeleg. Og viss du ikkje har lese forfattarane Hauge er oppteken av, er han dørgande kjedeleg. 

Det særeigne med Aurelius er at han våga å skriva til seg sjølv og ikkje til andre. Sjølv om boka har komme i omsetjing med tittelen «Til meg sjølv», heitte den eigentleg «Til han sjølv». Marcus Aurelius delte sjølvet opp i to 2000 år før Freud.  Det er eigentleg uhøyrt. Det måtte ein romersk keisar til for å ha det motet. 

Og Augustin. Me må ikkje gløyma kyrkjefaren Augustin – ved sida av Thomas Aquinas kanskje den viktigaste skribenten i kristendommen, viss me held dei som fekk tekstar med i sjølve førsteutgåva utanom.  

Augustin skreiv også på denne måten. Hide fann spor av Augustin i dagboka til Olav H. Hauge.

Det var der allereie frå byrjinga. Den aller første oppføringa der Hauge omtala det nye prosjektet sitt som: «(...) ikkje dagbok i vanleg meining – versjaa, hendingar, handel og vandel, kjøp og sal. Nei, ei dagbok yver tankar og hugskot – ei aandeleg dagbok – og meir sligt som kan vera verdt aa minnast (...)».

TRONG FØDSEL: Korleis få historia om ein uskulert mann til å slå an i akademia? Øystein Hide prøvde i sitt eige fagmiljø, filosofien. Filosofane ville ikkje ha det. Litteraturvitarane fnyste av ein studie av noko så trivielt som dagbøker. 

Hide spurde seg kven si dagbok er det eg eigentleg les? Han snudde permen. Jau, det var ein ung, vestnorsk mann på 1920-talet i Noreg.

Allereie som femtenåring sette Hauge rammene for ei dagbok som skulle vara i 70 år. Til han døydde som 85-åring i 1994. 
Han må ha kjent til den romerske tradisjonen? Men korleis? Korleis kunne han vita at han skulle skriva på denne måten? Femten år gammal.

Mynten fall ned. Med eitt såg han tidslinja klart for sitt indre auge. Linja av påverking. Frå Aurelius til kyrkjefar Augustin, til britiske Samuel Pepys på 1600-talet. Framover til amerikanarane Emerson og Thoreau på 1800-talet. 

Den unge mannen på Vestlandet hadde ein onkel i Amerika. Ein onkel som var oppteken av litteratur. Ein som må ha kjent ei slags intellektuell omsorg for den unge nevøen sin i gamlelandet. Som sende ei rekkje bøker og tidsskrift over Atlanteren. Morbror Edmund, eigentleg Oddmund, las amerikanarane og sende dei heim til sin kjære nevø i Ulvik i Hardanger. 

Edmund viste den unge Hauge skriftene etter Ralph Waldo Emerson og Henry David Thoreau, som stod på skuldrene til Pepys, som stod på skuldrene til Augustin – som stod på skuldrene til Aurelius. Det var skjelpadder heile vegen ned.

Morbror Edmund flytta heim igjen då Hauge var 18 år og vart ein høgt verdsett samtalepartnar for unge Olav. Det var ikkje mange han kunne snakka om bøker med som med onkel Edmund.

Gjennom onkel Edmund oppdaga den unge Hauge den amerikanske transcendentalismen. I nynorskordboka, der orda til Hauge finst – rett nok heldt han seg heile livet til 1917-utgåva – er det transcendentale det «som går ut over grensene for det me kan røyna».

Dette er skrifter som ikkje fell innanfor logikk eller filosofi. Dei ligg og vaker i periferien.

Han vart særleg fiksert på Thoreau. Uttala omtrent som thorough, altså grundig. Ikkje som om han var franskmann og heitte Theroux eller liknande, som mange ser ut til å tru. Det heitte han ikkje. 

Den einslege mannen i hytta i skogen som sat og skreiv sitt liv. Hauge baserte framstillinga av sitt eige liv på Thoreaus framstilling av sitt liv, 100 år tidlegare. 

Akkurat som Aurelius var ikkje Emerson og Thoreau bundne av noka fagretning. Dette er skrifter som ikkje fell innanfor logikk eller filosofi. Dei ligg og vaker i periferien. Dei passar for folk som ikkje er gjennomstuderte. Som Hauge, den sjølvlærde eplebonden frå Vestlandet.

Hauge startar gjerne oppføringane i dagboka med å slå noko fast – som at vêret er godt. Så sklir han over i refleksjonen. Og til slutt kjem han gjerne inn på kva han sjølv meiner. 

Onkel Edmund kan forresten ikkje få heile æra. 10. juni 1924 skreiv Hauge at han hadde lese 626 bøker «or biblioteket»: «Det er lite, temmeleg lite». 626 bøker. Før han har fylt 16 år. Sei det til ein 10.-klassing i dag.

Hide sat på eit kjempefunn. Eller ein kjempelesnad, som det litt meir beskjedent heiter i språkvitskapane. Forskingsfunn er for dei som er i laboratoria. Dei om det. 

Men korleis få historia om ein uskulert mann, om enn sprenglærd på sin måte, som ikkje forheldt seg til ein fagtradisjon, til å slå an i akademia? Hide prøvde i sitt eige fagmiljø, filosofien. Filosofane ville ikkje ha det. Litteraturvitarane fnyste av ein studie av noko så trivielt som dagbøker. 

Men det fanst eit halmstrå. Eit miljø som var verken eller, og derfor alt. Eller i det minste mykje. Han oppsøkte dei som dreiv med tekstvitskap. I tekstvitskapen kunne han forklara korleis ein ung dagbokskrivar på Vestlandet i Noreg på 1920-talet kunne oppnå kunnskap om seg sjølv. Akkurat som ein romersk keisar, eller ein kyrkjefar, eller ein grundig mann i dei amerikanske skogane. 

Hauge heldt samtalar med seg sjølv, som jazzpianisten Bill Evans.

Eit tverrfagleg prosjekt. No var han på rett spor. Hide nikkar til professor Kjell Lars Berge som sjølvsagt sat på første rad då Hide disputerte for doktorgraden på Blindern i januar. Mannen som ville studera korleis tekstar skaper meining. Og til tidlegare Apollon-redaktør Johan Tønnesson som skreiv boka «Kva er sakprosa?» 

Gjennombrotet var å sjå dagbøkene som tekstkultur, ikkje som skriftkultur. Men kva betyr det eigentleg at noko er tekst og ikkje skrift? Eller at ein ser på noko som tekst, ikkje som skrift? Det høyrest jo ut som det same.

Neidå, det er det ikkje. I tekstvitskapen kan me mellom anna komma til konklusjonar som at Hauge ville uttrykkja noko uavhengig av språk og tid. Anten han var ung mann, eller som han vart i løpet av dagboka, ein gammal gubbe. 

Men det er ikkje nokon fullgod definisjon. Me treng ikkje vera skulerte i filosofi og logikk for å forstå at det er heilt Erasmus Montanus. Ein definisjon på tekstvitskap som handlar om at han kan brukast til å komma til éi konkret slutning. Me må litt nærare kjernen av kva tekstvitskap er. 

Me har allereie vore inne på det. Å studera Hauge tekstvitskapleg er nettopp å sjå korleis han forheld seg til andre tekstar. Som Aurelius, som Pepys, som Emerson og hans kjære Thoreau. Tekstar som vandrar på tvers av språk og tid. Tekstar som utgjer sin eigen kultur i fellesskap med dei som skriv dei og dei som les dei. Det er grunnen til at Hauge ikkje skreiv nynorske dagbøker. Han skreiv verdslitteratur.

Det er eit enormt potensial i dagboksjangeren. Alle kan skriva til seg sjølv. Så lenge du har eit liv kan du skriva. Det er ein type tekstar som er døropnar for å finna ut om seg sjølv, om meininga med livet. 

Som dagbokskrivar samtalar Hauge med seg sjølv om eigne tankar og minne. Men også med tradisjonen han skriv i. Den romerske. Og den amerikanske transcendentale. 

Det er lett når du er ung, reflekterer Hide. Når du set deg ned som femtenåring, kan du ikkje ta feil. Du kan ha misforstått noko, ja, men ikkje noko som ikkje kan rettast opp i ei seinare oppføring i dagboka. Med nye refleksjonar. 

Ja, du lurer på kvifor dette grasstrået er verdifullt? Jau, no skal du høyra eit dikt om det, so forstår du.

Det er lite ytre drama i Hauges dagbøker. På handlingsplanet, som det heiter i litteraturkritikken, skjer det nesten ingen ting. Boka er temmeleg kjedeleg. Og viss du ikkje har lese forfattarane Hauge er oppteken av, er han dørgande kjedeleg. 

Hauge byrjar med å slå fast noko, og så reflektera. Han skriv svært lite om dagens hendingar. Til dømes, «I dag var det slåstkamp på skulen». Slikt skriv han aldri. 

Dagboka blir eit tekstalbum, ei scrapbook der han skriv ned sitat frå bøker, sine «hugskot», funderingar og overtydingar. Dei fleste forfattarane som oppsøkte Hauge på hans eldre dagar, då han hadde vorte ei litterær stjerne for raddisane i Profil-krinsen, ville bli skuffa viss dei slo opp i dagboka for å sjå kva Hauge skreiv den dagen dei var på besøk. Det var som om dei ikkje hadde vore der. 

Det er bøkene som er Hauges venner. «Eg held meg no ein gong i Gutenberg-galaksen», skreiv han. Forfattarar og tekstar er kvardagen hans like mykje som menneska. Hadde du hage og bibliotek, hadde du det du trong. «Gi meg et kjøleskap, gi meg en tv», som Jokke song seinare. 

Det seier noko om kva liv han var ute etter. Eit liv i tankar og refleksjon om litteratur og normer.  I bøkene fekk han gode samtalepartnarar, jambyrdige samtalepartnarar. Hauge heldt samtalar med seg sjølv, som jazzpianisten Bill Evans.

Hauge kallar seg eit «kjellarmenneske», etter Dostojevskij. «Det er naudsynt å dikta, det er ikkje naudsynt å leva», skriv han.

Olav H. Hauge skjønte at han skulle skriva dagbok lenge før han forstod at han skulle vera diktar. «Eg har slegi meg på dikting», skriv Hauge ein dag i 1927, tre år etter at han byrja å skriva dagbok. 

Det er lett å gløyma at Hauge eigentleg var lyrikar i all denne ståheien rundt dagboka, romarar og amerikanarar. Det er uansett to sider av same sak. Han tok med seg dei amerikanske transcendentalistane, Emerson og Thoreau, inn i dikta sine òg.  

Det har ein eigenverdi at folk får skriva på det språket dei tenkjer på. Men lat det ikkje gå ut over tenkinga.

Det er ei jordnær tilnærming. Då kan ein seia slikt som: Ja, du lurer på kvifor dette grasstrået er verdifullt? Jau, no skal du høyra eit dikt om det, so forstår du. Grasstrået blir løfta opp, blir transcendent. Poeten fangar det i skriftleg form og sender det vidare. Med eitt får eit enkelt grasstrå ein kraftig verdi. Ein tidlaus verdi. Det blir, ja nettopp, poesi. 

Det er beint fram moderne og passar inn i vår tid. Men det skal me ikkje bry Hauge så mykje med. Han var ingen naturvernar. Når han ser skog, ser han skrift og dikt. Han ville aldri lenkja seg fast. Men han ville skriva under på at me bør forhalda oss til naturen på ein måte som gjer at han kan halda fram med å oppføra seg akkurat som før.

Etter møtet med sin store helt Thoreau undrar han i dagboka på om han kanskje heller burde skrive på engelsk. Språket var eit verktøy for han, det følgde med han då han blei fødd. Hauge var berre så passeleg interessert i nynorsk. For all del, han er ikkje imot, langt ifrå. Han tenkte, me har det, lat oss ta vare på det. Det har ein eigenverdi at folk får skriva på det språket dei tenkjer på. Men lat det ikkje gå ut over tenkinga. Tenking på tvers av tid og landegrenser. 

Hauge ville ikkje kalla den nylegaste nobelprisen i litteratur til han med ein stil som ikkje bør etterliknast, ein «nobelpris til nynorsken», som så mange andre gjorde. «Dei seier so, men eg veit ikkje eg», ville Hauge skrive i dagboka viss ho hadde hoppa til oktober 2023, trur Hide. Doktoranden har brukt så mange timar i dei 4000 dagboksidene at han har ein liten Hauge inni seg som rett som det er sprett opp og seier nettopp slikt: «Eg veit ikkje, eg».

Av Morten S. Smedsrud
Publisert 8. mai 2024 06:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere